SunnhordlandPodden

Kjetil Fyllingen

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

  1. 6. APR.

    Ove H. Wilhelmsen - om Breeze Ship Design, leiarskap og korleis ein byggjer kultur og fellesskap

    Frå eit verdsomspennande konsern med 18 000 tilsette til eit nystarta selskap med berre to på lønningslista. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Ove H. Wilhelmsen, administrerande direktør i Breeze Ship Design. Du får høyra historia om korleis Breeze vart til i 2020, om satsinga som har vakse til eit selskap med rundt 60 tilsette, og om livet som leiar i ei bransje i rask utvikling. Samtalen handlar om skipsdesign, gründerreise, leiarskap, teknologi, det grøne skiftet – og om korleis ein byggjer kultur og fellesskap i ein arbeidsplass i vekst. Samtidig blir du betre kjend med mannen bak tittelen: ein engasjert leiar, tidlegare lærar, reiseglad skipsdesign-entusiast og ein person som er opptatt av folk, tillit og gode relasjonar. Ein spennande prat om næringsliv, innovasjon og Sunnhordland si rolle i ei global maritim verd. Sponsor: Alde Akva Alde Akva er et rådgivermiljø med 15 ansatte som bygger et sterkt kompetansehus innen akvakultur.  Alde Akva er faglig tydelig og menneskelig raus i måten de jobber på.Dei har hovedkontor på Stord og kontorer i Haugesund, Trondheim og Tromsø. Med spisskompetanse innen planlegging og gjennomføring av prosjekter innen landbaserte oppdrettsanlegg og lukkede systemer i sjø, tilbyr Alde Akva prosjekteringstjenester som sikrer optimale og kostnadseffektive prosesser – fra forprosjekt og detaljprosjekt til ferdig godkjent og idriftsatt anlegg. Sjå nettsida aldeakva.no for meir informasjon. Stor takk til Alde Akva for at dei ville sponse denne episoden.

    54 Min.
  2. 30. MÄRZ

    Korleis skaper ein fellesskap på tvers av språk, kultur og bakgrunn?

    I denne episoden møter du Veronica Ivanov og Arna Vik Misje frå Internasjonal Kulturklubb (IKK) på Stord – ein organisasjon som heilt sidan 1989 har arbeidd for å skapa møteplassar der folk kan bli kjende, kjenna seg velkomne og høyra til. Du får høyra historia om korleis IKK starta, kvifor arbeidet betyr så mykje, og korleis klubben i dag byggjer bru mellom menneske gjennom språkkafé, internasjonal kafé, dansegruppe, matkurs, karneval og samarbeid med andre organisasjonar. Vi snakkar òg om: korleis det er å koma ny til Noregkvifor små initiativ kan bety så mykjekorleis vennskap og kjennskap gjer integrering lettareog kvifor dette arbeidet er viktigare enn nokon gong i ei uroleg verdDette er ein varm, klok og inspirerande prat om menneskemøte, inkludering og verdien av å sjå kvarandre. Sponsor: Subshore Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera meir enn berre å levera gode løysingar – dei vil vera med på å byggja menneske og fellesskap. Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, arbeider dei for ein kultur der folk blir sette – og der ein heiar kvarandre fram. Og nettopp det treff ekstra godt i ein episode som denne. For det er jo nettopp dette Internasjonal Kulturklubb handlar om: å sjå kvarandreå skapa møteplassarå byggja fellesskap på tvers av kulturarSubshore minner oss om at små handlingar kan bety mykje. Eit smil. Ei invitasjon. Litt tid. Litt omsorg. Når vi heiar på kvarandre, får fleire moglegheit til å høyra til – og til å skina. Derfor er Sunnhordlandpodden både stolt og takksam for å ha Subshore med på laget.

    53 Min.
  3. Finnås Kraftlag - 80 år med lys, varme og fellesskap på Bømlo

    23. MÄRZ

    Finnås Kraftlag - 80 år med lys, varme og fellesskap på Bømlo

    Finnås Kraftlag fyller 80 år i 2026, og i denne episoden møter vi styreleiar Torleiv Fylkesnes til ein prat om historia, utviklinga og framtida til eit av dei viktigaste selskapa på Bømlo. Korleis vart Kraftlaget til? Kva har gjort Finnås Kraftlag til meir enn berre ein leverandør av straum og fiber? Og kvifor betyr det så mykje at bømlingane sjølve eig selskapet? Vi snakkar om samfunnsbygging, samvirke, solidaritet, kulturstøtte, fiberutbygging og framtidas kraftbehov – men òg om musikk, lokal stoltheit og kvifor gode opplevingar i fellesskap betyr så mykje.  Ein varm og engasjerande jubileumsepisode om historie, identitet og framtidstru på Bømlo. Jubileumsfeiring i 2026 I samband med 80-årsjubileet ønskjer Finnås Kraftlag å markera året saman med heile lokalsamfunnet. Søndag 7. juni inviterer dei til ein skikkeleg folkefest i bakgarden på kraftlaget – open for alle som ønsker å ta turen. Programmet er ikkje heilt ferdig spikra enno, men Finnås Kraftlag kan allereie no røpa at Heine Totland kjem med band, i tillegg til andre lokale artistar. Det blir òg besøk av både Bjørnis og VilVite-senteret, så alt ligg til rette for ein skikkeleg kjekk dag for heile familien. I tillegg blir det servert gratis pølser, is, kaffi og kaker. Set av datoen allereie no – dette vil du ikkje gå glipp av.  Sponsor: Episoden er eit kommersielt samarbeid med Finnås Kraftlag.

    54 Min.
  4. 9. MÄRZ

    Eldsjelene bak Stord Maritime Museum - om motorar, skipsbygging og hermetikk

    Kva betyr den maritime historia for Stord og Sunnhordland i dag? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Gunnar Bjørk og Magne Gravdal frå Stord maritime museum – to eldsjeler som brenn for å ta vare på og formidla ei viktig side av historia vår. Me snakkar om motorar, skipsbygging, hermetikk, HSD, krigshistorie og kvifor Lervik har vore ein så sentral stad i regionen. Du får høyra korleis museet vart til, kva du kan oppleva der i dag, og kvifor dette arbeidet handlar om langt meir enn gamle gjenstandar. Det handlar om identitet, kunnskap, stoltheit og om å gje historia vidare til nye generasjonar. Dette er ein episode for deg som er glad i lokalhistorie, kystkultur, frivillig arbeid – eller berre vil forstå litt meir av kva som har forma Sunnhordland. Lytt og bli inspirert av historia som framleis lever på kaien i Leirvik. Sponsor: Oma Baatbyggeri Visste du at Oma Baatbyggeri har bygd båtar på Stord sidan 1909? Hos Oma Baatbyggeri blir stolte handverkstradisjonar kombinerte med moderne teknologi, og i dag er verksemda eit av verfta i Noreg med lengst erfaring innan aluminiumsbygging. Frå konstruksjon og ingeniørarbeid til produksjon i verkstadshallane – det som skaper resultata, er dyktige fagfolk med lidenskap for faget sitt. Oma Baatbyggeri held til på Stord og byggjer hurtiggåande passasjerbåtar, bilferjer og spesialfartøy for heile kysten. Dei er stolte av historia si – og opptekne av framtida. Vil du vite meir om kven dei er og kva dei gjer? Les meir på oma.no

    34 Min.

Info

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

Das gefällt dir vielleicht auch