34 episodes

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.
Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.
Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.
Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?
I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.
Ny episode annankvar onsdag utover hausten.
Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Språkoppdraget Det Norske Teatret

    • Education

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.
Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.
Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.
Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?
I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.
Ny episode annankvar onsdag utover hausten.
Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Ordbokredaktør Margunn Rauset om Nynorsk ordliste, kløyvd infinitiv og MP3-spelarar

    Ordbokredaktør Margunn Rauset om Nynorsk ordliste, kløyvd infinitiv og MP3-spelarar

    Spynorsk. The Musical hadde premiere i april og speler i vår for fulle hus på Det Norske Teatret. I denne episoden av Språkoppdraget tar vi for oss boka bak musikalen, nemleg Nynorsk ordliste. På premierefesten til Spynorsk. The Musical var det to personar som stod i fleire timar og skreiv autografar, og det var dei to redaktørane av nettopp Nynorsk Ordliste. Ei av dei er leksikograf Margunn Rauset, som også er hovudredaktør for Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nettet. Vi har invitert henne til Språkoppdraget for å fortelje om livet som ordbokredaktør. Skriv ho alltid autografar på fest? Kor mykje makt har ho eigentleg over språket? Kor mange gonger for dag brukar ho sjølv ordboka og ordlista, og kva er eigentleg forskjellen på dei to? Kor redd blir du for å skrive feil når du er sjef for sjølvaste ordboka? Og er eigentleg boka betre enn musikalen?
     
    I Språkoppdraget går vi inn i historia frå Ivar Aasen og fram til den ordboka vi har i dag, slik ho eigentleg er, dukkar litt djupare ned i kløyvd infinitiv og snakkar mykje om korleis ein eigentleg redigerer ei ordbok. Kva skal til for å få inn eit ord, korleis endrar eit ord skrivemåte, og kan eit ord forsvinne frå språket? Med ein ordbokredaktør i studio er det naturleg å komme inn på dei vanlege skrivefeila våre, dei beste nynorsktipsa og få svar på kva folk eigentleg lurer på om rettskriving. Og har det eigentleg noko å seie om det er menn eller kvinner som redigerer ordboka? Vi får også vite kva ord Margunn Rauset er mest flau over å ha tatt inn i ordlista. Velkommen til ein dryg times djupdykk i ordboka mange av oss les i kvar dag. Du kan høyre podkasten på MP3-spelaren din, nei, orsak; der du høyrer podkast. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    • 1 hr 19 min
    Preben Hodneland om Fosse, pausar og prosess

    Preben Hodneland om Fosse, pausar og prosess

    Eigentleg var Preben Hodneland godt i gang med ein yrkeskarriere som prosessteknikar i oljeindustrien på Mongstad, då han kom inn på teaterhøgskolen på tredje forsøk. Han forlet tal, maskinar og den litt harde kommunikasjonsforma i industrien på Vestlandet, og reiste til Oslo for å komme i kontakt med sine eigne kjensler gjennom dei kunstnarlege prosessane på skolen.
    I år er det 10 år sidan Preben debuterte som profesjonell skodespelar, og på dei åra har han gjort ei rad ulike roller her på Det Norske Teatret, frå steppande misjonær i Uganda i The Book of Mormon til tittelrolla i Raskolnikov, der han speler ein lutfattig og febril mordar. Han har vunne norsk teaters mest høgthengande pris, Heddaprisen to gonger for beste medspelar og ein gong for beste hovudrolle. No speler han endeleg i eit stykke av ein annan vestlending han har stor respekt for, Jon Fosse.
    Preben kjem til opptak av Språkoppdraget rett frå ei framsyning av Einkvan, det nyaste Fosse-stykket, og fortel oss om rutinane sine før og etter ei framsyning. Vi snakkar også om korleis det er å gyve laus på den første urpremieren til Fosse etter at han fekk Nobelprisen, vi dykkar ned i språket og pausane til Fosse og inviterer oss sjølve inn i hovudet til Preben for å forstå korleis han går inn i rollene han speler, om kvifor han alltid forsvarar karakteren sin, uansett kor patetisk han er, og om kva som er den største forskjellen på å spele hovudroller og biroller.
    Vi snakkar om pugging av tekst, om kva som skil ein lang pause frå ein ganske lang pause, om kva som er best av teater og film, om kvifor Preben har slutta med teiknsetting i skrift, om korleis dialekta hans har tolt flyttinga til Oslo, kva som ville vore den ultimate musikalrolla for Preben Hodneland og kva han følte den gongen han fekk kjeft av Jon Fosse. Velkomne til ein god og nerdete prat om teater og språk!


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    • 59 min
    Ingrid Bjørnov om språk, musikk og mikken til pauken

    Ingrid Bjørnov om språk, musikk og mikken til pauken

    Som barn av to lærarar er Ingrid Bjørnov oppteken av språk og rettskriving. Men akkurat teiknsettinga er ho berre oppteken av på vekedagar. Ho har vore kjendis sidan ho var tenåring, vore popstjerne med filler i håret, innført stilleståande skigåing som dansetrinn i Grand Prix og blitt bannlyst i Nederland for vanæring av Mozart. No er ho aktuell med ein heilt ny musikal om Ivar Aasen, i tospann med Are Kalvø.
    I denne episoden av Språkoppdraget får du høyre om prosessen med å lage musikal. Kva er ein god prolog? Kan ein bossanova kan vere uironisk? Og kvifor er det viktig at symbalen ikkje gir gjenhøyr i mikken til pauken? Vi måler stemninga berre nokre dagar før urpremieren på Spynorsk. The Musical.
    Du får også vite kvifor Ingrid Bjørnov helst ser sportssendingar utan lyd, korleis det var å møte ABBA-politiet, og om det eigentleg er mogleg å ete ei pølse med lompe på tvers, samtidig som ein blir intervjua på TV. 

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    • 1 hr 2 min
    Frank Kjosås om stemmebruk, språkval og Ivar Aasen

    Frank Kjosås om stemmebruk, språkval og Ivar Aasen

    Frank Kjosås har spelt både Jesus, Judas og Hitler og hatt ei rekke store musikalroller på scenen på Det Norske Teatret. No står ein ny historisk person for tur. I vår speler han nemleg sjølvaste Ivar Aasen i den nyskrivne musikalen Spynorsk. The Musical av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov. I tillegg jobbar han mykje med dubbing og å lese inn lydbøker, og i denne episoden av Språkoppdraget snakkar Frank om stemmebruk, språkval, om rollene han liker best og om kva det er som gjer at han aldri greier å hugse teksten på O, helga natt og andre kjente songar, men lærer seg melodiane til Ingrid Bjørnov utanåt i løpet av ein føremiddag.
    I Språkoppdraget fortel Frank også om norsklæraren som fekk han til å innsjå at han faktisk kunne og måtte bli skodespelar, om stemmebrukslæraren som lærte han å bruke stemma si rett, og om kvifor han bytte ut ordet innleving med oppleving og fekk det mykje betre som skodespelar. Vi får eit lynkurs i dialektovergang og lærer om korleis Frank ser an eit rom og tilpassar stemma si etter det.
    Den språkmedvitne skodespelaren snakkar også om korleis det er å følgje språkutviklinga til dei to 3-åringane han er pappa til, og han fortel om skriveprosessen han er midt i, og likskapane mellom å skrive roman og lage teater. Stikkordet er oppleving. Vi håpar og trur at denne episoden av Språkoppdraget skal vekkje åtgaum hos lyttarane våre. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    • 53 min
    Peder Lofnes Hauge om nynorsk, spynorsk og superhelten Ivar Aasen

    Peder Lofnes Hauge om nynorsk, spynorsk og superhelten Ivar Aasen

    Peder Lofnes Hauge skribla aldri spynorsk mordliste på den nynorske ordlista si då han gjekk på skolen. Han vaks nemleg opp omgjeven av nynorsk i Gloppen i Nordfjord, hadde nynorsk som hovudmål gjennom heile grunnskolen og vidaregåande skole, og har alltid vore glad i språket sitt. Men det var ikkje før han kom til Bergen som student at han vart nynorskaktivist. Då opplevde han for første gong å vere i mindretal og at han måtte forsvare språket sitt i mange ulike samanhengar.
    Det har han halde fram med, for no er Peder Lofnes Hauge leiar i Noregs Mållag, eit verv han har hatt i fire år. På landsmøtet til Mållaget i april tar han attval til leiarvervet, og i denne episoden av Språkoppdraget får han snakke om det han er aller mest opptatt av, nemleg nynorsk. Vi snakkar om nynorsk i medvind og nynorsk i motvind; om kva det er som gjer at medlemmane strøymer til Noregs Mållag for tida, kva Noregs Mållag eigentleg driv med, kvifor digitalisering er ei utfordring for nynorskopplæringa, kva det har å seie for nynorsken at Jon Fosse vann Nobelprisen i litteratur, og om mållagsleiaren får mykje kjeft for språkføringa si når han frontar nynorsken i media.
    Vi får også ein snikkikk inn i kulissane på sjølve nobelprisutdelinga i Stockholm i desember, for mållagsleiaren er ein av dei heldige som faktisk var til stades då Jon Fosse fekk prisen. Peder avslører også kor mykje han gler seg til premieren på Spynorsk – the musikal, og om kor oppglødd han var då han såg Frost frå rad 1 på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Og så diskuterer vi sjølvsagt kva som er dei fremste superhelteigenskapane til Ivar Aasen. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    • 50 min
    Manish Sharma om Haugesund, hindi og Hør her’a

    Manish Sharma om Haugesund, hindi og Hør her’a

    I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av skodespelar Manish Sharma, som er premiereklar med stykket Hør her’a i desse dagar. Manish er truleg ein av landets største Haugesund-patriotar, og i denne episoden snakkar han om kvifor han er så glad i heimbyen sin, om korleis han lærte seg hindi, morsmålet til foreldra sine, gjennom å sjå Bollywood-filmar, og om kvifor han misliker at det er så mange engelske ord i hindi og norsk.
    Mange kjenner Manish frå seriesuksessen Makta, der han speler partisekretær Ivar Leveraas, eller frå teaterstykket Tante Ulrikkes vei, som han speler i på femte året. Eller så har du kanskje sett han på NAV på Tøyen. Manish jobba nemleg som saksbehandlar der mens han venta på at draumen om å komme inn på Teaterhøgskolen skulle gå i oppfylling. Kva tar han med seg frå NAV inn i teateret, og finst det nokre likskapar mellom sosionomyrket og skodespelaryrket?
    Vi skal sjølvsagt også snakke om Hør her’a, både boka, filmen og teaterstykket. Her er Manish ekspert. Han speler nemleg både i filmen som kom i fjor og i teaterstykket på Det Norske Teatret denne våren. Vi snakkar om forskjellen på film og teater, om forskjellen på å bli casta som pakistansk taxisjåfør og norsk partisekretær, og om kvifor urdu er så løye på nynorsk. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    • 43 min

Top Podcasts In Education

The Mel Robbins Podcast
Mel Robbins
The Jordan B. Peterson Podcast
Dr. Jordan B. Peterson
Digital Social Hour
Sean Kelly
Mick Unplugged
Mick Hunt
The Rich Roll Podcast
Rich Roll
Law of Attraction SECRETS
Natasha Graziano

You Might Also Like

Abid & Nadia: Skyld og Skam
PLAN-B & Acast
Krisemøter
Moderne Media
Min barneoppdragelse
Lyder Produksjoner & Acast
Morgenbladets podkaster
Morgenbladet
fÆb
fÆbrik og Bauer Media
The Kåss Furuseths
NRK