Episode 23: Med livsmeistring på timeplanen

Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast

Livsmeistring i skulen var eit heitt tema då «folkehelse og livsmeistring» vart lansert som eit tverrfagleg tema i skulen, men no kan det verke som om debatten har stilna noko. Korleis er stoda i skulen no når ein har hatt dette temaet på timeplanen ei stund? Og kva legg ein eigentleg i omgrepet «livsmeistring» i skulesamanheng, og korleis er det implementert i skulen? Dette skal ein prøve å finne ut i forskingsprosjektet LIFE, som nyleg har starta opp. Leiarane av prosjektet Hildegunn Fandrem og Geir Skeie diskuterer temaet livsmeistring saman i podkast-studio i ein episode leia av programleiar Maria Gilje Strand.

Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten:

  1. Kva legg ein i omgrepet livsmeistring i skulesamanheng?
  2. Korleis er dette tverrfaglege temaet implementert i skulen?
  3. Om forskingsprosjektet LIFE, og kva ein skal forske på i dette prosjektet
  4. Har debatten rundt livsmeistring stilna noko?

 Les meir:

  1. Livsmestring på timeplanen – hvordan har det gått? (uis.no)
  2. Folkehelse og livsmestring (utdanningsdirektoratet.no)
  3. Livsmestring er blitt tverrfaglig tema i skolen (youtube.com)

Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, Âpnes i nytt vindu)

To listen to explicit episodes, sign in.

Stay up to date with this show

Sign in or sign up to follow shows, save episodes and get the latest updates.

Select a country or region

Africa, Middle East, and India

Asia Pacific

Europe

Latin America and the Caribbean

The United States and Canada