6 episodes

Ein podkast om prinsipprogrammet til Noregs Mållag.

Du høyrer Marit Aakre Tennø og Magnus Bernhardsen.

Prinsipprogrammet Prinsipprogrammet

    • News

Ein podkast om prinsipprogrammet til Noregs Mållag.

Du høyrer Marit Aakre Tennø og Magnus Bernhardsen.

    Bonuspodkast - landsmøte-vorspiel

    Bonuspodkast - landsmøte-vorspiel

    Landsmøtet i Noregs Mållag 2022 er rett rundt hjørnet, og Marit og Magnus går gjennom framlegget til nytt prinsipprogram. 


    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/prinsipprogrammet/message

    • 25 min
    Femte episode - kva burde ha vore med i Prinsipprogrammet?

    Femte episode - kva burde ha vore med i Prinsipprogrammet?

    Fyrst ei orsaking. Det som skulle ha vore femte episode forsvann, alle råfilane er borte. Det som såg ut som opptaket av episode fem synte seg å vera episode fire. Når vi snakkar om at det er seks episodar av podkasten er det altså sagt i god tru om at vi hadde seks episodar å leggja ut.  Den tapte episoden skulle ta for seg skriftmålet, ein ikkje uvesentleg del av grunnlaget for arbeidet til Noregs Mållag.

    I denne episoden tek vi opp nokre emne som ikkje er med i det noverande prinsipprogrammet, og vi snakkar mellom anna om kløyvingane i målrørsla rundt "målpolitikk" kontra "ålmenpolitikk". 

    Det har no kome eit studiehefte om prinsipprogramordskiftet.

    Twitter

    Instagram


    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/prinsipprogrammet/message

    • 30 min
    Fjerde episode - Me e te fyr Maale, og inkje Maale te fyr oss

    Fjerde episode - Me e te fyr Maale, og inkje Maale te fyr oss

    I denne episoden snakkar vi om dette punktet i prinsipprogrammet:
    "Dialektane står sterkare i Noreg enn i mange andre land, ikkje minst på grunn av arbeidet til målrørsla. Trass i språkleg undertrykking har folk hevda retten til å bruke sitt eige språk, slik at dialekttale i dag er den vanlegaste uttrykksmåten for folk flest.  Dialektane er utsette for eit sterkt press, særleg frå talt og skrive bokmål. Noregs Mållag forsvarer dialektane og dialektbruken mot dette presset. Normert nynorsk tale kan vere eit viktig ryggstø både for skriftspråket og for målføra."

    Vi drøftar normert nynorsk tale, bokmålisering, dialektdaude, frigjering (igjen!) og om alt går til helvete eller ikkje.

    Episodetittelen er ei omskriving av eit sitat frå Olaus Fjørtoft.

    Det har no kome eit studiehefte om prinsipprogramordskiftet.

    Twitter

    Instagram


    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/prinsipprogrammet/message

    • 32 min
    Tredje episode - ein podkast for tanke og kommunikasjon

    Tredje episode - ein podkast for tanke og kommunikasjon

    I denne episoden snakkar vi om punktet "Prinsippa som Aasen bygde skriftmålet på, gjer nynorsken til eit språk som alle kan kjenne seg heime i, og til ein god reiskap for tanke og kommunikasjon."

    Les meir om prinsipprogramordskiftet her.

    Twitter

    Instagram




    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/prinsipprogrammet/message

    • 21 min
    Andre episode - frigjering av kven, frigjering frå kva?

    Andre episode - frigjering av kven, frigjering frå kva?

    I denne episoden går vi gjennom setningane "I striden for nasjonal, sosial og kulturell frigjering fekk det norske folket sitt eige skriftmål. Ivar Aasen granska dei norske målføra og sette opp ei landsgyldig, samlande norm. Nynorsken byggjer på dei norske målføra som står i ubroten samanheng med gammalnorsk." Vi ser også på korleis dette punktet har utvikla seg frå tidlegare prinsipprogram, og i ordskiftet før dette vart vedteke.

    Dei som snakkar er Marit Aakre Tennø og Magnus Bernhardsen.

    OBS - på eit tidspunkt fall lyden ut, og det manglar ca 45 sekund. 

    Informasjon om prinsipprogramordskiftet

    Twitter

    Instagram






    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/prinsipprogrammet/message

    • 41 min
    Fyrste episode - ein podkast for folk i bygd og by

    Fyrste episode - ein podkast for folk i bygd og by

    Dette er den fyrste episoden av Prinsipprogrammet, ein podkast om prinsipprogrammet til Noreg Mållag. Dei du får høyra snakka er Marit Aakre Tennø og Magnus Bernhardsen. Vi går gjennom det noverande programmet, og samanliknar med tidlegare program, snakkar om kva som står og burde står og med nokre gode anekdotar innimellom.



    Informasjon om prinsipprogramordskiftet

    Twitter


    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/prinsipprogrammet/message

    • 33 min

Top Podcasts In News

30 with Guyon Espiner
RNZ
The Daily
The New York Times
The Rest Is Politics
Goalhanger Podcasts
Global News Podcast
BBC World Service
Tova
Stuff Audio
The Detail
RNZ