17 episodes

Eg er psykolog Kristina Stokken, som startar AS og dokumenterer dette. Lektor Lars Sveinung Lid har eige studio i løa, og erfaring med enkeltpersonforetak. Han er såleis ein teknikar som heldigvis sa ja til å bli med i podcasten som samtalepartnar i tillegg.

Podcasten handlar om prosessen med å starta for seg sjølv, og utviklinga framover. I tillegg vil me snakka om ulike psykologiske tema. Her vil det bli tatt opp tankar, følelsar, utfordringar og forslag til løysingar. Følg meg på vegen, og kanskje du lærer noko eller blir inspirert til å starta di eiga bedrift!

Privat praksis med psykolog Stokken og lektor Lid Kristina Stokken

    • Business
    • 5.0 • 4 Ratings

Eg er psykolog Kristina Stokken, som startar AS og dokumenterer dette. Lektor Lars Sveinung Lid har eige studio i løa, og erfaring med enkeltpersonforetak. Han er såleis ein teknikar som heldigvis sa ja til å bli med i podcasten som samtalepartnar i tillegg.

Podcasten handlar om prosessen med å starta for seg sjølv, og utviklinga framover. I tillegg vil me snakka om ulike psykologiske tema. Her vil det bli tatt opp tankar, følelsar, utfordringar og forslag til løysingar. Følg meg på vegen, og kanskje du lærer noko eller blir inspirert til å starta di eiga bedrift!

    Tora Ytterland Silseth med diktbok om fødsel, psykose, angst, depresjon og alkoholmisbruk

    Tora Ytterland Silseth med diktbok om fødsel, psykose, angst, depresjon og alkoholmisbruk

    Tora Ytterland Silseth med diktbok om fødsel, psykose, angst, depresjon og alkoholmisbruk by Kristina Stokken

    • 57 min
    Episode 16: Torben Dyhr-Nielsen om inkludering og mangfold

    Episode 16: Torben Dyhr-Nielsen om inkludering og mangfold

    I denne episoden møter du Torben Dyhr-Nielsen, som òg er Cathrine Dyhr-Nielsen. Torben er transperson, og deler si erfaring med dette både privat, i jobbsamanheng og offentleg på sosiale medium. Han deler òg noko om det å ha bipolar liding. Torben jobbar i NAV, med blant anna inkludering og mangfald i arbeidslivet. Han har òg nyleg starta eit foretak der han jobbar som foredragshaldar. Der brukar han seg sjølv og si historie for å inspirera fleire til å jobba for mangfald på arbeidsplassen. Høyr episoden og få tips til korleis du kan bidra til meir inkludering og mangfald. Det har vist å lønna seg!

    Du finn Torben/Cathrine på LinkedIn!

    Du finn meg på:

    Instagram: @psykologstokken

    Facebook: Psykolog Stokken

    LinkedIn: Kristina Stokken

    www.psykologstokken.no

    • 44 min
    Episode 15: DPS, selvhjelp og markedsføring

    Episode 15: DPS, selvhjelp og markedsføring

    I denne episoden snakkar eg om korleis det går med meg. Me er innom oppbygginga av både det å jobba for meg sjølv og helsa mi. Eg deler om min første time på DPS, som var i slutten av august. Det gjekk ikkje heilt som eg hadde håpa på. Me snakkar om motivasjon, spørsmål om eg er på rett plass og det å vera her og no. Eg har òg byrja å få hjelp av ein mentor innan marknadsføring og merkevarebygging. Dette gjer at eg føler meg mindre aleine rundt idéar, val og kva som er lurt å gjera. Høyr episoden, og gje meg gjerne ei tilbakemelding om kva du synes.

    Du finn meg på

    Instagram: @psykologstokken

    Facebook: Psykolog Stokken

    LinkedIn: Kristina Stokken

    www.psykologstokken.no

    • 40 min
    Episode 14: Linn Therese Solheim om utbrentheit

    Episode 14: Linn Therese Solheim om utbrentheit

    I denne episoden er Linn Therese Solheim gjest. Ho fortel ope om sin eigen erfaring og oppleving av det å vera utbrent. Ho deler om korleis ho hadde det og kva ho har gjort for å få det betre. Ho snakkar om kva ho har lært og kva ho gjer for å ungå å bli utbrent på nytt. Me snakkar òg om kva som kan vera grunnar til utbrentheit, kva symptom du kan få og kva som kan hjelpa. Linn Therese fortel om jobben ho no gjer for å spreia kunnskap for å å hjelpa andre å unngå utbrentheit og coaching-bedrifta ho har starta for å hjelpa deg som er utbrent.

    Du finn Linn Therese på Instagram under namnet @linnyslivsstil.

    Treng du hjelp kan du kontakta meg på tlf. 97629092 eller bestilla time på www.psykologstokken.no.

    Følg meg gjerne på:
    Instagram (@psykologstokken)
    Facebook (Psykolog Stokken)
    Linkedin (Kristina Stokken)

    • 54 min
    Episode 13: Roger Birkelund om visjon, verdiar og tilrettelegging for familieliv

    Episode 13: Roger Birkelund om visjon, verdiar og tilrettelegging for familieliv

    Roger Birkelund, eigar av Vestland villaservice, er gjest i denne episoden. Me snakkar om korleis arbeida med visjon og verdiar for bedrifta. Roger fortel om familieverdiar og korleis han prøver å tilrettelegga for seg sjølv og dei tilsette, så dei kan kombinera jobb med familieliv. Lars Sveinung synes det heile minna han om Kardemomme by, og gav Roger eit nytt kallenamn i løpet av innspelinga: Politimester Bastian.

    • 36 min
    Episode 12: Oppdatering, den nedtrykte psykologen, fokus og proaktiv handling

    Episode 12: Oppdatering, den nedtrykte psykologen, fokus og proaktiv handling

    Det er på tide med ei oppdatering av korleis oppbygginga av denne private praksisen går. Eg deler frå dei siste månadane, både nedturar og oppturar, tankar og følelsar. Me snakkar om at det er tøft å starta opp, og at eg synes det er utfordrande å byggja opp praksis samtidig som eg byggjer opp meg sjølv etter vanskelege opplevingar eg har hatt. Me snakkar om målgruppe, frykt for avvisning og at psykologar òg er menneske som kan ha det dårleg og kan trenga hjelp. Lars Sveinung har vore sakna i eit par episodar, og han svarer på kvifor.

    • 37 min

Customer Reviews

5.0 out of 5
4 Ratings

4 Ratings

Top Podcasts In Business

In Good Company with Nicolai Tangen
Norges Bank Investment Management
Dine Penger - Pengerådet
Dine Penger
The Diary Of A CEO with Steven Bartlett
DOAC
E24-podden
E24
Pengetabu
DNB
GRIT med Cecilie Ystenes Myhre
Monster podkast