Brynekyrkja

Stein Ødegård

Her finner du taler og anna stoff frå Brynekyrkja. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  1. 2h ago

    Preike på 19. søndag i treeiningstida - 04-10-2026 - v/Trond Inge Tappel

    Lesetekst 1 Herre, til himmelen når di miskunn, til skyene rekk din truskap. Di rettferd er som mektige fjell, som det store havdjup er dine dommar. Herre, du bergar både menneske og dyr. Kor verdfull din kjærleik er, Gud! I skuggen av dine venger søkjer menneskeborna ly. Dei får nyta overfloda i ditt hus, du lèt dei drikka av gledebekken din. For hos deg er livsens kjelde, i ditt lys ser vi lys. Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg, di rettferd for dei ærlege av hjartet. Salmane 36,6–11   Lesetekst 2 Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då følgjer de ikkje lystene i kjøtet. For det kjøtet vil, står Anden imot, og det Anden vil, står kjøtet imot. Dei to ligg i strid med kvarandre, så de ikkje kan gjera det de vil. Men blir de drivne av Anden, då er de ikkje under lova. Det er klårt kva slag gjerningar som kjem frå kjøtet: hor, umoral, usømd, avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar, misunning, fyll, festing og meir av det slaget. Eg har sagt det før og seier det på nytt: Dei som driv med slikt, skal ikkje arva Guds rike. Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot! Dei som høyrer Kristus [Jesus] til, har krossfest kjøtet med lidenskapane og dei vonde lystene. Lever vi ved Anden, så lat oss òg vandra i Anden. Lat oss ikkje vera drivne av æresjuke så vi utfordrar og misunner kvarandre. Galatarane 5,16–26   Evangelietekst Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket. De har høyrt det er sagt til forfedrane: ‘Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal vera skuldig for domstolen.’ Men eg seier dykk: Den som blir sint på bror sin eller syster si ⸆, skal vera skuldig for domstolen, og den som seier til ein bror eller ei syster: ‘Din tosk’ skal vera skuldig for Det høge rådet, og den som seier: ‘Din gudlause narr’ er skuldig til helvetes eld. Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at bror din eller syster di har noko imot deg, så lat gåva di liggja framfor altaret og gå først og forlik deg med bror din eller syster di. Så kan du koma og bera fram offeret ditt! Ver snar til å forlika deg med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for dommaren, og dommaren gjev deg over til vaktmannen, og du blir kasta i fengsel. Sanneleg, eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre. Matteus 5,20–26 Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Preike på 19. søndag i treeiningstida - 04-10-2026 - v/Trond Inge Tappel
  2. Sep 6

    Å løna vondt med godt - Preike på 15. søndag i treeiningstida - 06-09-2026 - v/Trond Inge Tappel

    Lesetekst 1 Kva skal eg koma fram for Herren med når eg bøyer meg for Gud i det høge? Skal eg koma til han med brennoffer, med årsgamle kalvar? Bryr Herren seg om tusenvis av vêrar, titusenvis av oljebekker? Skal eg ofra min førstefødde for mitt brot, mi livsfrukt for mi sjels synd? Han har kunngjort for deg, menneske, kva godt er. Og kva krev Herren av deg? Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud. Mika 6,6–8   Lesetekst 2 Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag, fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud. Filipparane 1,9–11 Evangelietekst De har høyrt det er sagt: ‘Auge for auge og tann for tann.’ Men eg seier dykk: Set dykk ikkje til motverje mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til. Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg. Tvingar nokon deg til å følgja han éi mil, så gå to med han. Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg. Elsk fiendane dykkar De har høyrt det er sagt: ‘Du skal elska nesten din og hata fienden din.’ Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, ⸆ og be for dei som ⸆ forfølgjer dykk. Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje folkeslaga det same? Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen. Matteus 5,38–48 Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Å løna vondt med godt - Preike på 15. søndag i treeiningstida - 06-09-2026 - v/Trond Inge Tappel
  3. Aug 16

    Ver ikkje urolege - Preike på 12. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 16.08.2026

    Lesetekst 1 Men i di store miskunn forlét du dei ikkje i ørkenen. Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen, men førte dei på vegen; og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta, men lyste opp vegen dei skulle gå. Du gav dei din gode Ande for at dei skulle få visdom. Du nekta dei ikkje manna til mat og gav dei vatn mot tørsten. Du sørgde for dei i førti år, i ørkenen mangla dei ikkje noko. Kleda deira vart ikkje utslitne, og føtene hovna ikkje opp. Nehemja 9,19–21 Lesetekst 2 Lat ikkje kjærleik til pengar styra livet, men ver fornøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg. 6 Difor kan vi vera ved godt mot og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd. Kva kan menneske gjera meg? Hebrearane 13,5–6 Evangelietekst Ingen slave kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon. Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta [og kva de skal drikka], eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ For alt dette er folkeslaga opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. Søk først [Guds] rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde. Matteus 6,24–34 Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Ver ikkje urolege - Preike på 12. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 16.08.2026
  4. Aug 2

    Å skifta sinn - Preike på 10. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 02.08.2026

    Lesetekst 1 Av David. Ein læresalme. Sæl er den som får sine brot tilgjevne og sine synder tildekte! Sælt er det mennesket som Herren ikkje tilreknar skuld, som i si ånd er utan svik. Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort medan eg stønna heile dagen. For dag og natt låg di hand tungt på meg. Mi livssaft svann som i heten om sommaren. Sela Då sanna eg mi synd for deg, og mi skuld dekte eg ikkje over. eg sa: «Eg vil sanna mine brot for Herren.» Og du tok bort mi syndeskuld. Sela Difor skal alle trugne be til deg i tider med trengsle. Om det kjem ein veldig flaum, skal vatnet ikkje nå dei. Du skjermar meg, du vernar meg mot naud, med frelsejubel omgjev du meg. Sela Eg vil gjera deg vis og læra deg den vegen du skal gå, eg vil la mitt auge kvila på deg og gje deg råd. Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit! Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med, elles kjem dei ikkje til deg. Den urettferdige har mange plager, men den som set si lit til Herren, kransar han med miskunn. Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige! Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet! Salmane 32,1–11   Lesetekst 2 Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samstemde, vis medkjensle og syskenkjærleik, ver miskunnsame og audmjuke. Løn ikkje vondt med vondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for de er kalla til å arva velsigning. Den som vil elska livet og sjå gode dagar, må halda tunga frå det som er vondt, og leppene borte frå svikefull tale. Han må venda seg bort frå det vonde og gjera det gode, søkja fred og jaga etter fred. For Herrens auge følgjer dei rettferdige, og hans øyre høyrer deira bøn. Men Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde. Og kven kan gjera dykk vondt når de brenn for det gode? 1. Peter 3,8–13   Evangelietekst Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus. Levi heldt eit stort gjestebod for han heime hos seg. Og ein heil flokk tollarar og andre var til bords saman med dei. Farisearane og dei skriftlærde blant dei murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?» Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.» Lukas 5,27–32 Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Å skifta sinn - Preike på 10. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 02.08.2026
  5. Jul 19

    Skattar i himmelen og på jorda - Preike på 8. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 19.07.2026

    Lesetekst 1 Då folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud til oss som kan gå føre oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt.» Aron sa til dei: «Ta gullringane av øyra på konene, sønene og døtrene dykkar og kom med dei til meg!» Då tok heile folket av seg gullringane som dei hadde i øyra, og kom til Aron med dei. Han tok imot gullet, forma det med meisel og støypte ein kalv. Så ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!» 2. Mosebok 32,1–4 Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. Men no vil eg gå opp til Herren, kanskje kan eg skaffa soning for synda dykkar.» Så gjekk Moses tilbake til Herren og sa: «Dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull. Tilgjev no syndene deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut av boka du skriv i!» Då svara Herren: «Den som syndar mot meg, stryk eg ut av boka mi. Gå no og før folket dit eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå føre deg. Men på rekneskapsdagen skal eg gjera opp rekneskap med dei for syndene deira.» Slik straffa Herren folket fordi dei hadde fått laga gullkalven, den som Aron hadde laga. 2. Mosebok 32,30–35 Lesetekst 2 Elsk ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Far i seg. For alt her i verda – lysta i kjøtet, lysta som styrer auga, og skrytet av det ein eig – det er ikkje av Far, men av verda. Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, blir verande til evig tid. 1. Johannes 2,15–17 Evangelietekst Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera. Auget er kroppens lampe. Er auget ditt klårt, er det fordi kroppen er fylt av lys. Men er auget ditt sjukt, er det fordi kroppen er fylt av mørker. Er no lyset i deg mørker, kor djupt blir ikkje mørkret då! Ingen slave kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon. Matteus 6,19–24 Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Skattar i himmelen og på jorda - Preike på 8. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 19.07.2026

About

Her finner du taler og anna stoff frå Brynekyrkja. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.