13 episodes

Korleis såg verda ut då Magnus Lagabøte bygde norsk stat og rettsstat, og reformerte norsk rett og samfunn med Landslova av 1274? Dette er tema for podkastserien Lagapodden, der programleiar Jørn Øyrehagen Sunde, saman med ein ny gjest kvar veke, tek utgangspunkt i Landslova og prøver å gi eit bilete av Norge og Europa i høgmellomalderen. I denne sesongen spør vi fyrst kva det norske veldet var, og dermed i kva geografisk område Landslova vart brukt. Kva idéstraumar prega Noreg og Europa i denne tida? Kva var forholdet mellom kongsmakt og kyrkjemakt, og kva var kanonisk rett – den retten som vart nytta i kyrkja sine domstolar? Korleis var samfunnsverdiane i endring mellom Olav den Heilage og Magnus Lagabøter? Og ikkje minst: kven var kong Magnus Lagabøter eigentleg?
Lagapodden er produsert av Nasjonalbiblioteket. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.

See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

Lagapodden Nasjonalbiblioteket

    • History
    • 4.6 • 17 Ratings

    Kva er eit mellomaldermanuskript?

    Kva er eit mellomaldermanuskript?

    Den Landslova som vart gjeven i 1274, har vi ikkje bevart. Eldste Landslovsmanuskriptet er frå om lag 1300, og så har vi nesten 40 andre manuskript som er skrivne mellom 1300 og 1350. Kva er eit mellomaldermanuskript for noko og korleis vart dei laga i mellomalderen, kva anna materiale inneheld Landslovsmanuskripta, kven skreiv, kva språk er dei skrivne på, kva har gjort at nokre manuskript er bevart heilt fram til i dag, og korleis brukar vi dei bevarte manuskripta når vi skal rekonstruera Landslova av 1274?
    See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

    • 32 min
    Dei norske byane og Bylova av 1276

    Dei norske byane og Bylova av 1276

    Landslova av 1274 regulerte forholda på landet. I 1276 gav Magnus Lagabøter ei Bylov for Bergen, som seinare vart nytta av dei noko over 10 norske byane. Her finn ein reglar om særleg handel og spesielle byforhold som brann, vakthald, laste og lossereglar, og så vidare, ved sida av mange reglar som var like for land og by. Men kva norske byar fanst på siste halvdel av 1200-talet, kva gjorde at kongen gav lover for byane, i kva grad fall lov og rett for by og land saman og i kva grad var det faktisk skilt frå kvarandre i praksis?
    See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

    • 35 min
    Hirda, Hirdskrå og dei som styrte Norge

    Hirda, Hirdskrå og dei som styrte Norge

    Landslova av 1274 regulerte mange samfunnsforhold i ein mellomaldersk forstand. Ein skal likevel ikkje overdriva styringskrafta til lovboka. For det fyrste vart ein god del regulert gjennom andre ordningar. Ikkje minst kongen sin sentraladministrasjon vart regulert gjennom Hirdskrå, som ein nesten kan rekna som ei eiga lovbok ved sida av Lands- og Bylova, gjeven av Magnus Lagabøter. For det andre var bruken av Landslova delvis i hendene på lokale nemndemenn, som stod fjernt frå sentraladministrasjonen. Kva var eigentleg kongen sin sentraladministrasjon, kva reglar gjaldt for denne, og kva funksjon hadde dei lokale nemndemennene i rettspleia?
    See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

    • 35 min
    Kva samfunnsideologiar prega Norge på 1200-talet?

    Kva samfunnsideologiar prega Norge på 1200-talet?

    Kongsspegelen var eit danningsverk som – sett på spissen – var skrive som ein styringsmanual for ein framtidig monark. Det var skrive omlag på den tida då Håkon ung døydde, og den yngre broren Magnus rykka opp som tronarving. Den seinare kong Magnus Lagabøter må difor som ung mann ha vorte kjent med Kongsspegelen. For mange av dei grunnleggjande tankar og idear som pregar Landslova av 1274, er alt formulert i dette danningsverket. Korleis plasserer Kongsspegelen seg i den europeiske tradisjonen for slike danningsverk, kva idear og tankar om stat og statsstyre vert uttrykt der, og i kva grad vart desse ideane og tankane realisert i det norske riket frå andre halvdel av 1200-talet?
    See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

    • 29 min
    Kva var tinget?

    Kva var tinget?

    Landslova av 1274 representerer ikkje byrjinga på rettsleg regulering i det norske riket. Heller tvert om – det fanst alt ein solid og lang rettstradisjon som Landslova kunne byggja vidare på. Sentralt i denne rettstradisjonen stod tinget. Dei viktigaste mellom tinga var lagtinga Gulating for Vest- og seinare Sørlandet, Frostating for Midt- og seinare Nord-Norge, Eidsivating for indre Austland og Borgargarting for området rundt Oslofjorden og nedover til Gøta elv. Men når vart lagtinga organisert, kven var det som møtte på tinget, korleis vart saker avgjort, og korleis plasserte tinget seg i det meir allmenne styringsmaktslandskapet i mellomalderen?
    Professor emerita Else Mundal, UiB og professor Jørn Øyrehagen Sunde, UiO

    See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

    • 31 min
    Kva kan lovene fortelja oss?

    Kva kan lovene fortelja oss?

    Litt enkelt sagt finst det to sentrale kjelder til norsk mellomalderhistorie fram til 1300-talet, og det er sagalitteraturen og dei meir reindyrka historieframstillingar, og så er det lovene. Frå rundt 1300 vert kjeldematerialet langt rikare, og ikkje minst får ein mengder med mellomalderbrev som ei meir kvardagsnær kjelde. Men kva fortel lovene oss om Norge i mellomalderen? Spegla lovene samfunnet slik det var eller slik ein ønskte det skulle vera? Var norske samfunnsforhold så spesielle at lovene var annleis enn dei vi finn andre stadar i Europa? Og kva kan faktisk rettspraksis fortelja oss om korleis lovene fungerte?
    Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og professor Jørn Øyrehagen Sunde, UiO

    See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

    • 33 min

Customer Reviews

4.6 out of 5
17 Ratings

17 Ratings

Top Podcasts In History

You Might Also Like