Mar

Sunnmørsposten
Mar Podcast

Næringslivet på Sunnmøre og Nordvestlandet har rykte på seg for å vere omstillingsdyktig og slagkraftig. Særleg til havs. Kva tenkjer du når du høyrer ordet «næringsliv»? I Sunnmørsposten sin næringslivspodd «Mar», kjem vi neppe unna den middelaldrande direktøren i dress og slips. Han må få vere med han òg. Samtidig er vi like interessert i å snakke med den unge kvinnelege gründeren som har starta eigen bedrift og forskaren som har ei miljøløysing. Det som rører seg i næringslivet angår oss alle og må opp til debatt. Bli med om bord! Podkasten «Mar» blir laga av journalist Tarjei Engeset Ofstad, kontakt han gjerne direkte på epost tarjei.engeset.ofstad@smp.no om du har tips til gjestar, eller tilbakemeldingar. Utgjevar er Sunnmørsposten, og ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  1. Gunvor Ulstein har alltid støtta kvotering

    02/06/2022

    Gunvor Ulstein har alltid støtta kvotering

    Gunvor Ulstein vart administrerande direktør i Ulstein-konsernet som 29-åring. Ho meiner at altfor lite har skjedd på dei meir enn to tiåra som har gått kva gjeld likestilling i næringslivet. – Vi har jo hatt desse kampanjane i Møre og Romsdal kor vi seier at vi vil ha kvinnene heim til «kvinnearbeidsplassar». Det er det verste eg høyrer. Kven er det, av 23 år gamle kvinner, som utdannar seg til jurist, økonom eller ingeniør som vil heim for å bli tilbode ein «kvinnearbeidsplass», seier Ulstein. Ho er tilhengar av kjønnskvotering, mellom anna i ASA-styrer, så lenge det er nødvendig. Marielle Furnes Mannseth i Norwegian Hydrogen er delvis einig, men har eit langt meir ambivalent forhald til kvotering enn Ulstein. Ho er opptatt av å bli tatt på alvor på bakgrunn av kompetansen sin. Mannseth fortel om korleis ho fleire gonger har vorte bedt av menn i næringslivet om å hente kaffi «du som kan det». Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda. Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. I denne episoden er debattjournalist Inger-Johanne Ruset medprogramleiar. Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg. Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til tarjei@smp.no. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    57 min

About

Næringslivet på Sunnmøre og Nordvestlandet har rykte på seg for å vere omstillingsdyktig og slagkraftig. Særleg til havs. Kva tenkjer du når du høyrer ordet «næringsliv»? I Sunnmørsposten sin næringslivspodd «Mar», kjem vi neppe unna den middelaldrande direktøren i dress og slips. Han må få vere med han òg. Samtidig er vi like interessert i å snakke med den unge kvinnelege gründeren som har starta eigen bedrift og forskaren som har ei miljøløysing. Det som rører seg i næringslivet angår oss alle og må opp til debatt. Bli med om bord! Podkasten «Mar» blir laga av journalist Tarjei Engeset Ofstad, kontakt han gjerne direkte på epost tarjei.engeset.ofstad@smp.no om du har tips til gjestar, eller tilbakemeldingar. Utgjevar er Sunnmørsposten, og ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

To listen to explicit episodes, sign in.

Stay up to date with this show

Sign in or sign up to follow shows, save episodes and get the latest updates.

Select a country or region

Africa, Middle East, and India

Asia Pacific

Europe

Latin America and the Caribbean

The United States and Canada