SunnhordlandPodden

Kjetil Fyllingen
SunnhordlandPodden Podcast

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

  1. 1 DAY AGO

    Anita Kehr – om Skogens ro, Kronisk Sjukdom og Meistringsfølelse

    I sommar sa Anita Kehr opp jobben i Stord kommune og satsar for fullt på prosjektet «Skogens ro». I denne episoden får du bli betre kjend med Anita og den reisa ho er på. Du får høyra om meistringskjensle, kalde bad, yoga, helse, og feriar som ikkje heilt går som planlagt. Pluss mykje meir. Sponsor: Grete Roede Grete Roede har vore marknadsleiande i Noreg innan kosthald og livsstil i heile 50 år, og hjelper kvart år mange tusen nordmenn med å gå ned i vekt. På kurs hjå dei lærer du kva du må gjere for å få kontroll over vekta, og korleis stabilisere kroppen på den nye vekta etterpå. Dei jobbar med kalorikontroll, sunt kosthald, og legg stor vekt på mentale aspekt som ein viktig del av prosessen. Dine tankar blir til handlingar, og det å jobbe med hovudet er ein vesentleg del av kursopplegget. «Slanking føregår i hovudet, og ønskjer du eit varig vekttap, må du gjere endringar du kan leve med på sikt. Difor passar eit kurs hjå Grete Roede, anten du går på vektmedisin eller ikkje,» seier kursleiar Monica Ur. På Stord finn du Grete Roede i Velværetunet sine lokale på Heio 7 kvar onsdag, og kursleiar Monica Ur har «slanka bort» mange tonn hjå sine deltakarar gjennom sine 19 år som kursleiar på fulltid. I tillegg til lokale kurs tilbyr ho også kurs på Teams, anten 1-1 eller i grupper, samt skriftlege nettkurs. Ta kontakt med Monica dersom du har spørsmål, eller meld deg på via denne lenkja: https://www.roede.com/veiledere/monica.ur

    55 min
  2. 12 SEPT

    Ida Lindstrøm Dahl – om Sjølvmordsførebygging, Livslosen og Meistring av Kriser

    WHO estimerer at over 700 000 menneske tek sitt eige liv kvart år. For kvart sjølvmord er det truleg rundt 20 andre som anten har prøvd å ta livet sitt eller har alvorlege sjølvmordstankar. Globalt er det fleire som døyr av sjølvmord enn av drap og krig til saman. Sjølvmord er også den fjerde vanlegaste dødsårsaka blant menneske mellom 15 og 29 år. Ei som arbeider med å førebygge sjølvmord er Ida Lindstrøm Dahl. I denne episoden får du høyre korleis ho blei interessert i tematikken, og korleis ho enda opp med å jobbe med sjølvmordsførebygging på fulltid. Du får også høyre om Livslosen, eit lavterskeltilbod for dei som slit med sjølvmordstankar, samt konkrete råd for kva du kan gjere om du sjølv har slike tankar, eller kjenner nokon som har det. Her finn du meir info om Livslosen:Lovisenberg Livslosen Les meir om sjølvmordstankar her:Helsenorge om sjølvmordstankar Treng du nokon å snakke med?Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og følelsar heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing. Mental Helse: 116 123 Kirkens SOS: 22 40 00 40 Her finner du flere hjelpetelefoner og chat-tjenester som kan være til hjelp når du har det vanskelig. For barn og unge:  Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 Kors på halsen (drevet av Røde Kors): 800 333 21 SnakkOmPsyken.no: Chattetilbud drevet av Blå Kors Sponsor: Sunnhordland Kraftlag Dagens episode er sponsa av Sunnhordland Kraftlag som ein del av kampanjen rundt Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober. Årets kampanje oppmodar til felles innsats mot einsemd og utanforskap. Spesifikt vert alle oppfordra til å setje av 8 minutt til å ringe nokon du bryr deg om – kvar dag. Fleire seier at dei ikkje lenger brukar telefonen til å ringe, men å høyre stemma til ein du er glad i kan bety meir enn du trur. Regelmessig kontakt kan senke terskelen for å få snakka om det som er vanskeleg. SKL ynskjer å bidra til å rette fokus mot hjelpa som finst, både profesjonelt og i våre eigne relasjonar – i dei 8 minutts samtalane.

    42 min

About

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

To listen to explicit episodes, sign in.

Stay up to date with this show

Sign in or sign up to follow shows, save episodes and get the latest updates.

Select a country or region

Africa, Middle East, and India

Asia Pacific

Europe

Latin America and the Caribbean

The United States and Canada