Human-talk

Human As

Human-talk, en podkast der du får lytte til samtaler om lederskap, organisasjonsutvikling og rekruttering. Human er et konsulentselskap som finner og forløser potensialet i mennesker og organisasjoner. Ønsker du kontakt med oss eller har innspill eller refleksjoner rundt innholdet i podkastepisoden, gi gjerne en lyd på hei@human-as.no.

  1. 5D AGO

    Kommunedirektør Sogndal - Vil du leia ei kommune i vekst med store ambisjonar?

    Sogndal kommune har ei særleg rolle i Sogn. Kommunen er eit regionalt tyngdepunkt for utdanning, næringsliv, offentlege tenester, kultur og samfunnsutvikling, og ein kommune med sterke lokalsamfunn, høg kompetanse og stor utviklingskraft. No søkjer vi ein kommunedirektør som kan samle, stabilisere og vidareutvikle. Du skal leie ein kompetent organisasjon med stort samfunnsengasjement, og bidra til at kommunen står støtt i møte med krevjande økonomiske prioriteringar, aukande tenestebehov og høge forventningar frå innbyggjarar, folkevalde og samarbeidspartnarar.Som kommunedirektør får du ei nøkkelrolle i å skape ro, retning og gjennomføring. Du skal styrkje leiarskapet, byggje tillit, utvikle godt samspel mellom politikk og administrasjon og sikre at kommunen får gjennomført viktige prosessar. Samstundes skal Sogndal halde fram med å vere ein regional motor i Sogn, og bidra til vidare utvikling av næringsliv, lokalsamfunn og berekraftige tenester.Dette er ei rolle for deg som ønskjer å setje kurs for ein region i utvikling, og som vert motivert av å samle sterke fagmiljø, lokalsamfunn og politiske ambisjonar til ei felles retning.KVEN SER ME ETTER?Vi søkjer ein trygg, tydeleg og samlande kommunedirektør som trivst i spenningsfeltet mellom politikk, f*g og samfunn. Rolla krev ein leiar som evnar å skape tillit, stå støtt i krevjande situasjonar og samtidig sikre retning, prioritering og gjennomføring.Du har god forståing for kva det inneber å leie ei politisk styrt verksemd, og du veit kor viktig det er med klare roller, gode prosessar og tillit mellom folkevalde og administrasjon. Du står støtt i krevjande situasjonar, kommuniserer klart og byggjer relasjonar gjennom openheit, involvering og respekt.Vi ser etter ein leiar som er synleg og tilgjengeleg, og som evnar å utvikle leiargruppa til ei samla kraft. Du skaper retning gjennom tydelege prioriteringar, god involvering og systematisk gjennomføring. Du byggjer kultur, struktur og felles praksis på tvers av sektorar, fagområde og lokalsamfunn. Samstundes skal du bidra til at Sogndal i endå større grad kan opptre som éin samla kommune. Du har solid leiarerfaring frå større og komplekse organisasjonar, leiing av leiarar, organisasjon- og tenesteutvikling og økonomistyring. Du evnar å bruke tillitsvalde og partssamarbeidet på ein god måte for heilskapen.Relevant høgare utdanning er ønskjeleg, men erfaring, resultat, personlege føresetnader og korleis du brukar eigne eigenskapar i leiarskapet ditt, vil bli tillagde stor vekt.For å lykkast i rolla må du ha interesse for distriktskommunen sine moglegheiter og utfordringar, og raskt evne å forstå kulturen, identiteten og dynamikken som pregar Sogndal og Sogn. Vi ser etter ein kommunedirektør som engasjerer seg i lokalsamfunna og byggjer tillit og relasjonar på tvers av organisasjonen og regionen.Ønskjer du ein uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga? Våre rådgivarar i Human tek gjerne ein uforpliktande og konfidensiell prat med deg. Ta kontakt med Edvard Thormodsæter (958 82 299) eller Morten Myhren (482 24 660). Du kan òg ta kontakt med ordførar i Sogndal kommune, Stig Ove Ølmheim (48 10 48 40).Søknadsfrist: 05.06.2026

    35 min

About

Human-talk, en podkast der du får lytte til samtaler om lederskap, organisasjonsutvikling og rekruttering. Human er et konsulentselskap som finner og forløser potensialet i mennesker og organisasjoner. Ønsker du kontakt med oss eller har innspill eller refleksjoner rundt innholdet i podkastepisoden, gi gjerne en lyd på hei@human-as.no.