2 Folgen

Ein podcast for deg som vil læra historie.

Det var ein gong Nettskulen.no

    • Kurse

Ein podcast for deg som vil læra historie.

    Hitler sin veg til makta

    Hitler sin veg til makta

    Korleis kunne Adolf Hitler, ein tyrann som stod bak det største folkemordet i historia, koma til makta i eit demokratisk land?



    Test deg sjølv:

    Kartet viser landområda som Tyskland tapte i 1919, når dei måtte akseptera Versaillestraktaten.  kontrollert av Folkeforbundet  lagt under eller overført til naboland gjennom Versaillestraktaten, eller etter folkeavstemmingar eller vedtak i Folkeforbundet  WeimarrepublikkenIllustrasjon: 52 Pickup
    Årsaker:
    Det tyske folket var sinte og frustrerte over dei strenge krava i Versaillestraktaten, der Tyskland skulle redusera militæret sitt kraftig, gje frå seg store landområde og betala store krigsskadeerstatningar.
    Hitler og nazistane utnytta sinnet og frustrasjonen blant folket, og lova gjenreisa Tyskland si ære og storheitstid.
    Etter det mislukka ølkjellarkuppet bestemte Hitler seg for å jobba hardt for å koma til makta i Tyskland på lovleg vis.
    Hitler var ein god retorikar, og nytta dei retoriske appellformene til å skaffa seg støtte hjå tyske innbyggjarar.
    Auka arbeidsløyse grunna børskrakket i 1929 og den økonomiske verdskrisa førte til at frustrasjonen auka.
    Hitler utnytta brannen i Riksdagen til å forfølgja og fjerna politiske motstandarar.
    God valoppslutnad for nazist-partiet i 1932, gjorde at Hitler greidde å forhandla seg til leiarvervet som rikskanslar.
    Då rikspresident Hindenburg døydde blei det ikkje skrive ut nyval, og Hitler tok like gjerne berre over hans verv òg.
    Etter kvart utnytta Hitler svakheitene i Weimar-grunnlova til å gje seg sjølv meir makt, mellom anna ved at presidenten kunne vedta pålegg og ordningar som svekka innbyggjarane sine rettar.
    Verknader:
    Hitler var ein populær leiar, og fekk gjort mykje bra for å mellom anna gjenreisa tysk økonomi, militærvesen, industri og teknologi.
    Hitler og nazistane sitt menneskesyn, og spesielt hatet mot jødane, førte til det mest omfattande folkemordet i historia – Holocaust – som tok livet av om lag 6 millionar menneske.
    Hitler danna alliansar med andre totalitære regime, mellom anna Spania (Franco), Italia (Mussolini) og Sovjetunionen (Stalin).
    Etter kvart invaderte nazi-Tyskland nabolanda Austerrike og Tsjekkoslovakia. Då Tyskland okkuperte Polen hausten 1939, kunne ikkje lenger Storbritannia og USA berre vera tilskodarar, og erklærte starten på den andre verdskrigen.
    Fordjupingsoppgåver:
    Korleis blei resultatet av den første verdskrigen brukt av Hitler og nazistane til å ta makta og få støtte blant det tyske folket?
    Ved å bruka retorikk som utnytta sinne og frykt hjå innbyggjarane sine, var Hitler i stand til å koma til makta i eit demokratisk land. Kvifor er denne retorikken så effektiv til å skaffa seg støtte? Finst det eksempel på bruk av denne retorikken i dagens samfunn, som viser teikn på at dette kan skje igjen?
    Kva kan gjerast for å forhindra at ekstreme haldningar, som eksempelvis nazisme eller rasisme, får koma til makta i eit kriseramma land som har representativt demokrati?
    Drøft denne påstanden: Det er ein rasistisk trend å skulda på innvandrarar for å forklara ulike problem i eit samfunn, og det blir enklare å koma til makta viss ein skaper splitting mellom innbyggjarane og minoritetar.
    Grei ut om kva Hitler gjorde bra for Tyskland.
    Korleis gjorde den økonomiske verdskrisa det mogleg for nazistpartiet å få makt i tysk politikk? Ville Hitler vore i stand til å gjera det han gjorde, viss den økonomiske verdskrisa ikkje hadde skjedd? På kva andre måtar kunne Hitler ha skaffa seg støtte?
    Kjelder:
    Gendler, Alex og Hazard, Anthony.

    • 5 Min.
    Cubakrisa

    Cubakrisa

    Verda har truleg aldri vore nærare atomkrig enn under Cubakrisa hausten 1962.
    USA prøvde å fella den nye kommunist-regjeringa på Cuba, og Cuba svarte med å alliera seg med Sovjetunionen. Då Sovjetunionen plasserte atomvåpen på Cuba, svarte USA med å blokkera skipstrafikken til Cuba, og situasjonen blei endå meir anspent. Dommedagsklokka viste eitt minutt på midnatt, og det skulle bli diplomati, forhandlingar og litt flaks, som redda verda frå atomkrig.
    «USA til full blokade av Cuba. Alle skip skal blir kontrollert.» – Aftenposten, 23.10.1962
    «Sovjet i alarmberedskap. Ordre om full bemanning av alle rakettbaser i øst.» – Nordlys (Tromsø), 24.10.1962
    «Løsning på Cuba-krisen er i sikte. Khrusjtsjov på retrett: Nedlegger sine baser.» – Aftenposten, 29.10.1962

    


    Verdskartet viser alliansane under den kalde krigen i 1959.   medlemsland i NATO
       andre allierte av USA
       koloniar
       medlemsland i Warszawapakta
       andre allierte av Sovjetunionen
       nøytrale nasjonarIllustrasjon: Sémhur
    Årsaker:
    Maktkamp og eit spent forhold mellom USA og Sovjetunionen etter den andre verdskrigen: Ingen grunnlag for å halda saman når den felles fienden (Nazi-Tyskland) var bekjempa, usemje om behandlinga av Tyskland, Sovjetunionen tvang dei austeuropeiske landa til å bli kommunistiske
    Våpenkappløp og truslar om atomkrig: USA hadde fleire missilar enn Sovjetunionen, og Sovjetunionen følte seg truga av at USA kunne nå dei frå missilbasar i Italia og Tyrkia, mens dei sovjetiske missila ikkje kunne koma seg utanfor Europa.
    Cuba blei kommunistisk: Fidel Castro tok makta i Cuba, og slik kom «den raude faren» endå nærare USA enn nokon gong tidlegare. Cuba og Sovjetunionen skreiv i 1960 under ein avtale om at Cuba skulle produsera sukker til Sovjetunionen, og få maskinar, våpen og pengar tilbake frå Sovjetunionen.
    Invasjonen av Grisebukta: I 1961 prøvde USA å invadera Cuba, for å fella kommunist-regjeringa, men denne aksjonen blei heilt mislukka.
    Sovjetunionen plasserer atomrakettar på Cuba: Fidel Castro fryktar nye angrep frå USA, og ber om hjelp av Sovjetunionen, som plasserer fleire atommissil på Cuba. Desse missila har rekkevidde til å nå amerikansk jord, noko som ikkje har vore mogleg tidlegare.
    Verknader:
    Tettare kontakt mellom leiarane i USA og Sovjetunionen, mellom anna med direkte telefonlinje mellom Det kvite huset (Washington, D.C.) og Kreml (Moskva), for å avklara eventuelle misforståingar.
    Khrusjtsjov tapte mykje status i Sovjetunionen, mens Kennedy sin status auka i USA.
    Sovjetunionen, USA og Storbritannia skreiv i 1963 under på ein avtale om forbod mot prøvesprenging med kjernefysiske våpen i atmosfæren, det ytre verdensrommet og under vatnet. Seinare blir òg ikkjespreiingsavtalen for atomvåpen vedtatt. Avtalen betydde at berre USA, Sovjetunionen, Storbritannia, Frankrike og Kina fekk lov til å ha atomvåpen, men måtte avskaffa desse på sikt, og ingen nye statar skulle få skaffa seg atomvåpen.
    Forholdet mellom USA og Cuba var anstrengt i fleire tiår etter Cuba-krisa. USA nekta å handla med Cuba, og prøvde å få andre land til å gjera det same. Då Barack Obama var president i USA jobba han for å betra forholdet mellom dei to landa, men då Donald J. Trump tok over som president i USA, fekk han USA til å gå tilbake på fleire at tiltaka som Obama fekk gjennom.
    Test deg sjølv:

    Fordjupingsoppgåver:
    Somme historikarar er usamde om kvifor Khrusjtjov eigentleg ville plassera atomvåpen på Cub

    • 5 Min.

Top‑Podcasts in Kurse