64 afleveringen

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendommen og før naturvitskap og psykologi? Vi skal særleg snakke om førkristen norrøn religion, samisk religion og det som blir kalla folketru, gjerne med ei eksistensiell vinkling. Eg som står bak er Eldar Heide, professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. Det blir samtalar mellom meg og lekperson Gry Offernes og intervju med forskarar frå dei ulike faga som dekker feltet. Vi vinklar det mot forsking og held oss tett på kjeldene. eldar.heide@gmail.com

Tru og meining i gammal tid Eldar Heide

    • Geschiedenis

    64. Kvifor fascinerer historia? Intervju med journalist Øyvind Arntsen, ex "Museum"

    64. Kvifor fascinerer historia? Intervju med journalist Øyvind Arntsen, ex "Museum"

    Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i gammal tid? Dagens svar kjem frå ein som jobba som journalist med sånne tema i 20 år. Øyvind Artnsen deler nokre høgdepunkt og tankar frå denne perioden med oss.
    Innspela på Ås 22.12.2023

    • 49 min.
    63. Plantar i gammalnordisk medisin, kult og myte. Samtale med arkeobotanikar Jens Heimdahl

    63. Plantar i gammalnordisk medisin, kult og myte. Samtale med arkeobotanikar Jens Heimdahl

    Mat må vi ha for å leva, og mykje mat får vi frå
    plantar, både vi og husdyra våre. Men plantar har òg ei rolle i kult, medisin og myte. Korleis dette var i Norden i gammal tid, får du høyre litt om her.

    Stikkord: Lækjeurter, læknisgras, medisinplante, romarane, krydder, groblad, ryllik, kamille / kamomill, bulmeurt
    / villrot / bolmört, ølbrygging, pors, skvattram, humle, røsslyng / ljung, mjødurt, lauk / lök, kvitlauk / vitlök, knollhestehavre / knylhavre, lin / hør, grønsaker, hagebruk / trädgårdsbruk, fruktdyrking, planteforedling, epletre, eplemost, Oseberg-grava, valnøtter, hassel, misteltein, tistel, þistill – mistill – kistill, gullsigd, flògrogn / flygrön, tysbast / tibast, kvann, blokkebær / odon, solbær / distron / tistron / svarta vinbær.

    Innspela i Stockholm 26.4.2024

    • 1 u. 44 min.
    62. Språkmøte på vikingferder. Samtale med språkhistorikar Kristin Bech

    62. Språkmøte på vikingferder. Samtale med språkhistorikar Kristin Bech

    Kunne vikingane snakke med folk i landa dei kom til, i vest, sør, aust eller nord? Forstod folk i dei landa nordisk? Kunne vikingane andre språk? Eller var det språk som var gjensidig forståelege? Framstiller litteraturen det kanskje som om språkbarrierar ikkje eksisterte?

    Andre stikkord: dǫnsk tunga, lingua franca, fransk, latin, frisisk; nordiske vikingtidslånord i engelsk, irsk, fransk og russisk; samisk, Bjarmeland, Ottar frå Hålogaland, kong Alfred, urnordiske lånord i finsk, nordiske stadnamn i England, Kongsspegelen, Kongespeilet, Soga om Gunnlaug Ormstunge, Leiðarvísir, Odd munks soge om Olav Tryggvason, Grágás, fornaldersoger, vendarane, babelfisk, the Hitchikers Guide to the Galaxy, kontrafaktisk historie, slaget ved Edington 878, Stamford Bridge 1066, Harald Hardråde, Matthew Townend.

    Innspela i HVLs Medielab 4. januar 2024.

    • 1 u. 21 min.
    61. Samisk offertradisjon som framleis lever. Intervju med tradisjonsberar Tom Kappfjell

    61. Samisk offertradisjon som framleis lever. Intervju med tradisjonsberar Tom Kappfjell

    Samane vart offisielt kristna på 16-1700-talet. Men i skjul levde mykje av religionen vidare ei tid, i visse miljø, og visse element i religionen har overlevd til i dag. Det er særleg offertradisjon. Den snakkar vi om i denne episoden, med ein som står i tradisjonen.

    Stikkord: Sørsamis religion, levande offertradisjon, landskap, offersteinar, heilage fjell, takkeoffer, samemisjonen, religionsfridom, reindrift, fornorsking.

    Innspela på Ås 7. november 2023.

    • 2 uur
    60. Var bygdeborgene kultanlegg? Intervju med arkeolog Jan-Henrik Fallgren

    60. Var bygdeborgene kultanlegg? Intervju med arkeolog Jan-Henrik Fallgren

    Vi har alltid lært at bygdeborgene var forsvarsanlegg som folk i omlandet kunne søke tilflukt i når det kom ufred - så kunne dei forsvara seg der. Men kanskje var det snarare kultanlegg, samlingsstader for byda, litt som kyrkjene i seinare tid? Her får du høyre eit innlegg for det synet.

    Andre stikkord: Öland, Eketorp, Ismantorp, Skedemosse, Hjerteskeppet, Odensala prästgård, Torshälla, hillforts, Irland, England, Kontinentet, Cæsar, Alesia, Delphi, ringforma tunanlegg, Sandtorg, tingstader, hesteløp, skeid, fågelskådning.

    Innspela 5. mars 2024.

    • 1 u. 21 min.
    59. Barneleik før og no. Samtale med kulturhistorikar Audun Kjus

    59. Barneleik før og no. Samtale med kulturhistorikar Audun Kjus

    Kva er leik? Kva funksjon og meining har leik, i livet og samfunnet vårt? Korleis blir leikar overførde til nye generasjonar? Korleis oppstår leikar? Kor gamle er dei sentrale leikane våre? Kva skilnad er det på barne- og vaksenleik? Finst det leikforsking? Kva seier i så fall den? Og…korleis går det med tradisjonell leik i dag?

    Innspela på Bygdøy 6. mars 2024.

    • 1 u. 56 min.

Top-podcasts in Geschiedenis

Veldheren Historisch
Mart de Kruif, Tom de Kruif / Corti Media
Geschiedenis Inside
Tonny Media
Monsters in het bos
NPO Luister / KRO-NCRV
Mina & Mevrouw
NPO Radio 1 / VPRO
FOUT
Rick Blom, Tijmen Dokter / Corti Media
Geschiedenis voor herbeginners
Jonas Goossenaerts, Filip Vekemans, Benjamin Goyvaerts, Laurent Poschet

Suggesties voor jou

Gamle greier
Nasjonalbiblioteket
Historier Som Endret Norge
Gjenklang & Acast
Historiepodden
Moderne Media og Untold
Rekommandert
HENRI & Acast
Historier Som Endret Verden
Gjenklang & Acast
Wolfgang Wee Uncut
Wolfgang Wee