89 episodes

Firdaposten sin offisielle podcastside!

Firdaposten firdaposten

    • News

Firdaposten sin offisielle podcastside!

    Pensjonert urmann forlot bryllaup i fosterstilling med avrevet korsbånd og ei glass-Cola i stumpen

    Pensjonert urmann forlot bryllaup i fosterstilling med avrevet korsbånd og ei glass-Cola i stumpen

    Tempopodden fortset sin Florø-turné, og har denne gangen lagt anker i vakre Vågastubben. På altanen til tiårets keeper i FK Tempo, er nysigneringa Simen Reksten Solheim på besøk, for å preike om laust og fast i kveldssola.
    I dagens episode får lyttarane eit eksklusivt innblikk i Florø Fotballs «last dance» i OBOS, erfaringar frå byens mest tradisjonsrike fotballturneringar, historia om då Simen pensjonerte Eirik Bakke, og mykje meir! 
    I tillegg får ein svar på dei etterlengta spørsmåla: Kven selde sjela si for ein glass-Cola? Kva skjedde eigentleg når Ole rauk korsbandet? Og kven var denne urmannen som blotta seg til Keltisk musikk i Fagerdalen?

    • 1 hr 13 min
    Mann med mageproblem anmeldt etter å ha utført knebøy på Amfi

    Mann med mageproblem anmeldt etter å ha utført knebøy på Amfi

    I dagens episode, er Florøs most wanted invitert inn til sheriffens landsby på Amfisenteret.
    Det blir gastronomisk innspeling på byens beste saloon, utlysing av dusørpremie på ein dommer i Breimsbygda, og Tempos største mjauer blir satt i gapestokk.
    Siste pennestrøket på tiårets lag skal settast, med ein third act twist som sjølv M. Night Shyamalan må ta av seg hatten for.
    Tiårets trenar skal kårast, og vi får ein grundig gjennomgang av karriera til Dani Winther.
    I tillegg blir det nye forviklingar frå bingen, råd mot underlivsproblemer, Teddy Sheringhams møte med ein ufyseleg nordmann, og mykje meir!

    • 1 hr 39 min
    Sjøormen Thunes fikk smultring av uegoistisk spiss

    Sjøormen Thunes fikk smultring av uegoistisk spiss

    Tradisjonen tru, har byens mest prominente innbyggjarar samla seg på Florø stadion når nasjonaldagen lir mot kveld. Apropos tradisjon, må det sjølvsagt rettast opp i feil frå forrige podcast. Det bydast også på kontroverser, samt den faste dosen med generell pisspreik.
    Denne gangen er det krumtappen i eit kvart lag, nemleg angrepet, som skal kårast i anledning tiårets lag for FK Tempo. Her er det sylskarp konkurranse blant notoriske måljegera og påståtte tilretteleggjera. Blir det som i glansdagane, der det i realiteten berre var sju ledige plassa å kjempe om, eller har Tempomafiaen stempla ut siste ruta i klippekortet? Kven av kandidatane har gått frå sexylubben til tynn, og omvendt? Kven har måtte finne seg i å vike plass for ei tidlegare Bodø Glimt-legende? Kven har som fast kamprituale å smuge på sidelinja før kamp? Dette, og mykje meir, får du svaret på i dagens episode!
    I tillegg til dette, blir det velkjente sleivspark oppover, oppsummering frå Tempohistoriens første pandemi-tilrettelagte fotballtrening, oppdatering frå Breivika og kanskje litt meir.

    • 1 hr 35 min
    Bortvist frå garden av søstera til tidlegare Facebook-venn

    Bortvist frå garden av søstera til tidlegare Facebook-venn

    I dagens episode, har Kristian sett seg lei av rolla som podcastens nikkedukke, og tar bladet frå munnen for å dele ut noken pisselunkne kraftsalver.
    Benjamin kjem med siste nytt om passion-prosjektet han har omtalt som sitt fjerde barn (les: ballbinge i Breivika), og like sikkert som at julafta kjem kvert år, blir det også oppklaringar av faktafeil frå forrige episode.
    Jakta på kven som har gjort seg fortent til ein plass i midtbanefiraren på tiårets lag, blir grundig gått etter i sømmane, så om du er ein av dei som synes at både oppvask for hånd, gjennomgang av skattemelding og tørrprat med svigers framstår som meir fristande enn å høyre ein nøye gjennomgang av 34 heilt OK fotballspelera, er nok ikkje dette episoden for deg. Vi kan dòg freiste med at det sniker seg inn både gode historier og juicy gossip iløpet av evalueringsprosessen. Veit du til dømes kven av kandidatane Kristian angjeveleg har prøvd seg på søstera til, eller kven av dei som har sletta Benjamin som venn på Facebook? Svaret får du her!
    Avslutningsvis vart det akkurat tid til nokre kritiske ord om Florø fotball, før krampetrekkinga meldte seg i både sete- og snakkemuskulaturen

    • 1 hr 18 min
    Utakknemleg keeper stjal rampelyset etter å ha tapt mot Abid Raja i Viggo

    Utakknemleg keeper stjal rampelyset etter å ha tapt mot Abid Raja i Viggo

    Etter ei dramatisk uke med interne intriger og høglytt kjekling (over internett), er det blitt røyka fredsipe og harmonien har returnert til Tempopodden.
    Tiårets lag velger seg ikkje sjølv, og denne gangen er det forsvarsfiraren som står for tur. Er du over gjennomsnittleg interessert i å høyre oppramsing av navn, er dette episoden for deg! Den prominente lista over aktuelle kandidater, inneholder mellom anna kongen av Sjøboden, Bulmer-poeten, Dingsen og Sigøynerkongen.
    I tillegg til dette, blir det sendt eit par stikk i retning Florø fotball sine siste krumspring på sosiale medier den siste tida, tilbakemeldinger på innsatsen til forrige ukes gjester og Benjamin tar seg ein tur opp på såpeboksen for å dele ut ris i "Korona vs fotball" -debatten.

    • 1 hr 21 min
    Åge Hareide observert i Breivika med bursdagsbarnet Kristian Vårdal (37 år)

    Åge Hareide observert i Breivika med bursdagsbarnet Kristian Vårdal (37 år)

    The dead speak! Tempopodden er stått opp frå dei døde, dryge to veker etter Jesus. Back to basic: to mann i studio, berre ein omgang, og nesten nede i haldbar lengde.
    I denne episoden, kickstartast jakta på tiårets lag i FK Tempo, og keeperplassen skal først i elden. Det blir gjennomgang av alle som har teke på seg seg ut på den utakksame oppgåva med å stå bak eit vaklevore sjettedivisjonslag dei siste ti åra, med betraktningar, vurderingar, og tilhøyrande anekdotar.
    I tillegg til dette, blir det current news frå Breivika, ein sensurert telefonsamtale, og gjestevisitt frå to av det norske landslagets mest meritterte menn.

    • 1 hr 10 min

Top Podcasts In News

5:59
Seznam Zprávy
Vinohradská 12
Český rozhlas
Vlevo dole
Seznam Zprávy
Kecy a politika
Bohumil Pečinka, Petros Michopulos
Hlas na poušti Milana Mikuleckého
Novinky.cz
Studio N
Deník N