56 episodes

Ein podcast frå Voss bibliotek

Ofte ein lett drøs om bøker og det me elles har i samlingane i biblioteket. Nokre episodar har me gjestar andre gongar er det me som jobbar i biblioteket som drøsar.

Jingle: Christian Wallevik

VossaBib Voss Bibliotek

    • Arts

Ein podcast frå Voss bibliotek

Ofte ein lett drøs om bøker og det me elles har i samlingane i biblioteket. Nokre episodar har me gjestar andre gongar er det me som jobbar i biblioteket som drøsar.

Jingle: Christian Wallevik

    Utsyn mot verda: Cecilie Hellestveit om krigens folkerett, Palestina og Ukraina

    Utsyn mot verda: Cecilie Hellestveit om krigens folkerett, Palestina og Ukraina

    Opptak av føredrag om krigens reglar i høve hendingane i Palestina og Ukraina. Voss bibliotek 10.01.2024.


    Kva er lovleg sjølvforsvar etter FN-pakten, og når er eit angrep som rammar sivile folkerettsstridig? Og kva reglar gjeld eigentleg på bakken i ein krig?Med folkeretten som bakgrunn vil Cecilie Hellestveit fortelje om dei juridiske utgangspunkta for den forferdelege situasjonen på Gaza og krigen i Ukraina.Cecilie Hellestveit er jurist og konfliktforskar med doktorgrad i internasjonal humanitærrett frå Universitetet i Oslo. Ho er forfattar av fleire bøker, mellom anna om Krigens folkerett (2020) og om krigane i Jemen og Syria. Hennar siste bok, Dårlig nytt frå Østfronten - krigen som endrer alt (2023) handlar om krigen i Ukraina.


    Samtalen er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.

    • 1 hr 13 min
    Utsyn mot verda: Odd Karsten Tveit om Palestina

    Utsyn mot verda: Odd Karsten Tveit om Palestina

    Høyr Odd Karsten Tveit i samtale med journalist Nils Kvamsdal om boka "Palestina. Israels ran, vårt svik"


    Tidlegare NRK-korrespondent Odd Karsten Tveit har arbeidd i og med Midtausten i snart 50 år. I sin nye bok fortel han den konfliktfylte historia frå danninga av staten Israel i 1948 og fram til i dag. I ei personleg bok, prega av historier og notat frå eit langt reporterliv, tar Tveit eit oppgjer ikkje berre med Israelsk okkupasjonspolitikk, men også med norsk og vestleg veikleik. Dette er eit opptak frå biblioteket 3. oktober.

    Samtalen er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.

    • 54 min
    Spenningsbøker til påskekosen

    Spenningsbøker til påskekosen

    I denne episoden av Vossabib - drøs får du tips til spenningslitteratur til både born, ungdom og vaksne.

    Me pratar om bøkene "Til jord skal du bli" av Anders Totland, "Berge" av Jan Kjærstad, "Havets kirkegård" av Aslak Nore, "Jente 17 ikke savnet" av Camilla Sandmo og "Natteravnen" av Johan Rundberg. Lesetipsa om desse bøkene vil snart også vera tilgjengelege på våre heimesider vossbibliotek.no.

    God påske til alle våre lyttarar.

    • 21 min
    Kvinnedag

    Kvinnedag

    Neste veka er det 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. Me gjev tips til bøker som kan passa i anledninga kvinnedagen, og fortel også om ulike arrangement som skal skje på Voss neste veka. 

    Me snakkar om bøkene Norsk kvinnehistorie på 200 sider av Hege Duckert, Kvinner i kamp og 60 damer du skulle ha møtt av Marta Breen og Jenny Jordal, Rebell av Pénélope Pagieu, F-ordet av Schultz, Breen og Jordahl, Hvem sa hva? av Helene Uri og novellesamlinga Furies av Margaret Atwood og andre tøffe kvinnelege forfattarar.

    • 13 min
    Nye digitale tenester

    Nye digitale tenester

    Me drøser om bibliotekets digitale tenester - nye og gamle. Lytt for å få vita meir om våre straumetenester for film, digitale aviser og tidsskrift og digitale bøker og lydbøker. Du får også gode tips til innhald bør sjekke ut i dei forskjellige tenestene.

    Tenestene som vert nemnt er Filmoteket, Filmbib, Flipp, PressReader, Bookbites og Verdensbiblioteket.

    • 22 min
    Frå granitol til nobelprisvinnar og livet med litteraturen

    Frå granitol til nobelprisvinnar og livet med litteraturen

    I denne episoden er me så heldige å ha med oss Merethe Gauden, biblioteksjef i Samnanger og litteraturformidlar av øpste grad.

    Ho har levd eit liv der litteraturen har sett spor og deler nokre av sine tilrådingar med oss.

    Du får dessutan høyre Merethe og Ritha drøse om gode leseopplevingar og korleis dei kan prege liva våre.



    Bøker og forfattarar som blir nemnt:

    Olan H Hauge Det er den draumen

    Sondre Bjørgum Utan dekning

    Jules Verne Kaptein Grants barn

    Ketil Bjørnstad Verden som var min

    Karl Ove Knausgård Min kamp

    Annie Ernaux Hendelsen

    Jon Fosse Septologien

    Kurt Aust Hjertets mørke

    Joseph Conrad Mørkets hjerte

    Hans Ernst Kinck Noveller

    Bjørn Ingvaldsen Nattskift i Nekropolis

    • 53 min

Top Podcasts In Arts

Add to Cart with Kulap Vilaysack & SuChin Pak
Lemonada Media
Fresh Air
NPR
The Moth
The Moth
99% Invisible
Roman Mars
Minnie Questions with Minnie Driver
iHeartPodcasts
Fashion People
Audacy | Puck