Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

Arne Olav Hageberg (red.)

Bok & bibliotek er podkasten til tidsskriftet med same namn. Her tek vi opp alt som gjeld bibliotek – demokrati, teknologi, politikk, ideologi, forsking, logistikk, arkitektur og mykje meir.

  1. Sep 25

    #53 Direktør Terje Eid-Hviding om krisa i Biblioteksentralen

    I denne episoden møter vi Terje Eid-Hviding, direktør i Biblioteksentralen, til ein open samtale om den pågåande krisa i konsernet. Han fortel mellom anna om det planlagde salet av Bibliotekenes hus og moglege oppseiingar.  Programleiar er som vanleg redaktør Arne Olav Hageberg. Intervjuet blei gjort fredag 18. september 2026. Tema i episoden Om å stoppa blødinga, skaffa seg oversikt og stabilisera organisasjonen.Han skildrar korleis dei tilsette har reagert med sjokk, sinne og uvisse, og kvifor det var avgjerande å ta med folk som kjenner drifta.I samtalen kjem vi også inn på den økonomiske situasjonen, garantiane og gjeldssituasjonen og dei pågåande forhandlingane med kreditorane. Vi snakkar om spenninga mellom dei kommersielle forpliktingane til Biblioteksentralen og samfunnsoppdraget med å tena skular og bibliotek og sikra tilgang til læremiddel.Eid-Hviding snakkar òg om kva biblioteket betyr for han personleg og om sitt eige forhold til lesing, litteratur og bibliotekrom.Tidskoder 04:05 – Terje Eid-Hviding sitt personlege forhold til bibliotek og litteratur05:22 – Om å stoppa blødinga og få kontroll på situasjonen06:22 – Kvifor erfaringane til dei tilsette måtte forma responsen07:21 – Dei første grepa: kortsiktige tiltak, garantiar og dialog med interessentar10:46 – Forhandlingar med utleigarar, advokatar og leigetakarar, éin etter éin12:09 – ESA-saka og dei uavklarte juridiske spørsmåla13:30 – Omfanget av garantiane og langsiktige leigeforpliktingar16:25 – Kvifor det er naudsynt å selja eigedelar20:17 – Kryssubsidiering, intern produktutvikling og strukturelt press24:22 – Kostnadskutt, nedbemanning og kva dei tilsette fekk veta25:31 – Om samarbeidet med fagforeiningane for å finna løysingar30:27 – Eigarmodellen og det kommunale eigarskapet 35:31 – Balansen mellom kommersiell konkurranse og bibliotekverdiane39:21 – Den faktiske samfunnsverdien: bøker, læremiddel og tilgang43:24 – Biblioteksentralen som del av bibliotekoppdraget

  2. May 29

    #52 Kan Sommarles bli betre?

    I denne episoden får de høyra opptak av debatten Kan Sommarles bli betre? som vi arrangerte i samarbeid med Periskop på sentralen i Oslo onsdag 27. mai.  Utgangspunktet var Oddmund Kårevik sitt innlegg Ta Sommarles til nye høgder! som blei publisert på bokogbibliotek.no og periskop.no i april 2026.  Med i panelet var bibliotekarane Oddmund Kårevik og Ragnhild Malfang, leseforskar Tove Stjern Frønes, Bokslukerprisavnsvarleg i Stiftelsen Lese Christian Goveia Jacobsen, forfattar og fagleiar ved Norsk barnebokinstitutt Steffen René Marandon-Sørum, og Silje Eggum, teamleiar ved fylkesbiblioteket i Vestfold, som skapte og driv Sommarles. Arne Olav Hageberg, redaktør i Bok & bibliotek, var ordstyrar.  Oddmund Kårevik  fortel først kvifor han skreiv innlegget om Sommarles og om reaksjonar han har fått. Deretter kjem panelet innom juks og gamification, kven Sommarles passar for, leseeffekt og ferdigheitsutvikling, Sommarleseforteljinga, teikneseriar og andre tekstfattige bøker, skjermbruk og digitalt grensesnitt, litterær kvalitet, representasjon og mangfald, og endå litt til. Arrangementet var støtta av Fritt Ord.  Periskop.no er eit tverrfagleg, redaktørstyrt nettidsskrift for journalistikk om og kritikk av kultur retta mot born og unge. Sidan lanseringa i 2013 har Periskop hatt som mål å løfta kvaliteten i kunsttilbod for dei under 25, styrka den offentlege samtalen om barnekultur i Norge og vera ei urokråke i si undring over kvalitet og relevans i barnekulturen. Plattformen held seg til redaktør- og Vær Varsom-plakaten, blir støtta av Norsk kulturråd, Fritt ord og Norsk filminstitutt og er medlem i Norsk tidsskriftforening.  Bok & bibliotek det einaste redaktørstyrte og uavhengige mediet i landet som spesifikt dekker bibliotekfeltet – folkebibliotek, fagbibliotek, skulebibliotek, fylkesbibliotek og spesialbibliotek. Frå og med 2026 er det også det einaste bibliotektidsskriftet som kjem ut både på papir og i digitale format. Tidsskriftet er medlem i Fagpressen og Norsk tidsskriftforening.

  3. Apr 8

    #51 Sam Helmic frå ALA: – Sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker

    Sam Helmick, president i American Library Association (ALA), var hovudtalar under Bibliotekmøtet 2026 i Molde. I denne episoden får du høgdepunkt frå foredraget hen heldt der 18. mars og eit intervju gjort av Arne Olav Hageberg og Ellen Irene Berg Larsen same dag. Sam Helmick kom fleire gongar attende til formuleringa om at sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker, og gjorde det klart at bokforbod og innskrenking av bibliotektilgang ikkje er eit isolert amerikansk fenomen, men at vi no opplever ei felles demokratisk skjebnestund. Bibliotek er ikkje nøytrale arenaar, understreka Helmick. Dei er intentional spaces – rom bygde med formål: for å skapa tilgang, tillit og samhald. Helmick peikar òg på dei strukturelle kreftene bak presset mot biblioteka. Når leiaren for OpenAI Sam Altman hevdar at kunnskap vil bli ei vare folk må betala for, står bibliotekarar bokstavleg tala i vegen for han. Finansiering er difor ikkje berre eit driftsspørsmål – det er eit spørsmål om intellektuell fridom. Til norske bibliotekfolk har Helmick ei klar helsing: «De gjer jobben som USA skulle gjort for ti år sidan» – å gjera folk merksame på kva som skjer. Og oppgåva er ikkje berre å skildra farvatna. Vi må bygga flåten – gjennom eigne historier, gjennom å engasjera lånarane, og gjennom å hugsa kvifor vi driv med bibliotek, seier Helmick. Boktips frå Sam Helmick: Timothy Snyder: Om tyranni – 20 ting vi kan lære av det 20. århundretElizabeth Gaskell: North and South

  4. Mar 6

    #50 Bibliotekpanelet om Mette-Marit, Lydbøker, NBT og hovudet til Magnus Lagabøter 

    Bok & bibliotek knabbar skamlaust frå NRK og lagar vårt eige «fredagspanel» – velkomen til Bibliotekpanelet! I denne første utgåva består panelet av: Monica Isobel Glenna, bibliotekar, litteraturvitar og biblioteksjef på 70,99 grader nord, ved folkebiblioteket i Måsøy kommune.  Mariann Schjeide, bibliotekar med lang erfaring som biblioteksjef i folkebibliotek, først i to små, så i Ålesund. Deretter var ho leiar i Norsk bibliotekforening i seks år frå 2014 til 2020. I dag er ho biblioteksjef ved Høgskulen i Volda og sit i den internasjonale bibliotekføderasjonen IFLA sin ytringsfridomskomite FAIFE. Den tredje i panelet er Magne Lerø, eigar og dagleg leiar av Medier og Ledelse AS som mellom anna gir ut Dagens Perspektiv og Samtiden. Der er han også ansvarleg redaktør. Han har utdanning i teologi og Master of Management og er ei kjent og aktiv stemme i samfunnsdebatten.  Spørsmåla panelet må ta stilling til denne gongen er: ·      Skal Mette-Marit få halda fram som høg beskyttar? ·      Bør biblioteka bli ved sin ikkje-kommersielle leist? ·      Bør lydbøker kjøpast inn som kulturfondeksemplar?  ·      Er det fare for amerikanske tilstandar i norske bibliotek?  Sakene som ligg til grunn for desse spørsmåla les du på bokogbibliotek.no. På tampen måtte vi bare ta ein prat om dette med at Aslak Sira Myhre fekk eit steinhovud av Magnus Lagabøter til ein verdi av 400 000 kroner då han slutta ved Nasjonalbiblioteket, noko dei fleste andre media har skrive om. Vert og intervjuar er som vanleg redaktør Arne Olav Hageberg. Har du innspel og idear til podkasten? Vi mottek gjerne e-post på post@bokogbibliotek.no.

About

Bok & bibliotek er podkasten til tidsskriftet med same namn. Her tek vi opp alt som gjeld bibliotek – demokrati, teknologi, politikk, ideologi, forsking, logistikk, arkitektur og mykje meir.

You Might Also Like