Episode 25: Er det plass til både leik og læring i barnehagen?
Kva form for læring finst det i barnehagane i dag? Har alle barnehagane eit fast opplegg med aktivitetar for 5-åringane? Kva går faktisk «lekbasert læring» ut på? Og kva erfaringar har barnehagar og skular som har nytta seg av dette opplegget? Desse spørsmåla stiller programleiar Maria Gilje Strand til professor Ingunn Størksen, førstelektor Svanaug Lunde og barnehage-styrar Irene Paulsen Salte i denne podkast-episoden. Sistnemnde har nytta Lekbasert læring i eigen barnehage, og kan fortelje om nøgde og glade born og vaksne. Men dersom opplegget ser ut til å fungere for mange, kvifor er det då framleis nokre som er kritiske til Lekbasert læring? Og kan det seiast at det er rom for både leik og læring i barnehagen? Vi tar pulsen på dette viktige temaet i denne episoden som handlar om både leik og læring i barnehagen.
Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten:
1. Kva er «lekbasert læring»?
2. Teorien om lekbasert læring og forskinga som ligg bak
3. Kor viktig leik er for born
4. Leiken gjev rom for læring
5. Kva opplegg har barnehagane for 5-åringane?
6. Kva seier Rammeplanen om dette siste året i barnehagen?
Les meir:
1. Meir leik i småskulen har gjeve gode resultat (uis.no)
2. Bok: Lekbasert læring (uis.no)
3. Nettsiden til lekbasert læring (lekbasert.no)
Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, Âpnes i nytt vindu).
Информация
- Подкаст
- Опубликовано20 июня 2024 г., 09:07 UTC
- Длительность40 мин.
- ОграниченияБез ненормативной лексики