Skrivesnakk

Sunniva Relling Berg

Alt muleg skriverelatert. I podkasten Skrivesnakk har eg intervjua over femti dyktige og aktuelle forfattarar som snakkar om si eiga skriving. skrivesnakk.substack.com

  1. 50. Ungdom og lesing: Dette gir ungdom leselyst

    03/19/2025

    50. Ungdom og lesing: Dette gir ungdom leselyst

    Kva får tenåringsgutar til å bli engasjert i ein roman om ei tenestejente på 1700-talet? Kva har fått Maria, som går på vidaregåande, til å lese meir enn nokon gong? I denne episoden får du òg svar på kva som er den største bekymringa til Ellen, som har vore norsklærar i over ti år. Dette er ein litt annleis episode av Skrivesnakk, og er laga i samarbeid med Norsk Forfattersentrum i høve det nasjonale prosjektet #postkodeNorge der Forfattersentrum arrangerte skrivekurs for ungdom rundt omkring i landet. I forlenginga av det var det ønskeleg å lage ein podkast med fokus på ungdom og lesing.  I episoden får du høyre Alexander Aran Charoensang Otlo og Theo Lorgen Martinsen som går i tiande klasse på Skarbøvik ungdomsskule. Charlotte Riise er norsklæraren deira, og blir òg intervjua. Skarbøvik ungdomsskule har modellert lesesatsinga LeseSnes etter Stangeland ungdomsskole på Karmøy.  Vetle Koppernes er elev på barne- og ungdomsarbeiderfag ved Ålesund videregående skole.  Ellen Sofie Marstrander er norsklæraren til Vetle, og jobbar på Ålesund videregående skole.  Maria Hole Ødegaard og Andrea Ramsvik Bjørdal går vg2 studiespesialiserande ved Ålesund videregående skole.  Malin Finsæther Skarbø er bibliotekleiar ved Ålesund videregående skole.  Kort om norsk forfattersentrum: Norsk Forfattersentrum vart etablert i 1968 for å skape kontakt mellom forfattarar og publikum og å sikre forfattarane honorar for oppdraga. Organisasjonen yter service til forfattarar, oppdragsgivarar og publikum i heile landet. Les meir på heimesidene til Forfattersentrum: https://www.forfattersentrum.no/   Ta gjerne kontakt! Instagram: @sunnivarellingberg E-post: skrivesnakk@gmail.com Nettside: sunnivaberg.no Musikk: Simon Relling Berg Grafisk design: Vidar Flak Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com

    38 min
  2. 42. Hilde Myklebust og Martin Baldysz: Har sitt eige vesle skrivekollektiv

    05/07/2024

    42. Hilde Myklebust og Martin Baldysz: Har sitt eige vesle skrivekollektiv

    Hilde Myklebust og Martin Baldysz er forfattarar, småbrukarar og sambuarar. Barna deira er sjette generasjon som bur på garden i Syltedalen. Den nyaste boka i familien kom i går. No står boka Fallgard i vindaugskarmen. Utanfor glaset er det fullt av lam på jordet. Hilde Myklebust har skrive dikt, bildebøker og roman for ungdom og vaksne. Martin Baldysz har skrive romanar og under pseudonymet Karen Støylen står han bak 22 bøker i romanserien Brenninger. Høyr meir om korleis froskeinteressa førte Hilde og Martin saman og mysteriet med Karen Støylen, i tillegg til innsikt både om skrivinga og gardslivet. Bøkene til Hilde Myklebust: Berre dagar seinare, lyrikk, Samlaget (2005)Søkk, lyrikk, Samlaget (2008)Jon og den lange julenatta, barnebok, Samlaget (2009)Glødepunkt, roman, Samlaget (2011)Du skal dele namn med ein sjeldan fugl, lyrikk, TUR forlag (2012)Bjørkebokstavar, barnebok, Samlaget (2015)Kvar ein fugl, lyrikk, Samlaget (2018)Ylva og villgeitene, barnebok, Samlaget (2020)Splintra, ungdomsbok, Samlaget (2022)Bøkene til Martin Baldysz Vintertrang, roman, MARGbok (2013)Vardane, roman, Samlaget (2020)Fallgard, roman, Samlaget (2024)Under pseudonymet Karen Støylen har han skrive 22 bøker i serien Brenninger (2020-2023) Ta gjerne kontakt! Instagram: @sunnivarellingberg E-post: skrivesnakk@gmail.com Nettside: sunnivaberg.no Musikk: Simon Relling Berg Grafisk design: Vidar Flak Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com

    31 min

About

Alt muleg skriverelatert. I podkasten Skrivesnakk har eg intervjua over femti dyktige og aktuelle forfattarar som snakkar om si eiga skriving. skrivesnakk.substack.com