SunnhordlandPodden

Kjetil Fyllingen
SunnhordlandPodden

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

  1. ٢٩‏/٠٦‏/١٤٤٦ هـ

    Nyttårsforsett og Livsstilsendringar med Monica Ur, Jeanette Roede og Sven Erik Dahl

    I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du møte Monica Ur, ein engasjert og erfaren kursleiar som brenn for å hjelpe folk til å oppnå varige livsstilsendringar. Saman med Jeanette Roede og Sven Erik Dahl frå Grete Roede diskuterer ho tema som nyttårsforsett, veiledning og korleis kurs kan støtte folk på vegen mot eit lettare og sunnare liv. Monica deler si personlege reise, inkludert erfaringar med vektnedgang og kva som motiverer henne som veileder. Vi får også eit innblikk i Roede-metoden, som er basert på over 50 års erfaring, praktisk kunnskap og solid forsking. Metoden er testet ut gjennom ny norsk forsking i samarbeid med Sykehuset i Vestfold – noko som gjer at 9 av 10 lukkast med å nå måla sine. Få inspirasjon og konkrete tips til å starte det nye året med sunne og bærekraftige vanar! Sponsor: Velværetunet Treng du eit friminutt i kvardagen? 🌿 Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtast. Tunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum, i eit fredelig område der du kan parkere rett utanfor døra. Velværetunet tilbyr eit breitt spekter av behandlingar: 🌸 Hudpleie og spa-behandlingar 💆‍♀️ Massasje for total avkobling 💄 Makeup og pleie for bryn og vipper 🧖‍♀️ Sauna og massasjebad I dei lyse, romslige lokalene får du profesjonell behandling av Anne Britt Ottesen, som brenn for å gi deg auka velvære. Velværetunet har lokale på 140 kvm, med 3 behandlingsrom, 1 dag SPA, butikk og kurslokale. Anne Britt har over 20 års erfaring og står klar til å ta imot deg med tryggleik og omsorg. Gje deg sjølv – eller nokon du er glad i – ei velfortent pause. Bestill din time hos Velværetunet i dag! 🌿 Velkomen til eit friminutt i kvardagen! 🌿 Sjekk ut: https://www.velveretunet.no

    ٤٧ من الدقائق
  2. ١٥‏/٠٦‏/١٤٤٦ هـ

    Ellinor Austad Bergesen - om Fitjar Frivilligsentral: 25 år med engasjement og samhørighet

    Ellinor Austad Bergesen, leiar for Fitjar Frivilligsentral, har vore drivkrafta bak frivillig arbeid på Fitjar i 25 år. Ho deler sine erfaringar frå å leie frivillige prosjekt, utvikle aktivitetar for alle aldersgrupper, og kor viktig det er å knyte saman lokalsamfunnet gjennom frivillig innsats. Ho fortel om både høgdepunkt og utfordringar, og avslører ei spennande nyheit som kjem til neste år. Vi får også høyre om hennar personlege reise – frå å vere Hammerfests første kvinnelige taxiførar (på hobbybasis), til å bli engasjert i frivillig arbeid og leie ein av dei viktigaste samfunnsaktørane på Fitjar. Høyr om korleis frivillig arbeid kan endre liv og skape eit sterkare lokalsamfunn. Støttespelar: Fitjar Kraftlag Denne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk! Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.

    ٣٩ من الدقائق
  3. ٠٨‏/٠٦‏/١٤٤٦ هـ

    Susanna Heggland - om Modertreet, Morskap og Mental helse

    Bli kjent med psykologspesialist Susanna Heggland frå Tysnes. Ho deler si reise frå oppveksten på Tysnes til livet som psykolog og småbrukar, og fortel om sitt engasjement for psykisk helse og kvinnehelse, spesielt gjennom graviditet og barseltid. Vi får høyre om hennar arbeid med Modertreet, ein metode som fokuserer på den psykiske vekstprosessen kvinner opplever når dei blir mødre.  Susanne deler også innsikt i korleis ho balanserer eit aktivt familieliv, pendling og fleire roller som psykolog. Sjekk ut: https://www.instagram.com/modertreet/ og https://www.hegglandpsykologtjenester.no  Perinatal mental helse handlar om psykisk helse i tida rundt graviditet og småbarnsperioden, som blir sett på som kritisk for både foreldre og barn. Dei første 1001 dagane, frå unnfangelse til barnet fyller to år, er avgjerande for utviklinga av hjernen og det emosjonelle grunnlaget for livet. God mental helse hos foreldre fremjar trygge relasjonar og positiv tilknyting, som er essensielt for barnets vekst og utvikling. Utfordringar som angst og depresjon kan påverka både foreldreskap og barnets utvikling negativt, noko som understrekar behovet for støtte og tidleg intervensjon i denne perioden. Sponsor: Tysnes gjev meirsma Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.  Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida ⁠visittysnes.no⁠ finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.

    ٤٧ من الدقائق

حول

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

قد يعجبك أيضًا

للاستماع إلى حلقات ذات محتوى فاضح، قم بتسجيل الدخول.

اطلع على آخر مستجدات هذا البرنامج

قم بتسجيل الدخول أو التسجيل لمتابعة البرامج وحفظ الحلقات والحصول على آخر التحديثات.

تحديد بلد أو منطقة

أفريقيا والشرق الأوسط، والهند

آسيا والمحيط الهادئ

أوروبا

أمريكا اللاتينية والكاريبي

الولايات المتحدة وكندا