285 episoder

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland.
Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv.
Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden?
Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no

Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

SunnhordlandPodden Kjetil Fyllingen

    • Økonomi
    • 4,8 • 41 vurderinger

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland.
Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv.
Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden?
Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no

Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

    Familien Jakarian - om Flukta frå Syria, Vegen til Noreg og den krevjande situasjonen dei er i no

    Familien Jakarian - om Flukta frå Syria, Vegen til Noreg og den krevjande situasjonen dei er i no

    I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du møta Tamar Dankarian og Odd Ivar Vik. Dei fortel om Jakarian-familien si flukt frå Syria og deira reise til Noreg.

    Du vil høyra om korleis livet var i Syria før 2011 og den dramatiske endringa som skjedde då. Tamar deler historia om korleis dei måtte forlate heimlandet sitt på ein dramatisk måte og korleis det var å kome til Noreg.

    Odd Ivar Vik fortel om møtet sitt med Jakarian-familien og kva dei har betydd for Bømlo. Og ikkje minst, du får høyra om korleis livet deira endra seg i 2021 då dei møtte rettssystemet i Noreg.



    Vil du støtte Familien Jakarian? Sjekk ut: https://www.spleis.no/project/362662


    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

    • 59 min
    Vidar Hope – om Kreft, Aktmåling, Redaktørjobben i Sunnhordland og Kulturliv

    Vidar Hope – om Kreft, Aktmåling, Redaktørjobben i Sunnhordland og Kulturliv

    I februar 2024 gjekk Vidar Hope inn i ein av dei mest spennande mediejobbane på Vestlandet, nemleg som ansvarleg redaktør for avisa Sunnhordland.

    I denne episoden skal du få bli litt betre kjent med mannen bak avisa. Vidar deler om reisa han har vore på, ulike kulturprosjekt han har vore med på å dra i gang som Størjevikfestivalen, Bocciafest og Olsen & Jensens viseklubb.

    Livet byr på opp- og nedturar. Vidar fortel om utdrikningslag og avskjedskonsert, erfaringar med sjukdom og dødsfall.


    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

    • 37 min
    Silje Vatne Ersland - om Kattnakken, Pandemien, Mammarollen, Gründerlivet og Jakta på ein ny dagleg leiar

    Silje Vatne Ersland - om Kattnakken, Pandemien, Mammarollen, Gründerlivet og Jakta på ein ny dagleg leiar

    Silje Vatne Ersland fortel om korleis det går med Kattnakken, om oppturar og utfordringar. Korleis er det å kombinere gründerliv og mammarollen? Korleis prega pandemien sal av regntøy? Og kor går vegen vidare for Kattnakken?

    Styreleiar for Kattnakken, Tor-Olav Sunde, er og med i episoden og fortel om si rolle i Kattnakken.

    Akkurat no er Kattnakken på jakt etter ein ny dagleg leiar.

    Vil du vidareutvikle ei av Noregs leiande merkevarear innan regntøy?

    Då er kanskje denne jobben noko for deg.

    Høyr meir om stillinga og kva moglegheiter som ventar.

    Episoden er laga i kommersielt samarbeid med Human AS.

    Les meir om stillinga her:

    https://human-as.no/ledig-stilling/376411/dagleg-leiar/r


    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

    • 41 min
    Jógvan Brimheim Gunnarsson - Frå Bygda til BI, Standup og Kundereiser

    Jógvan Brimheim Gunnarsson - Frå Bygda til BI, Standup og Kundereiser

    Jógvan Brimheim Gunnarsson har reist frå bygda på Bømlo via BI i Bergen, til Oslo. Han har stått på standup-scener og imponert med imitasjon av blant anna Åge Hareide og Morten Harket. I dag brenn han for gode kundereiser og velferdsteknologi.

    Høyr om reisa hans, og du får garantert ein god latter.



    Sponsor: Norwegian Mooring - https://www.normoor.no/



    Norwegian Mooring tilbyr inspeksjonstenester innan olje og gass med særleg fokus på forankringsutstyr over heile verda.

    Norwegian Mooring har lang erfaring og høg kompetanse innan inspeksjon og leverer òg sertifiserte NDT-inspektørar.

    Norwegian Mooring er lokalisert på Stord med hovudkontor på Heiane og ein avdeling på Hanøytangen.

    I fleire år har Norwegian Mooring vore leverandør av fortøyningsanlegg i cruisenæringa og har utført installasjonar i Geiranger, Flåm, Nordfjordeid, Lakselv, Nynäshamn, Stockholm og Jamaica.

    Norwegian Mooring har høgt fokus på miljø.

    Teknologien Norwegian Mooring brukar til inspeksjon av forankringsutstyr er energieffektiv og kan spare 35 tonn CO2 årleg samanlikna med ein standardisert inspeksjonsmetode.

    Dette svarar til 176 000 kjørte kilometer med bensinbil.

    Dette hadde Norwegian Mooring aldri oppnådd utan det lokale engasjementet for energieffektivisering som Sunnhordlands-regionen leiar an i, og vi er stolte av vår lokale tilknyting.

    Stor takk til Norwegian Mooring for at dei ville sponse denne episoden.


    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

    • 1 t 15 min
    Marte Rykkje Halstensen – om Endometriose, Kvinnehelse, Arbeidsliv og Muligheter

    Marte Rykkje Halstensen – om Endometriose, Kvinnehelse, Arbeidsliv og Muligheter

    I denne episoden deler Marte Rykkje Halstensen ærleg om livet med endometriose.

    Men me pratar òg om bryllup, draumen om høns og sjølvdyrking.



    Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno.


    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

    • 54 min
    Nashmia Sandbugt - om å Flytte Fjell, Kreativitet, Poesi og Musikk

    Nashmia Sandbugt - om å Flytte Fjell, Kreativitet, Poesi og Musikk

    Nashmia Sandbugt fortel om si reise gjennom livet, utfordringar og erfaringar. Ho deler korleis død, sjukdom og smerte har endra henne, men òg korleis det har gjeve inspirasjon til poesi og musikk. Nashmia fortel om verdien av å tenke positivt og ikkje la jantelova bestemme.



    Nashmia gav ut ein ny song i januar, "Mountains".



    Lytt til sangen Mountains her - https://open.spotify.com/track/74TMsCpapooYoLcJdHNbYd?si=2cda402071eb4a3e



    Sjekk ut:


    https://www.instagram.com/paautpust/
    https://www.instagram.com/photobynzsandbugt/
    https://www.instagram.com/nashmia_music/




    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

    • 1 t 3 min

Kundeomtaler

4,8 av 5
41 vurderinger

41 vurderinger

Ghkkøøbghjbhj ,

Kjekt å høyre på

Kjetil er ein behagelig fyr å høyre på, og får gjestene til å slappe av så det blir god stemning!

Syns det er et fantastisk konsept, der me finner ut at me har mange spennande folk i Sunnhordaland!

Spesielt spennande var det å høre om gamle lensmannen i Austevoll so no har starta privatetterforskar firma! (Og hakkespetten, som fekk veldig mykje oppmerksomhet!)

Kinemel86 ,

🤩

Interessant pod om folk og fe i distriktet vårt 😊 Anbefalast!

invisiblepaperclip ,

Super kvalitet og interessante intervju

SunnhordlandPodden er kjekk å høyre på for ein utflytta stordabu.

Podden er også eit bevis på at det fins mange interessante folk i regionen!

I tillegg er det strålande lydkvalitet. Anbefalar denne podcasten!

Populære podkaster i Økonomi

In Good Company with Nicolai Tangen
Norges Bank Investment Management
Økonominyhetene
Finansavisen
Pengesnakk
Moderne Media
The Diary Of A CEO with Steven Bartlett
DOAC
E24-podden
E24
Take a moment with Holzweiler
Holzweiler

Kanskje du også liker

Abid & Nadia: Skyld og Skam
PLAN-B & Acast
Min barneoppdragelse
Lyder Produksjoner & Acast
Bak Fasaden - En reise i livet med sykepleier Ine
Ine, Studio Wallin & Acast
Synnøve og Vanessa
Vanessa Rudjord & Synnøve Skarbø
Familiekoden med Katrine Moholt og Reidar Hjermann
TV2 & Monster
Hvem Er Jeg?
Fenomen & Acast