Til bords med Anne Kristin Anne Kristin Bruns
-
- Kids & Family
Gjennom livet har eg erfart mykje som eg ønsker å dele med andre. Her vil eg dele ærlig og oppriktig frå mine erfaringar så langt i livet. Eg er ei engasjert kvinne, mamma og sosialarbeider. Eg har ikkje nødvendigvis alle svara, men eg har eit stort nettverk av menneske som eg kan invitere til mitt bord. Velkommen!
-
Til bords med Anne Kristin og Aina Økland Schøld
Mødre i 2021 har andre utfordringar enn vi hadde før i tida. Mor, Jordmor og artist Aina Økland Schøld deler sine livserfaringer både med det å vere mor, ha eit travelt liv og korleis ein kan finne ein god ballane i livet. Vi har eit heilt liv, og for Aina er trua ein natuleg del av livet. Lytt deg inn!
-
Til bords med Anne Kristin og Ayan Jama | Ep 2
Flotte Ayan Jama er gjest hos meg i dag også. Ho er 33 år, gift har tre barn. Tema i dag er mellom anna uliktheiter i synet på barneoppdragelse i ulike kulturar, kva som er viktig for henne som mor og somalier/norsk, og mykje god latter som friske opp samtalen. Møt oss ved mitt bord!
-
Til bords med Anne Kristin og Marthe Kristine
Dagens gjest er prest og snart mor, Marthe Kristine (28 år). Ho er ei aktiv dame som ikkje er redd for å seie det ho meine. Ho undre seg over mammapress samtidig som ho glede seg til å bli mamma i 2021!
-
Til bords med Anne Kristin og Mette Vabø | Valdeleg forhold
I dag er eg så heldig å ha besøk av Mette Vabø ved mitt bord. Denne dama har ei sterk historie om det å vere mor og oppdage at den nye kjæresten din er valdeleg . Kva gjer det med morsrolla, og det å både ta vare på deg sjølv og barnet ditt.
Lytt til henne og vit at om du står i ein liknande situasjon er det ein mulighet å kome seg ut av det. -
Til bords med Anne Kristin og Ayan Jama | Ep 1
Dagens gjest ved mitt bord er Aya Jama. Ei kvinne frå Somalia som er oppteken av familieliv, morsrollen og rasisme og kva ho sjølv har opplevd gjennom å ha levd her heile livet, med ein annan kulturell bakgrunn. Dette er ein serie på to intervju, så berre gled deg!
-
Ein open heim
Kloke Laila Helvig er fembarnsmor, fostermor og har ein open heim. Hør korleis ho får kvardagen til å henge sammen og kva verdier og prioriteringa ho har gjort som mor og dei som familie.