Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast

Universitetet i Stavanger
Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast

Podcaster og forelesninger fra Universitetet i Stavanger - UiS. Podcasts and lectures from UiS, University of Stavanger Norway

  1. 8 AUG

    Episode 27: Hvordan bli en autoritativ voksen?

    Er det mulig å gå fra en ettergivende voksen til en autoritativ, og i så fall hvordan? Og hvorfor er det så viktig at alle voksne prøver å strekke seg mot å være autoritative i møte med barn? I denne podkasten diskuterer programleder Maria Gilje Strand og dosent Pål Roland den autoritative voksenrollen. Forskning viser at den autorative voksne fremmer sosial utvikling og forebygger negative handlinger og mobbing i barnehager og skoler. Men det er likevel ikke slik at det bare er å bestemme seg for å bli autoritativ på 1-2-3. Det tar tid, og innebærer å bygge gode relasjoner og avklare krav og forventninger. I denne episoden gir Roland tips og råd til hvordan du kan gå frem for å bli en autoritativ voksen, og forklarer samtidig hvorfor det er så viktig at barn møter autoritative voksne hjemme, i barnehagen og på skolen.   Aktuelle temaer som blir drøftet i podkasten: Om de fire oppdragerstilene: autoritativ, autoritær, ettergivende og forsømmende (Baumrinds teori) Det autoritative perspektivet: Hva er en autoritativ voksen? Hvordan gå fra f.eks. ettergivende til autoritativ? Autoritative voksne kan fremme positiv sosial utvikling og forebygge negative handlinger og mobbing Hvordan man kan forstå og arbeide med den autoritative voksenrollen i barnehage og skole, Hvorfor det er så viktig å bygge gode relasjoner og tydelige krav og forventninger Utviklingen av et autoritativt klima i barnehagen og skolen Hvilke fordeler barn som voksner opp med autoritative voksne rundt seg kan få Les mer: Autoritativ klasseledelse – hva er det?(uis.no) Ulike oppdragerstiler(Youtube) Dette er oppdragerstilen som fungerer(Forskning.no) Den autoritative voksenrollen i barnehage og skole(Cappelen Damm) Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).

    36 min
  2. 5 JUL

    Episode 26: Behovet for meir leik inn i småskulen

    Mange skular ser no mot barnehagen for korleis dette første året i skulen bør vere, og bruken av «Lekbasert læring» byrjar å bli «vanleg» i 1. klasse. Kan ein tolke dette som eit signal om at det er eit skrikande behov for å få meir leik inn i dei første trinna på skulen? Og kva bør skulane gjere når dei ser «skuleleie» elevar allereie i 2. klasse? Dette var noko rektor Tone Rabben Hølland opplevde på Grannes skole i Sola, og noko som førte til ein omorganisering av opplegget i 1. klasse. No nyttar dei ein kombinasjon av lekbasert læring, frileik og uteskule i 1. klasse ved hennar skule, og dette til glede for lærarane og elevane. No ynskjer rektoren å sjå på moglegheita til å ta med seg leiken inn i 2. klasse også. Dette er gode nyheiter, meiner professor Ingunn Størksen, som har vore med å utvikla lekbasert læring, som svært mange skular no nyttar. Høyr denne podkasten-episoden om lekbasert læring i skulen – og korleis leiken kan få ein meir naturleg plass i 1. klassingane sin kvardag.  Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten: * Korleis bør dette første året på skulen vere?* Kombinasjonen av lekbasert læring, frileik og uteskule* Teorien om lekbasert læring og forskinga som ligg bak* Kor viktig leik er for born* Leiken gjev rom for læring  Les meir: 1.   Meir leik i småskulen har gjeve gode resultat (uis.no)2.   Bok: Lekbasert læring (uis.no)3.   Nettsiden til lekbasert læring (lekbasert.no) Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).

    33 min
  3. 20 JUN

    Episode 25: Er det plass til både leik og læring i barnehagen?

    Kva form for læring finst det i barnehagane i dag? Har alle barnehagane eit fast opplegg med aktivitetar for 5-åringane? Kva går faktisk «lekbasert læring» ut på? Og kva erfaringar har barnehagar og skular som har nytta seg av dette opplegget? Desse spørsmåla stiller programleiar Maria Gilje Strand til professor Ingunn Størksen, førstelektor Svanaug Lunde og barnehage-styrar Irene Paulsen Salte i denne podkast-episoden. Sistnemnde har nytta Lekbasert læring i eigen barnehage, og kan fortelje om nøgde og glade born og vaksne. Men dersom opplegget ser ut til å fungere for mange, kvifor er det då framleis nokre som er kritiske til Lekbasert læring? Og kan det seiast at det er rom for både leik og læring i barnehagen? Vi tar pulsen på dette viktige temaet i denne episoden som handlar om både leik og læring i barnehagen.  Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten: 1.   Kva er «lekbasert læring»?2.   Teorien om lekbasert læring og forskinga som ligg bak3.   Kor viktig leik er for born4.   Leiken gjev rom for læring5.   Kva opplegg har barnehagane for 5-åringane? 6.   Kva seier Rammeplanen om dette siste året i barnehagen?  Les meir: 1.   Meir leik i småskulen har gjeve gode resultat (uis.no)2.   Bok: Lekbasert læring (uis.no)3.   Nettsiden til lekbasert læring (lekbasert.no)   Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, Âpnes i nytt vindu).

    40 min
  4. 13 MAY

    Episode 24: Skulen sitt første møte med elevar og føresette

    I desse dagar er det mange 5-6-åringar som vitjar skulen dei skal byrje på i haust. Dei er sjølvsagt spente på kva skulen eigentleg er, og kva det å byrje på skulen faktisk inneber. Men det er ikkje berre borna som skal byrje på skulen til hausten som er spente. Det er mange føresette omkring heile landet som for tida går rundt med sommarfuglar i magen for det som snart skal skje. Korleis bør eigentleg elevar og føresette sitt første møte med skulen vere? Og kva skal til for at dette første møtet vert godt? Kva rolle kan føresette ha med tanke på det som føregår i skulen? Og på kva måte kan dei føresette vere ein ressurs for skulen? Desse spørsmåla med meir er oppe til diskusjon i denne gode og lange podkast-episoden, som handlar om «den gode starten» med programleiar Maria Gilje Strand i samtale med Guttorm Helgøy og André Baraldsnes. Denne episoden kan vere av interesse både for deg som jobbar i skulen, eller for deg som har ein skulestartar i heimen. I denne episoden tek deltakarane seg tid til å verkeleg gå i djupna på temaet, så i denne episoden kan du vente deg ein del engasjement og mange (forhåpentlegvis) kloke tankar kring dette viktige temaet. Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten: Korleis ser den «gode starten» ut? Kvifor er det viktig at elevar og føresette sitt første møte med skulen vert eit godt eit? Korleis dei føresette kan vere ein ressurs i det førebyggande arbeidet Viktigheita av eit godt samarbeid mellom skule-heim   Les meir: God start er viktig (uis.no) Hvordan gi førsteklassingene en best mulig skolestart? (uis.no) – Viktig å etablere et godt læringsmiljø fra start   Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, Âpnes i nytt vindu)

    53 min

About

Podcaster og forelesninger fra Universitetet i Stavanger - UiS. Podcasts and lectures from UiS, University of Stavanger Norway

More From University of Stavanger

You Might Also Like

To listen to explicit episodes, sign in.

Stay up to date with this show

Sign in or sign up to follow shows, save episodes and get the latest updates.

Select a country or region

Africa, Middle East, and India

Asia Pacific

Europe

Latin America and the Caribbean

The United States and Canada