Brynekyrkja

Trond Inge Tappel

Her finner du taler og anna stoff frå Brynekyrkja. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  1. 4d ago

    Ikkje enklare liv, men liv med nåde og meining - 08-11-2026 - v/Trond Inge Tappel

    Lesetekst 1 Ein song til festreisene. Då Herren vende Sions lagnad, var det som ein draum for oss. Då fyltest vår munn med lått, vår tunge med jubel. Då sa dei mellom folka: «Stort er det som Herren har gjort mot dei.» Ja, stort er det som Herren gjorde mot oss, og vi vart glade. Herre, vend vår lagnad som bekkene i Negev! Dei som sår med tårer, skal hausta med jubel. Gråtande går dei ut og ber sitt såkorn, med jubel kjem dei tilbake og ber sine kornband. Salmane 126,1–6 Lesetekst 2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus! Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede. For heilt frå første dagen og fram til no har de hatt del med meg i evangeliet. Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. Filipparane 1,2–6 Evangelietekst Det er Anden som gjer levande, kjøtet kan ingen ting gjera. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv. Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå første stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. Og han la til: «Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det blir gjeve han av min Far.» Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.» Johannes 6,63–69 Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Ikkje enklare liv, men liv med nåde og meining - 08-11-2026 - v/Trond Inge Tappel
  2. Nov 1

    Preike på Helgemessesøndag - 01-11-2026 - v/Trond Inge Tappel

    Lesetekst 1 Så seier Herren: I nådens tid svarar eg deg, på dagen for frelsa hjelper eg deg. Eg har forma deg og gjort deg til ei pakt for folket for å reisa landet opp att og skifta ut eigedomar som ligg aude, for å seia til fangar: «Gå ut!» og til dei som er i mørkret: «Kom fram!» Dei skal beita langs vegane og finna beite på alle snaue høgder. Dei skal ikkje svelta og ikkje tørsta, hete og sol skal ikkje råka dei. For han som viser miskunn, skal føra dei og leia dei til kjelder med vatn. Jesaja 49,8–10 Lesetekst 2 Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite klede, med palmegreiner i hendene. Og dei ropa med høg røyst: Sigeren kjem frå vår Gud, han som sit på trona, og frå Lammet. Alle englane stod rundt trona og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor trona med andletet mot jorda og tilbad Gud og sa: Amen. All velsigning og pris og visdom, takk og ære, makt og velde høyrer vår Gud til i all æve. Amen. Då tok ein av dei eldste til orde og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei, og kvar kjem dei frå?» «Herre», svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg: «Dette er dei som kjem ut av den store trengsla og har vaska kappene sine og gjort dei kvite i blodet frå Lammet. Difor står dei for Guds trone og tener han dag og natt i hans tempel. Og han som sit på trona, skal reisa sin bustad over dei. Dei skal ikkje lenger svelta eller tørsta, og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete. For Lammet, som står midt på trona, skal vera gjetaren deira og føra dei til kjelder med livsens vatn, og Gud skal tørka kvar tåre frå auga deira.» Johannes' openberring 7,9–17 Evangelietekst Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og læresveinane samla seg om han. Då tok han til orde og lærte dei: «Sæle dei som er fattige i ånda, himmelriket er deira. Sæle dei som sørgjer, dei skal bli trøysta. Sæle dei audmjuke, dei skal arva jorda. Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta. Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn. Sæle dei reine i hjartet, dei skal sjå Gud. Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born. Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira. Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, [lyg] og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk. Matteus 5,1–12 Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Preike på Helgemessesøndag - 01-11-2026 - v/Trond Inge Tappel
  3. Oct 25

    Preike på Bots og bønnedag - 25-10-2026 - v/Trond Inge Tappel

    Evangelietekst Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste.Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.» Lukas 13,22–30 Lesetekst 1 Dette ordet kom til Jeremia frå Herren: «Stå opp og gå ned til pottemakarens hus! Der skal eg la deg få høyra mine ord.» Så gjekk eg ned til pottemakarens hus. Han stod og arbeidde ved dreieskiva. Når det karet han heldt på å laga av leire, vart mislukka i pottemakarens hand, laga han det om til eit anna kar, slik han tykte det var rett. Då kom Herrens ord til meg: Israels hus, kan ikkje eg gjera med dykk slik denne pottemakaren gjer med leira? seier Herren. Sjå, som leira i pottemakarens hand, slik er de i mi hand, Israels hus. Stundom trugar eg eit folkeslag eller eit rike med å rykkja opp og riva ned og øydeleggja. Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, angrar eg på det vonde eg hadde tenkt å gjera mot det. Stundom lovar eg eit folkeslag eller eit rike at eg vil byggja og planta. Men gjer dei då det som vondt er i mine auge, og ikkje høyrer på mi røyst, angrar eg på det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei. Jeremia 18,1–10 Lesetekst 2 Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same. Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt. Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom? Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom. Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente. Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar. Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar. For Gud gjer ikkje forskjell på folk. Romarane 2,1–11 Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Preike på Bots og bønnedag - 25-10-2026 - v/Trond Inge Tappel

About

Her finner du taler og anna stoff frå Brynekyrkja. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.