Personvernpodden

Datatilsynet
Personvernpodden

En podkast fra Datatilsynet Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  1. #11 SandKasten: Smart assistent på vent

    16 SEPT

    #11 SandKasten: Smart assistent på vent

    Den som venter på noko godt, bør kanskje vente litt til? Eventuelt sette av godt med tid og ressurser til å gjere grundige forarbeid. For det er ikkje berre berre å skulle få ein enklare arbeidskvardag gjennom Microsofts KI-verktøy M365 Copilot. Generativ kunstig intelligens kom på alles lepper, og ved manges fingertuppar, for to år sidan. Derfrå har det kanskje fått mest merksemd for å bli brukt til juks i skuleverket eller til å reprodusere andres åndsverk. Endeleg!Men no står KI-assistenten klar til å hjelpe oss med dei kjedelege – men nødvendige – oppgåvene, som å skrive møtereferat, svare på e-postar eller oppsummere lange rapportar for oss. Microsofts storsatsing M365 Copilot er lansert, klar for å assistere oss med stort og smått i deira Office-univers. Vi veit det er mange som klør i fingrane etter å ta i bruk dette verktøyet. Men er det lurt? Du bør i alle fall vere trygg på kva du gjer, og kva ansvar og plikter du har, før du slår det på. Då NTNU skulle bli Copilot-readyI denne episoden av SandKasten får du høyre korleis det gjekk då NTNU ville gjere seg klare for å bruke Copilot. Det er nemleg ikkje berre å betale lisens og klikke «installer». Du må gjere eit godt stykke arbeid for å bli Copilot-ready. Og det viste seg at copiloten visstnok ikkje var heilt klar for NTNU, han heller. (Eller for norsk arbeidsliv generelt?) Opptaka til episoden er tekne i samband med eit fagseminar, der NTNU presenterte funn og ein rapport frå testinga. Om ikkje lenge vil det også kome ein sluttrapport frå sjølve sandkasseprosjektet, som er meir spissa på dei personvernrelaterte sidene av å skulle ta i bruk Copilot. SandKasten er Personvernpoddens serie om livet i Datatilsynets regulatoriske sandkasse. I serien prøvar programleiar Arild Opheim å bli klok på kunstig intelligens, ved å grave i problemstillingane det blir jobba med i sandkassa. I denne episoden ser han på NTNUs Copilot-prosjekt. Medverkande: Heine Skipenes, Bodil Åberg Mokkelbost, Sebastian Forbes, Eirik Gulbrandsen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    46 min

Ratings & Reviews

4.4
out of 5
14 Ratings

About

En podkast fra Datatilsynet Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

You Might Also Like

To listen to explicit episodes, sign in.

Stay up to date with this show

Sign in or sign up to follow shows, save episodes and get the latest updates.

Select a country or region

Africa, Middle East, and India

Asia Pacific

Europe

Latin America and the Caribbean

The United States and Canada