16 episodes

Idéar, fagkunnskap, verdiar, fenomen og teoriar. Kort fortalt.

Kort fortalt Nettskulen.no

    • Education

Idéar, fagkunnskap, verdiar, fenomen og teoriar. Kort fortalt.

    Grenser og samtykke

    Grenser og samtykke

    Alle menneske har rett til å sjølv bestemma om ein vil vera seksuelt aktiv, og kven ein vil ha seksuelle opplevingar saman med. Det er viktig at du kjenner dine eigne grenser, og at du berre gjev samtykke til sex når du sjølv har lyst til det.

    • 7 min
    Sex

    Sex

    Det er godt å ha sex, men den første gongen kan det vera både spanande og skremmande. Jenter kan lura på om det vil gjera vondt, og gutar kan vera spente på kor lenge ereksjonen vil vara. Det aller viktigaste er likevel at sex skal vera godt og frivillig, og at det skjer i trygge rammer saman med nokon du stoler på.

    • 9 min
    Porno

    Porno

    Mange bruker porno når dei onanerer eller har sex, eller som inspirasjon til eige sexliv. Porno er bilete, tekstar eller filmar med eit seksuelt innhald, og målet er at du som ser eller les dette skal bli kåt. Vanlegvis viser porno sex mellom vaksne menneske, ofte med fokus på kjønnsorgana, men det finst òg ulovleg porno.

    • 7 min
    Onani

    Onani

    Onani handlar om å stimulera sine eigne kjønnsorgan, og blir ofte kalla masturbering, runking eller fingring. Når du onanerer, blir du kjent med kva som er deilig for deg, kor det er godt å ta på deg sjølv og kva måte som fungerer best. Dette er ein flott måte å bli kjent med kroppen og underlivet sitt på – både korleis ein ser ut, og korleis ein fungerer.

    • 8 min
    Kroppspress

    Kroppspress

    Ungdata-undersøkinga viser at 7 av 10 ungdommar opplever press om å sjå bra ut eller å ha ein fin kropp, og mange unge opplever at kroppspresset blir ei utfordring i kvardagen. Særleg i ungdomsåra, når kroppen er i stadig forandring og ein prøver å «finna seg sjølv», kan det vera vanskeleg å akseptera sin eigen kropp. Og det blir ikkje betre når media og populærkulturen framstiller éin bestemt kroppstype som «idealkroppen».

    • 6 min
    Pupper

    Pupper

    Frå gammalt av har kvinnene brukt brystene sine til éi oppgåve: Å gje morsmjølk med livsviktige næringsstoff til spedbarnet sitt. I nyare tid, og særleg i vestlege kulturar, har brystene – eller puppene – blitt stadig meir seksualisert.

    • 4 min

Top Podcasts In Education

The Mel Robbins Podcast
Mel Robbins
The Jordan B. Peterson Podcast
Dr. Jordan B. Peterson
Am I Doing It Wrong?
HuffPost
TED Talks Daily
TED
Do The Work
Do The Work
UNBIASED
Jordan Is My Lawyer