Herlige Hjelmeland Morten Hetland og Roger Sjursen
-
- Society & Culture
Roger Sjursen og Morten Hetland lar lyttarane bli betre kjende samfunnsliv, næringsliv og kvardagsliv i herlige Hjelmeland.
-
Humor
Silje Sværen, Solveig Bog og Sven Gil Westersjø fortel om korleis revysketsjar har samla folk på Jøsneset. Morten har vore på Helgøy, og drøsa med Jon Arne Helgøy; den pensjonerte skyssbåt-skipperen som har fylt fjordane med humor, humør og historier i over førti år. I studio har me fått besøk av Jan Arne Hansen, som i vaksen alder har våga seg opp på standup-scenen.
Meir informasjon, og knappar for å abonnera på podkasten, finn du på HerligeHjelmeland.no -
Eventyr
Me blir betre kjende med Eventyrskogen, næringseventyret i Hjelmeland og eventyrar Karen Malena Kyllesø.
Meir informasjon, og knappar for å abonnera på podkasten, finn du på HerligeHjelmeland.no -
Musikk
Me blir betre kjende med Hjelmeland Storband, Løa i Tønnevik og Hjelmeland kulturskule.
Meir informasjon, og knappar for å abonnera på podkasten, finn du på HerligeHjelmeland.no -
Snipp, snapp, snute…
Roger og Morten evaluerer valresultatet, og legg ein ny plan. Herlige Hjelmeland: Ut med det visne, inn med noko nytt.
-
Livsfjerne svermarar eller grøne realistar?
Roger og Morten er klare for fire nye år i lokalpolitikken, men må først gjera noko med ryktet sitt som "livsfjerne svermarar". Programleiarane sin kompis, og tidlegare lokalavis-journalist, Magnar Riveland, blir med i samtalen og stiller dei kritiske spørsmåla. Herlige Hjelmeland: Rutsjebanar.
Gjest: Magnar Riveland -
Politisk rekneskap
Roger og Morten ser tilbake på dei siste fire åra, og oppsummerer korleis MDG har bidratt i lokalpolitikken i Hjelmeland. Dagens gjest – Alexander Rügert-Raustein – blir med i samtalen, og gjer opp rekneskapen etter dei siste fire åra som fylkestingsrepresentant og folkevald i Randaberg. Herlige Hjelmeland: Folk i fjellet.
Gjest: Alexander Rügert-Raustein