9 episodes

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.

På ekta - Ryfylkepuls Tor Øyvind Skeiseid

    • Society & Culture

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.

    Kalvekos og vepsebol

    Kalvekos og vepsebol

    Han er tidleg oppe for å vekka både kalvar, kyr og familien. Og han nyttar dagen til det fulle, også til heftige diskusjonar. Ikkje minst gjeld det kommunesamanslåing for hans kjære Forsand, som han har jobba mot. Men, korleis er det eigentleg å stå i stormen i ei så heftig sak? Og er det ikkje på tide å gje seg? I denne episoden av “På ekta” blir me kjent med gardbrukaren Rolf Magne Haukalid frå Forsand. Det blir store stutar, tidleg familiefrukost, klartenkte ungar og galopperande naboskap....

    • 33 min
    Spring for livet

    Spring for livet

    Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre. Gjer deg klar for joggetur. Ja visst er «På Ekta» med joggesko på denne gongen. Me har prøvd å halda følgje med Therese Neverdahl Nordbø (35) frå Tau. Ho har første joggetur klokka fem kvar morgon. Og neste økt er på ettermiddagen. Kvar dag! Snakk om o...

    • 32 min
    Innflyttarar med store gryter

    Innflyttarar med store gryter

    Det var slett ikkje planen å flytta til bygda. Alvilde og Tom Egill Tobiassen var nygifte og lukkelege i Stavanger. Men, ein sundagsmiddag på Rennesøy blei som eit lynnedslag i livet. Dermed enda det unge ekteparet på ein plass dei knapt nok visste eksisterte. Dei tok sjansen, flytta til øyriket i Ryfylkebassenget i 2015, og kan ikkje tenkja seg noko anna enn å bu på Rennesøy. Her sjonglerer dei livet som to-barnsforeldre, arbeidskollegaer og idéfellesskap, og er ikkje redde for å ta i eit ek...

    • 30 min
    Merka for livet

    Merka for livet

    Ho har tatovert ei husrekkje frå heimstaden på armen. Det må vera førtiårs-krise! Eller er det ein del av Maren Landsnes sitt patriotiske engasjement for Jelsa? Då ho gjekk ut av Jelsa ungdomsskule var ikkje Jelsa ein aktuell stad å flytta tilbake til. Aldri i livet. Men, nå har ho budd på Jelsa dei siste ti åra, har mann, to barn og ikkje minst ein svær, gammal prestegard å ta seg av. Kva skjedde? Kvifor flytta Maren og familien him igjen? I den nyaste utgåva av podcasten På ekta møter Tor Ø...

    • 30 min
    Livet som blei verd å leva

    Livet som blei verd å leva

    For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya Finnøy, som han flykta frå som 16-åring, og aldri skulle tilbake til. Men, Oddvar Vignes er den dag i dag sikker på at utan Finnøy og bygdesamfunnet hadde han aldri levd i dag. Høyr den ærlege historia om å erfara livet og bli grens...

    • 30 min
    Lidenskap og sære trekk

    Lidenskap og sære trekk

    Oddbjørn Mihle Strand frå Tau har på mange måtar kome heim. For han har gått gradene i idrettslaget Midtbygdens Idrettslag (MIL), frå barn til a-lagsspelar. Men, etter at den halvstuderte «røvaren» har jobba i bank, skule og møbelbutikk, er han blitt dagleg leiar for moderklubben. Ein altoppslukande draumejobb, som han seier. Dessutan kommenterer han lokalfotball for Aftenblad-TV og får kick av å lesa ein femtedivisjons-tabell. Møt Ryfylke sitt svar på Arne Scheie, småbarnsfar og energibunt O...

    • 27 min

Top Podcasts In Society & Culture

Mer än bara morsa!
Kenza & Ines
Fryktløs
Både Og & Blåkläder
Svarttrost Dok
Svarttrost
198 Land med Einar Tørnquist
PLAN-B & Acast
30s in the City med Hanna och Stella
Podplay | Hanna & Stella
Harm og Hegseth
VGTV