290 episodes

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland.
Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv.
Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden?
Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no

Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

SunnhordlandPodden Kjetil Fyllingen

    • Business

    Solveig Meyer Eide - om Nisjebutikkar, Nedlegging og Nye Vegar

    Solveig Meyer Eide - om Nisjebutikkar, Nedlegging og Nye Vegar

    Solveig Meyer Eide fortel om avgjerda om å legge ned butikken Vevnad. Du får historia om korleis dei fire siste åra har vore, om oppturar og nedturar.

    Høyr om garnglede, formidling av handverk, lokalt vevmiljø, nisjenettverket, fargar, kreativ boltring, Makalaus Ull, og gode møte med fantastiske menneske, og om kva Solveig no skal finne på.

    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

    • 30 min
    Kjell Fylkesnes – Skredfare, Gründerliv, Bypass, Bil og Båt

    Kjell Fylkesnes – Skredfare, Gründerliv, Bypass, Bil og Båt

    Kjell Fylkesnes kunne ha tatt livet med ro og kost seg med flotte bilar og lange båtturar. Men han har sett i gang med eit spanande nytt gründerprosjekt.
    I denne episoden får du høyre om historia til Kjell, om Fylkesnes Bil, skredfare og kvifor han starta opp selskapet Bypass og jakta på ei framtidsretta løysing for skredsikring.

    Sjekk ut: https://www.bypass.no

    Vil din bedrift bli sponsor for Sunnhordlandpodden?

    Ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no

    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

    • 46 min
    Silvia Karlsen og Anne Grethe Skorpen Dahl – om Skag Profilera, Design, Gründerliv og Fusjon

    Silvia Karlsen og Anne Grethe Skorpen Dahl – om Skag Profilera, Design, Gründerliv og Fusjon

    Silvia Karlsen og Anne Grethe Skorpen Dahl har ein lidenskap for design og profilering som er over gjennomsnittet. Sidan 2016 har dei vore på ein spennande reise som gründerar, og hausten 2022 slo dei seg saman med Profilera og skapte design- og profileringsbyrået Skag Profilera.

    I denne episoden får du bli betre kjent med Silvia og Anne Grethe, og du vil høyra om både oppturar og nedturar i gründerlivet deira.

    Sjekk ut: https://www.skagprofilera.no

    Sponsor: Stord Hotell - https://stord-hotell.no

    Har du prøvd Sushi frå Stord Hotell?

    På Stord Hotell får du servert ferske råvarer av høg kvalitet.
    Kokken Aleksei har drive med sushi lenge og veit nøyaktig korleis han vil ha det – det handlar om gode råvarer, rett førebuing og presentasjon.

    Med lidenskap for faget ønskjer han å by på dei beste sushismakane for lokale og tilreisande gjestar. Du kan ta med heim, eller nyte i Brasserie 59°.

    Stor takk til Stord Hotell for at de ville sponse denne episoden.

    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

    • 54 min
    Vilde Lundal Santell og Jenny Larsen - om Moster 2024, Jubileumsveka og Logistikk

    Vilde Lundal Santell og Jenny Larsen - om Moster 2024, Jubileumsveka og Logistikk

    Det nærmar seg Jubileumsveka på Moster 28. mai – 2. juni 2024. Det er mykje spennande som står på programmet! I denne episoden er Vilde Lundal Santell og Jenny Larsen med og fortel om kva dei ser mest fram til og korleis dette skal bli ei fantastisk oppleving for alle som kjem til Moster.

    Du blir også litt betre kjend med Vilde og Jenny, som kan fortelje om alt frå kjøp av Bedehus, DJ-jobb i Los Angeles, bowling på høgt nivå og kunst i ein dusj.

    Takk til sponsor: Aker Solutions

    Lørdag 18. mai inviterer Aker Solutions deg med på ei heidundrande konsertoppleving i forbindelse med at dei har ferdigstilt produksjonsskipet Johan Castberg FPSO. 

    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

    • 1 hr 16 min
    Erika Nygård Ormseth - om Nobel, Gründerliv, Mote og Dramatikk

    Erika Nygård Ormseth - om Nobel, Gründerliv, Mote og Dramatikk

    Erika Nygård Ormseth hadde ein draum om ein klesbutikk som var raus, ekte og fin. Det var starten på gründerlivet og oppstarten av Nobel. No har dei lagt bak seg 5 år med drift, og Erika deler om oppturar og utfordringar. Om moter som endrar seg og om dramatikken då søstera Hedda opplevde akutt hjertesvikt.

    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

    • 37 min
    Familien Jakarian - om Flukta frå Syria, Vegen til Noreg og den krevjande situasjonen dei er i no

    Familien Jakarian - om Flukta frå Syria, Vegen til Noreg og den krevjande situasjonen dei er i no

    I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du møta Tamar Dankarian og Odd Ivar Vik. Dei fortel om Jakarian-familien si flukt frå Syria og deira reise til Noreg.

    Du vil høyra om korleis livet var i Syria før 2011 og den dramatiske endringa som skjedde då. Tamar deler historia om korleis dei måtte forlate heimlandet sitt på ein dramatisk måte og korleis det var å kome til Noreg.

    Odd Ivar Vik fortel om møtet sitt med Jakarian-familien og kva dei har betydd for Bømlo. Og ikkje minst, du får høyra om korleis livet deira endra seg i 2021 då dei møtte rettssystemet i Noreg.

    Vil du støtte Familien Jakarian? Sjekk ut: https://www.spleis.no/project/362662

    ---

    Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

    • 59 min

Top Podcasts In Business

PBD Podcast
PBD Podcast
Prof G Markets
Vox Media Podcast Network
The Ramsey Show
Ramsey Network
Money Rehab with Nicole Lapin
Money News Network
REAL AF with Andy Frisella
Andy Frisella #100to0
The Prof G Pod with Scott Galloway
Vox Media Podcast Network

You Might Also Like

Abid & Nadia: Skyld og Skam
PLAN-B & Acast
Oppdatert
NRK
Krimpodden
VG
Forklart
Aftenposten
Bak Fasaden - En reise i livet med sykepleier Ine
Ine, Studio Wallin & Acast
Hele historien
NRK