15 episodes

Po​r​trettserie. Ein jury har kåra dei 15 mest typiske vestlendingane for BT.

Dei 15 mest vestlandske vestlendingane Bergens Tidende

    • Society & Culture

Po​r​trettserie. Ein jury har kåra dei 15 mest typiske vestlendingane for BT.

    Madam Felle

    Madam Felle

    Ho hadde "øl te selle", budde i Sandviken og var i nær familie med Jonnemann, men kven var Madam Felle?
    Faktisk er det fleire kandidatatar til denne mytiske tittelen. Bli med å løysa dette gamle bergensmysteriet, og bli kjent med Jonnemann, som var litt av ein luring!
    Madam Felle er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.

    • 27 min
    Helge Møgster

    Helge Møgster

    Som liten drøymde Helge Arvid Møgster om båtar. 14 år gammal tente fiskaren over ei årsinntekt på ein sommar. Mangemilliardæren har eit års utdanning og styrer imperiet bygd på fisk og olje frå Storebø i Austevoll.
     
    Han slo seg opp saman med broren Ole Rasmus, og alt gjekk på skinner då den verst tenkelege beskjeden kom.
     
    Helge Møgster er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen. 

    • 33 min
    Leo Ajkic

    Leo Ajkic

    Han var elleve år då han kom til Bergen som flyktning. Draumen var å bli proff basketstjerne, eller driva kebab i Bergen.
     
    Om nettene selde Leo og foreldra gatemat utanfor utestadene i Bergen for å skaffa pengar. Han slo seg opp som TV-profil på BTV med det kontroversielle "kattekastet", og han var fødselshjelpar for artistar som Lars Vaular og John Olav Nilsen. I 2017 fekk han Fritt Ords honnørpris for dokumentarserien "På flukt".
     
    I denne episoden blir vi med Leo heim til Løvstakk-sida i Bergen. Leo Ajkic er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.
     

    • 29 min
    Wilhelm Christie

    Wilhelm Christie

    Han kunne blitt statsminister, men avslo. Wilhelm Christie ville heller bu i Bergen.
    Hausten 1814 var han strategen som avverga krig med svenskane. Samtidig sikra han at Noreg fekk behalda den nye grunnlova si.
    Seinare grunnla han Bergens Museum, som er forløparen til Universitetet i Bergen. Christie var evig ungkar, men hadde to søner utanfor ekteskap frå studietida i København. Då mora til sønene døydde, måtte han ta eit val.
    Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849) er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.

    • 28 min
    Ivar Aasen

    Ivar Aasen

    Han reiste land og strand rundt i 24 år for å spørja framande om å få høyra på når dei snakka. Nynorskens far, Ivar Aasen, gav nordmenn sitt eige språk.
    I denne episoden kan du høyre om pipekonsertar, bokbål og drapstruslar, men også om kor viktig det nynorske språket er for mange.
    Som lita var forfattaren Gunnhild Øyehaug overtydd om at ho var Ivar Aasen reinkarnert.
    Ivar Aasen (1813-1896) er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen.

    • 36 min
    Agnes Ravatn

    Agnes Ravatn

    I fem år strevde Agnes Ravatn med neste roman. Først då ho fekk ein alvorleg diagnose, kom inspirasjonen tilbake. I denne episoden fortel ho også om e-posten frå Jon Fosse som sporenstreks fekk henne til å trekkja seg frå ei tv-satsing med Harald Eia og Bård Tufte Johansen. Forfattaren og journalisten Agnes Ravatn er kåra til ein av "Dei 15 mest vestlandske vestlendingane" av BT-juryen. 

    • 29 min

Customer Reviews

Kjetig ,

Topp podkast

Dette var kjekt å høre på.

Jon Tufto ,

Lovende start!

Gleder meg til resten.

Safarilars ,

Gleder meg til fortsettelsen!

Dette var knall fra flinke folk.

Top Podcasts In Society & Culture

Listeners Also Subscribed To