
17 episodes

Heilt Sjef! Suldal Vekst AS
-
- Business
Velkommen til Heilt Sjef!
Dette er podcasten til Suldal Vekst, der me snakkar med inspirerande bedriftsleiarar, gründerar og andre spennande personar i Ryfylke. Me får historiane til menneske som har etablert og bygd bedrifter og arbeidsplassar, me diskuterer bedrifts- og næringsutvikling og korleis me ilag skapar eit aktivt og attraktivt bygdeliv.
-
Sparringspartneren om miljøleiing, bygdeliv og gründerskap
Odd Åge og Elisabeth i Sparringspartneren byggjer stein på stein og er på full fart inn i framtida. Me snakkar om miljøleiing og miljøfyrtårn og eit
næringsliv med fokus på forbetringsarbeid og det grøne skiftet. Om kva som skal
til for å byggje gode lag i ei nystarta bedrift og om at du ikkje treng å dra
til storbyen for å få spennande jobbar og ansvar. -
Du grøne glitrande….
Ryfylke har mange juletreprodusentar, og me tatt praten med ein av dei: Lena Nergård frå Myhre Juletregard og Norsk Juletreservice.
Ho og ektemann, Jan Magne Myhre, tenkjer meir eller mindre på jul heile året. Til slutt er juletrea å finne i heimar over heile landet, i Danmark, Tyskland, England og Nederland. Korleis er det å vere juletreprodusent der handelen skjer i løpet av nokre få veker kvart år? -
Kraftverkssjefen
Me har møtt Bjørn Sandvik, kraftverkssjef for Noregs og Nord-Europas største vasskraftanlegg, Ulla Førre.
Bjørn deler frå reisa si frå Erfjord, ut i verda og tilbake til heimbygda, me får eit innblikk i drifta ved kraftverket i Suldal og det blir også tid til å ta opp nokre av dei større kraftspørsmåla som ein står ovanfor i dag. -
Eventyret i galleriet på Hagalid er over, men Hanne og hennar bedrift, Ryfylke Glød, har meir å by på!
Ei driftig dame på plass i studio! Hanne Sundbø frå Ryfylke Glød er vår gjest, og har gått uredd inn i livet som bonde, som gründer og bedriftseigar, som offentleg planleggjar, som bedrifts- og etablerarrådgivar, og også som den aller første reiselivsdirektøren i Ryfylke.
-
Me finne nok ei løysing
Dette er kundeløftet til ei over 60 år ung familieverksemd i Suldal. Me har møtt dagleg leiar hjå Ola Fisketjøn As, Dag Fisketjøn.
-
Gründerane som har sett seg som mål å løyse den digitale floken for tante Bodil (72)
Me møter gründerane i Kakadu, Ingvild Erøy Prestårshus og Hege Fiskå.
Du får innsikt i kvinneleg gründerskap, og om kvardagen i ei oppstartsbedrift.
Kva skal til for å henge med i dei digitale svingane og tips og triks for å lukkast med eigen forretningside.