44 Folgen

Sideout er ein podkast der volleyballspelarane Bjarne Nikolai Huus, Bendik Gabriel Huus og Lars Fredrik Tvinde er programleiarar. Karane ønskjer å dele kunnskap, erfaringar og tankar rundt volleyball ettersom dette er noko dei saknar. Det er dei forhåpentligvis ikkje aleine om. Med ulike tema og gjester får du volleyballunderhaldning rett i øyret.

Sideout - Ein volleyballpodkast! 🎧�‪�‬ Lars Fredrik, Bendik & Bjarne

    • Sport

Sideout er ein podkast der volleyballspelarane Bjarne Nikolai Huus, Bendik Gabriel Huus og Lars Fredrik Tvinde er programleiarar. Karane ønskjer å dele kunnskap, erfaringar og tankar rundt volleyball ettersom dette er noko dei saknar. Det er dei forhåpentligvis ikkje aleine om. Med ulike tema og gjester får du volleyballunderhaldning rett i øyret.

    Utfordringar i Norsk volleyball - Kva kan vi bli betre på? 🤔

    Utfordringar i Norsk volleyball - Kva kan vi bli betre på? 🤔

    Lars Fredrik Tvinde og Anders Mol hadde det så kjekt i forrige pod at dei rett og slett laga endå ein episode! Denne gongen tek dei føre seg nokre av utfordringane vi har i norsk volleyball og sandvolleyball, og diskuterer vidare om kva ønskjer dei har for framtida. Kanskje det er noko du kjenner deg igjen i? 

    God lytting!

    • 29 Min.
    Frå utfordrar til verdas beste - Korleis skjedde det, Anders? 🥇

    Frå utfordrar til verdas beste - Korleis skjedde det, Anders? 🥇

    Christian Sørum og Anders Mol, frå Noreg, har blitt tidenes beste herrelag i sandvolleyball (det er Sideout sin påstand). Men sjølv om ein no er på topp, så starta ikkje reisa der. Lars Fredrik har med seg Anders i studio for å prate om denne reisa, og kva eigenskapar som har vore viktige på vegen. Korleis har det vore å vere utfordrar, og korleis er det å vere verdas beste? Og ikkje minst; korleis er det å gå frå å vere jegaren, til å bli jakta på? 

    God lytting!

    • 29 Min.
    Korleis vere den ultimate volleyball-forelderen? 👨‍👩‍👧‍👦

    Korleis vere den ultimate volleyball-forelderen? 👨‍👩‍👧‍👦

    I denne Sideout’en diskuterer karane deira erfaringar med foreldre i volleyball og sandvolleyball, og kva dei ser som gode eller mindre gode eigenskapar hos dei som har ei slik rolle. Kva tenkjer tre gutar frå Førde om korleis ein kan hjelpe ungane sine på best mogleg måte? God lytting!

    • 25 Min.
    Sideout gjer comeback! 📢

    Sideout gjer comeback! 📢

    Trioen Bjarne, Bendik og Lars Fredrik gjer "comeback" med ny sesong. I denne pod'en får du ein kort oppdatering frå karane,  samt at vi dreg fram nokon av dei råaste prestasjonane frå volleyballnoreg i seinare tid. 

    God lytting! 🎧

    • 16 Min.
    Sideout - Angrep med Bendik og Bjarne Nikolai

    Sideout - Angrep med Bendik og Bjarne Nikolai

    Tema: Angrep

    Bendik og Bjarne Nikolai drøftar seg gjennom ferdigheiten angrep i volleyball og sandvolleyball, med fokus på følgjande fire punkt:

    1. Tilløp
    2. Timing
    3. Valg
    4. Mentalitet

    Korleis kan vi guide utøvarane våre til å bli betre angriparar?

    God lytting!

    • 1 Std. 7 Min.
    Kva er god teknikk?

    Kva er god teknikk?

    Kva er god teknikk?

    Bendik og Bjarne Nikolai reflekterar rundt kva som er god teknikk i idrettane våre, og korleis ein på best mogleg måte kan hjelpe utøvarar. 
    Kva er dei viktigaste faktorane for trening av teknikk? Korleis kan vi vite at teknikken vi ønskjer hjelper, og ikkje avgrensar ein utøvar? Og når bør vi hjelpe ein utøvar med å endre teknikk? Dette er nokre av spørsmåla dei er innom.
    God lytting!

    • 57 Min.

Top‑Podcasts in Sport

Stammplatz – Fußball News täglich
BILD
Einfach mal Luppen
Toni Kroos, Felix Kroos & Studio Bummens
Reif ist live – Fußball Talk von BILD
BILD
Der STAHLWERK Doppelpass
SPORT1, Florian König, Ruth Hofmann und Katharina Kleinfeldt
Zeigler & Köster - Der Fußball-Podcast von 11FREUNDE
RTL+ / 11Freunde
Gebaut für Fußball
Borussia Dortmund & MML