Tidsskriftet Jaja

Tidsskriftet Jaja

Ein podkast frå Tidsskriftet Jaja, eit tidsskrift om og med forteljekunst frå Jakob Sande - senter for forteljekunst.

Episodes

  1. Barn som forteljekunstnarar

    6D AGO

    Barn som forteljekunstnarar

    For å ta vare på barns naturlege forteljeglede må ein ha auge for dei ulike måtane å fortelje på, meiner leseforskar Trude Hoel.   Hoel er professor i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) ved Universitetet i Stavanger. Ho forskar på barns forteljingar, språkstimulering og lesing i barnehagen, med særleg vekt på digitalisering og leselyst. Professoren, som mellom anna er i leiinga for FILIORIUM - senter for barnehageforsking, har skrive læremiddel for barnehagar, er ein røynd formidlar og har vore med i nemnda for Nynorsk barnelitteraturpris.  Då ho forska på korleis seks- og sjuåringar fortel, synte funna frå kring sytti forteljingar at framføring er viktigare enn struktur for dei yngste forteljarane.  Borna dramatiserte, bygde opp spenning, brukte humor og gjorde mange kreative grep for at forskaren skulle føle seg fortalt for. Hoel meiner metodikken for å forske på barns forteljekompetanse ikkje fangar opp desse evnene godt nok. Lytt til samtalen om barn, skular og forteljekompetanse og om korleis måtane vi fortel på er kulturelt forankra.  Intervjuar er redaktør i Jaja Tora Hope.  Foto: Elisabeth Tønnessen Lydproduksjon: Viljar Losnegård Lydstudio: Preform. Les Jaja på tidsskriftetjaja.no. Jaja er eit norsk tidsskrift om og med forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. Utgjevar er Jakob Sande - senter for forteljekunst.

    50 min

About

Ein podkast frå Tidsskriftet Jaja, eit tidsskrift om og med forteljekunst frå Jakob Sande - senter for forteljekunst.