10 episodes

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.

På ekta - Ryfylkepuls Tor Øyvind Skeiseid

    • Society & Culture

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.

    Skyhøgt nivå og herleg trøkk

    Skyhøgt nivå og herleg trøkk

    Ungdomen i Ryfylke leverer. Både med kunnskap, entusiasme, sjarme og spenning. Bli med bak kulissane i Ryfylkequizen for åttande klasse i mai. Møt ungdom frå heile Ryfylke før, under og etter den store TV-sende finalen. Nervar i høgspenn, opp- og nedturar og eit vinnarlag frå Finnøy som klinka til med rekord. Iskander, Alexandra og Daniel klarte faktisk alt rett, noko som gjorde læraren både stolt og rørt. Og dagen etter var det fest for alle i åttande trinn på Finnøy skule, med storfint besø...

    • 25 min
    Kalvekos og vepsebol

    Kalvekos og vepsebol

    Han er tidleg oppe for å vekka både kalvar, kyr og familien. Og han nyttar dagen til det fulle, også til heftige diskusjonar. Ikkje minst gjeld det kommunesamanslåing for hans kjære Forsand, som han har jobba mot. Men, korleis er det eigentleg å stå i stormen i ei så heftig sak? Og er det ikkje på tide å gje seg? I denne episoden av “På ekta” blir me kjent med gardbrukaren Rolf Magne Haukalid frå Forsand. Det blir store stutar, tidleg familiefrukost, klartenkte ungar og galopperande naboskap....

    • 33 min
    Spring for livet

    Spring for livet

    Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre. Gjer deg klar for joggetur. Ja visst er «På Ekta» med joggesko på denne gongen. Me har prøvd å halda følgje med Therese Neverdahl Nordbø (35) frå Tau. Ho har første joggetur klokka fem kvar morgon. Og neste økt er på ettermiddagen. Kvar dag! Snakk om o...

    • 32 min
    Innflyttarar med store gryter

    Innflyttarar med store gryter

    Det var slett ikkje planen å flytta til bygda. Alvilde og Tom Egill Tobiassen var nygifte og lukkelege i Stavanger. Men, ein sundagsmiddag på Rennesøy blei som eit lynnedslag i livet. Dermed enda det unge ekteparet på ein plass dei knapt nok visste eksisterte. Dei tok sjansen, flytta til øyriket i Ryfylkebassenget i 2015, og kan ikkje tenkja seg noko anna enn å bu på Rennesøy. Her sjonglerer dei livet som to-barnsforeldre, arbeidskollegaer og idéfellesskap, og er ikkje redde for å ta i eit ek...

    • 30 min
    Merka for livet

    Merka for livet

    Ho har tatovert ei husrekkje frå heimstaden på armen. Det må vera førtiårs-krise! Eller er det ein del av Maren Landsnes sitt patriotiske engasjement for Jelsa? Då ho gjekk ut av Jelsa ungdomsskule var ikkje Jelsa ein aktuell stad å flytta tilbake til. Aldri i livet. Men, nå har ho budd på Jelsa dei siste ti åra, har mann, to barn og ikkje minst ein svær, gammal prestegard å ta seg av. Kva skjedde? Kvifor flytta Maren og familien him igjen? I den nyaste utgåva av podcasten På ekta møter Tor Ø...

    • 30 min
    Livet som blei verd å leva

    Livet som blei verd å leva

    For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya Finnøy, som han flykta frå som 16-åring, og aldri skulle tilbake til. Men, Oddvar Vignes er den dag i dag sikker på at utan Finnøy og bygdesamfunnet hadde han aldri levd i dag. Høyr den ærlege historia om å erfara livet og bli grens...

    • 30 min

Top Podcasts In Society & Culture

Futucast
Isak Rautio
Where Everybody Knows Your Name with Ted Danson and Woody Harrelson (sometimes)
Team Coco & Ted Danson, Woody Harrelson
Suomen nostatus
Tuomas Enbuske, Otto Juote
Mer än bara morsa!
Kenza & Ines
Antin koulumatka
Antti Holma/ Podme
Sommar & Vinter i P1
Sveriges Radio

You Might Also Like