11 episodes

Endre OIsen og Terje Jensen i Olsen & Jensens viseklubb på Stord drøser om musikk - og litt anna.

Olsen & Jensens visepod Olsen & Jensens viseklubb

    • Music

Endre OIsen og Terje Jensen i Olsen & Jensens viseklubb på Stord drøser om musikk - og litt anna.

    I Vågen hos Erik Moll

    I Vågen hos Erik Moll

    Erik Moll tar oss med langs sitt livs musikalske landeveg, frå Wisconsin på 50-talet til Hornelandsvågen i dag. Me stoppar mellom anna i Bergen, San Fransisco, København og Austin TX, helsar på Jerry Garcia og Willie Nelson og opplever calypso-feber på Torgallmenningen.

    • 46 min
    Heime hos Solgull Rennemo

    Heime hos Solgull Rennemo

    Dei aller fleste som har eit forhold til musikk i fysisk format på Stord, har også eit forhold til platebaren til Solgull Rennemo. Det starta på Narvesen i 1974, før ho fekk sin eigen platebar på Stord senter i 1985. Visepodden tok turen til Haga for å høyra meir om Solgull si historie. Me var mette og blide då me gjekk derifrå.

    • 37 min
    Heime hos Ole Jacob Hystad

    Heime hos Ole Jacob Hystad

    Verdas hyggelegaste saksofonist kjem frå Stord. Ole Jacob Hystad tok godt imot Olsen & Jensen heime i øvingsrommet på loftet i Aslaksvikjo. Her kan du høyra resultatet.

    • 38 min
    I Sagvåg med Jørn Olav Myhre

    I Sagvåg med Jørn Olav Myhre

    Då Jørn Olav Myhre vaks opp i Sagvåg, skulle ein helst ikkje visa at ein spelte i band, iallfall ikkje overfor jenter. Difor kom han og kompisane på skrøner som at dei skulle til sløyden og jobba litt, når dei eigentleg skulle på øving. Olsen & Jensen inviterte seg sjølv til beste vestkant – på nyopna Heistårnet Pub – for å bli betre kjend med den smilande bassisten. Det blei ei tvers gjennom hyggeleg stund.

    • 56 min
    På Kringlo med skohandlaren

    På Kringlo med skohandlaren

    Denne nye, spontane sendinga er frå Kringla konditori i Borggata på Stord. Olsen gjekk frå Springsteen-bootsa sine på eit lugubert hotell i Bergen i samband med Paul McCartney-konserten tidlegare i sommar. Me har hanka inn skohandlar Einar Hillestad – som tok med seg boots-katalogen – for å skaffa Olsen nytt fottøy. Visste du forresten at Hillestad er den einaste mopparen i landet som har blitt utvist? PS! Carola har fylt 50 år sidan sist.

    • 28 min
    Sommarregn på Osvald pub

    Sommarregn på Osvald pub

    I ei intens regnbye onsdag kveld, sat Olsen & Jensen i den innerste kroken på Osvald pub og drøste fram ny episode: Olsen & Jensens spontane (og relativt innhaldslause) sommarpod. Utan gjest – men med "ringer en venn". Her får du høyra litt om musikarar som opptrer som tjuvar, karusellane på Tusenfryd, laksefiske i Matreelva og litt om storleiken på ballane til spermkvalen. God sommar vidare!

    • 33 min

Customer Reviews

L. Svendsen ,

Gøy!

og veldig underholdande musikkpreik.

Leiv Reed ,

Slikt har for lite av i Noreg

Utruleg kjekt å høyre intervju og morosame røvarhistorier. Tips: få gjestar til å spele nokre låtar live. Presentere nokre plater. Eventuelt legge ut via SoundCloud/MixCloud for å ha musikken med.
Endeleg eit musikkprogram!

lyttaren ,

Kanon!

Kjekt å høyra Olsen og jensen snakka om musikk 👍👍

Top Podcasts In Music