Odd i krånå pTro
-
- Religión y espiritualidad
Mandagar tek programleiar Inge Kallestad ein telefon til kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland, for ein prat om liv og tru.
-
Kva fortel steinkyrkjene?
Kva kan gamle steinkyrkjer minna oss om? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har gjort seg nokre tankar om kyrkjebygg frå 11-1200 talet.
Programleiar: Inge Kallestad -
-Det svimlar for tanken
-Det at Kristus er frå evighet av er så ufatteleg at det svimlar for tanken, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. I denne episoden med "Odd i Krånå" stansar han for kven Jesus Kristus er.
Programleiar: Inge Kallestad -
Kva kan me eta?
Bibelen har forskrifter om kva fuglar og dyr som kan etast, men den stoppar ikkje med det. Apostelen Peter fekk seg ei aha-oppleving på eit hustak i byen Jaffa, fortel kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad -
Det uforståelege
-Mange spørsmål er uløyste for oss, men det kjem ein dag når me skal få greie på det, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar hjå "Odd i Krånå": Inge Kallestad -
Vekkelse i hønsehuset
Du får historie om brann i jernbanevogner, forlis langs Jærkysten og eit hønsehus som blei til bedehus når Odd Dubland fortel frå gutedagar på 1940-talet, i høve årsdagen for frigjeringa 8. mai 1945.
-
Då håpet døde
-Han som dei hadde sett heile sitt håp til var no død. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til forvirra, fortvilte og sørgjande læresveinar etter Jesu død på korset.