8 episodes

Kva hende på Moster i 1024? Var det her Olav den heilage og hans biskop Grimkjell overtyda nordmenn om at kristendomen skulle vere den einaste tillate religionen i Noreg? Var det her dei grunnleggande reglane for kyrkje- og kongemakta blei debattert og skrive ned? Markerer Moster skiljelinjene der ville vikingar blei til lovlydige nordmenn? Eller var det noko heilt anna som skjedde? Ved terskelen til 1000-årsjubileet for innføringa av Kristenretten i 2024, bør vi reflektere over kva som eigentleg skjedde for tusen år sidan. Vi må sjå forbi mytane og forenklingane, gå til kjeldene og leite oss fram til kva vi faktisk veit om overgangen til kristendomen. Kor kom denne kristenretten som skal ha blitt vedtatt på Moster i 1024 frå? Podcasten er støttet av Fritt Ord.

Anno 1024 Moster 2024

    • History
    • 4.4 • 10 Ratings

    Biskop Grimkjell

    Biskop Grimkjell

    Grimkjell var ein av biskopane som var ein del av fylgjet til Olav den heilage. Grimkjell hadde truleg ei sentral rolle då kristenretten vart satt på Mostertinget, men var også ein viktig bidragsytar i olavskulten som utvikla seg i etterkant av Olav sin død. «Uten Grimkjell, ingen Hellig-Olav», har det blitt sagt. Men kva veit vi eigentleg om denne Grimkjell, og kva for kjelder har vi til livet hans? Ein samtale mellom dei to mellomalderhistorikarane Steffen Hope og Torgeir Landro.

    • 59 min
    Kva med samane i 1024?

    Kva med samane i 1024?

    Kva følgjer fekk religionsskiftet i Noreg ikring år 1000 for samane? Dei vart ikkje tvangskristna, i staden vart den felles samiske identiteten sterkare i møte med den nye kongemakta. Ein samtale med førsteamanuensis Miriam Tveit ved Nord universitet, og professor i arkeologi ved Universitetet i Tromsø, Bjørnar Olsen.

    • 1 hr 1 min
    Ulovleg seksualitet før og etter kristninga

    Ulovleg seksualitet før og etter kristninga

    Endra synet på seksualitet seg etter kristninga på 1000-talet? Ære og skam i det norrøne samfunnet møter den kristne synda. Om synd, onani, ekteskap og skilsmisse. Om korleis synet på kroppen var vanskeleg å forstå på tvers av dei to religionane. Øystein Morten samtaler med dei to mellomalderhistorikarane Bjørn Bandlien og Anne Irene Risøy.  

    • 1 hr 1 min
    Barneutbering, barsel og kvinners kår

    Barneutbering, barsel og kvinners kår

    Religionshistorikaren Gunhild Røthe og Øystein Morten samtaler om dei konkrete skikkane og reglane som styrte folkereligionen før og etter kristninga med fokus på barneutbæring, magiske ritual ved fødsel, barsel (barns øl), Maria-graut og kvinnekroppen etter fødselen i kristen tid.

    • 42 min
    Kva trudde folk i Noreg på før og etter 1024?

    Kva trudde folk i Noreg på før og etter 1024?

    Kva skjer med eit samfunn som skifter religion? Denne episoden handlar om religionen i Noreg før og etter 1024. Om kultens rolle i det gamle norrøne samfunnet og kva som skjedde då ein internasjonal frelsesreligion sveipte over landet. Synet på menneska endra seg, naturen endra seg, oppfatninga av tida endra seg, men mykje vart òg med over i den nye trua, mellom anna synet på øldrikking som noko heilagt. Ein samtale mellom religionshistorikaren Gro Steinsland og teologen Torstein Jørgensen. Samtalevert er mellomalderhistorikaren Anna Elisa Tryti.  

    • 1 hr 5 min
    Kristninga som ei hending i Knuts Nordsjøimperium

    Kristninga som ei hending i Knuts Nordsjøimperium

    Den engelske mellomalderhistorikaren Timothy Bolton meiner at eit dødsfall i England i 1023 kan ha ført til innføringa av kristenretten i Noreg året etter. Han peikar òg på at heilagegjeringa av Olav Haraldsson nokre år seinare handla om politisk propaganda arrangert av Knut den mektige. Samtalevert er den kjente svenske mellomalderhistorikaren Anders Winroth.

    • 58 min

Customer Reviews

4.4 out of 5
10 Ratings

10 Ratings

Top Podcasts In History

Historier Som Endret Verden
Gjenklang & Acast
The Rest Is History
Goalhanger Podcasts
Med egne øyne
Bauer Media
Historier Som Endret Norge
Gjenklang & Acast
Dømt
Nasjonalbiblioteket
Baneheia
Lyder Produksjoner via Acast

You Might Also Like

Historier Som Endret Verden
Gjenklang & Acast
Morgenbladets podkaster
Morgenbladet
Den politiske situasjonen
Dagens Næringsliv & Acast
Forklart
Aftenposten
E24-podden
E24