Langs Vegen No.

Nettavisa Langsvegen.no

Valdres og Jotunheimen er kjerneområdene nettavisa Langsveien.no dekker. Både nynorsk og bokmål brukes som skriftspråk.  Stadig publiseres artikler og videoer fra andre steder i landet også. Etter 18 år publiseres nå Langsveien.no sin egen podcast. Gud fornøyelse. Med vennlig hilsen Roy Myrland, eier og redaktør.

  1. Endre Strømsheim i Ragnarokk på sabotørruta

    MAR 9

    Endre Strømsheim i Ragnarokk på sabotørruta

    Verdsmeister i skiskyting på stafett og fellesstart under VM i 2025 i Lenzerheide, Endre Strømsheim, tok 8. mars inn på ei heilt spesiell hytteovernatting: Ragnarokk på Aurdalsåsen i Valdres. Hit, langt frå både stadionlys og standplass, har han følgt spora etter  tungtvass-sabotørane frå kompani Linge, som i mars 1943 la ut på den dramatiske retretten på rundt 600 kilometer frå Rjukan til Sverige. Ragnarokk er nemleg eitt av stadene sabotørane søkte ly på den strabasiøse turen. På hemsen i hytta sov også Birger Strømsheim (1911–2012) – broren til Endre sin oldefar – saman med dei slitne kameratane sine. Då karane kom fram til hytta, som var eigd av ingeniør Ragnar Christensen, etter ein tung marsj frå Nordre Fjellstølen i Bagn, skal leiaren for "gunnerside" operasjonen Joachim Rønneberg ha sett seg rundt og sagt dei berømte orda: – Her luktar det jøssing! Endre Strømsheim går ikkje berre fort på ski – han navigerer også stødig. Med ni kartblad i sekken og god hjelp frå boka Tungtvass-sabotørane sin retrett av Tom Lium har han følgt ruta gjennom fjellet, bokstaveleg tala i sabotørane sine spor. I denne episoden av podkasten Langs Vegen No møter vi Strømsheim inne i den historiske hytta. Der pratar han og redaktør Roy Myrland om historie, slektsband, kartblad, lange dagsmarsjar – og korleis det eigentleg er å leggje seg til å sove på same loftet som motstandshelter gjorde for over 80 år sidan. Endre Strømsheim fortel også at han ønskjer å rette ei takk til Brit Håland, dagens eigar av den historiske hytta – «ein stad på Aurdalsåsen» – før han held fram vidare austover i dei historiske spora etter tungtvass-sabotørane.       Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    14 min
  2. Marit Reitan -Eg unnar folk å finne vegen til seg sjøl.

    JAN 31

    Marit Reitan -Eg unnar folk å finne vegen til seg sjøl.

    Kva skjer når vi sluttar å leite etter svar utanfor oss sjølve? I denne episoden av Langs Vegen No møter du Marit Reitan i AGAPE instituttet. Det er ein varm og nær samtale om intuisjon, førstetanken og vegen heim til seg sjølv. Ho er rekna av mange som ei av dei fremste rettleiarane i landet innan intuitiv innsikt, men for henne handlar alt om menneska – og om å bidra til eit tryggare og meir heilskapleg liv. Takk til Spar Beitostølen, Joker Ryfoss og MENY Stavern for stønad og annonsebidrag til Langsvegen.no. Gjennom forteljingar og refleksjonar blir kjernen i livsverket hennar tydeleg. Og bodskapen, som også er målet med denne podkasten, kan samanfattast slik: –«Eg unner folk å finne vegen til seg sjøl.» Samtalen tek oss først med tilbake til oppveksten hennar i Steinkjer, og til små og store hendingar som tidleg var med på å forme nysgjerrigheita, omtanken og interessa hennar for det indre livet. Det er tydeleg at dette ikkje berre handlar om metode eller teknikk, men om eit djupt menneskeleg engasjement. Å stole på førstetanken – og seg sjølv Praten dreier raskt inn på intuisjon, førstetanken og det å våge å stole på den indre stemma – den som ofte veit meir enn vi gir henne æra for. Marit snakkar om reading , som ho òg kallar ei lesing, og skildrar dette som ei rettleiing som kan gi klarleik, tryggleik og nytt perspektiv. Ho forklarer på ein jordnær og forståeleg måte korleis ho utføre ei lesing, og understrekar at det ikkje handlar om å få svar utanfrå, men om å hente fram det mennesket allereie ber på. Det er nettopp her Marit si ekte kjærleik til menneske kjem tydeleg fram – ønsket om å gjere andre trygge nok til å stole på seg sjølve. Agape Instituttet – eit rom for vekst og medvit Marit starta AGAPE Instituttet i 2005, og har i over 20 år undervist og lese tusenvis av menneske innan sjølvvinnsikt og personleg utvikling. Drivkrafta hennar har heile tida vore ønska om å gi fleire tilgang til sitt eige indre kompass. Ho meiner evna til å lese seg sjølv og andre er ei sans vi alle er fødde med, og at denne sansa kan trenast – på same måte som alle dei andre sansane våre. Gjennom arbeidet sitt har ho vist ei enorm medmenneskelegheit, der respekt, varme og tillit står heilt sentralt. Ein samtale prega av varme, alvor og siste Podkasten blir leid av redaktør Roy Myrland, som med nysgjerrigheit, varme og openheit gir rom for ein fri og levande samtale. Samspellet mellom dei to er prega av nærleik, seinare, alvor og ekte engasjement, og prat rører seg sømlaust mellom det personlege og det større perspektivet. Lyttaren blir til å vere litt mei til stades i augneblinken – og kanskje slutte å leite så intenst etter svar utanfor seg sjølv. Ei påminnelse om det vi allereie er Dette er ei episode som er vanskeleg å oppsummere fullt ut, men lett å anbefale. Ho kan gi både eit smil om munnen og ei stille påminning om noko heilt grunnleggjande: At mykje av det vi søkjer, allereie finst på innsida – og at vi fortener å finne vegen dit. AGAPE instituttet: https://www.agapeinstituttet.no/ Fleire videoar med Marit Reitan her:  https://www.youtube.com/results?search_query=marit+reitan&sp=EgIQAQ%253D%253D       Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    1h 16m
  3. Ein Bjørn på vandring – fridom på fire hjul.

    JAN 5

    Ein Bjørn på vandring – fridom på fire hjul.

    Han lever sitt beste liv, i ein pickup som er som ein sveitsisk lommekniv med motor. Annonsørar: Montér Kvismo, Valdresbil A/S og Hovli Auto A/S. Bjørn Egge frå Høre i Vang i Valdres har funne sin eigen måte å leve godt på. Med Oslo som fast adresse og ein Nissan Navara som heim på hjul, tilbringer han rundt 200 døgn i året ute i naturen – året rundt. Snø, kulde og ruskevêr er berre ein del av pakken. Dette er ein podkast om ein Bjørn på vandring. Om fridomen i å reise når ein vil, stoppe der det kjennest rett – og bli verande litt lenger om ein har lyst. Bjørn reiser etter innfallsmetoden, utan faste planar, og viser at friluftsliv med stor fridom er oppnåeleg for fleire enn mange trur. I pickup-riggen har han alt han treng: varme, seng, vatn og moglegheit til å lage god mat. Dagane fyllest med fotturar, skiturar, bøker og bålkos. Dusjen tek han ute, i eit enkelt dusjtelt – heilt greitt, følgjer Bjørn sjølv. Skulle han bli en dag ekstra, eller om en kunde ringer, er det heller ingen hindring. Med PC og Starlink kan han jobbe like godt frå ein nedsnødd fjellovergang som frå heimekontoret i Oslo. Bjørn er også tydeleg på korleis han ferdast i naturen. Trass i kraftig firehjulsdrift køyrer han aldri utanfor godkjende vegar. Han meiner ein ikkje treng å lage spor i terrenget for å finne dei beste stadene – dei finst allereie, om ein tek seg tid. Under navnet Egge Overland deler han glimt fra turane sine i Noreg, Sverige, Finland og Island, og inspirerer mange til å leve litt friare, forklare – og meir på naturen sine premissar. Dette er ein podkast om fridom, vandring og eit liv ute – heile året. Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    30 min
  4. Hanna Gjeilo Skjåkødegård. -Vilje, verdiar og vidaregåande skule.

    12/22/2025

    Hanna Gjeilo Skjåkødegård. -Vilje, verdiar og vidaregåande skule.

    Det er ikkje kvar dag ein møter menneske som både har doktorgrad, dugnadsånd og kampvilje nok til å flytte fjell – eller i det minste redde ein vidaregåande skule. I denne podkasten møter du Hanna Gjeilo Skjåkødegård frå Skjåk i Gudbrands dalen, kvinna som stod i første rekke då kampen for vidaregåande opplæring i Lom verkeleg tok til. Med di hjelp kan vi fortelje fleire viktige historier – i podkast, video og tekst. Gå vidare her. Medan skulekampen har rasa, har Hanna vore busett i Bergen. No har ho teke med seg både ektemannen Vetle og døtrene Frida og Maria, og flytta heim att til Skjåk. Familien bur mellombels i ein bustad eigd av Skjåk kommune, ein del av ordninga der folk kan få «prøvebu» i bygda i inntil tre år. Men her er det ingen tvil: Hanna skal ikkje prøvebu. Ho og familien skal bli – så snart huset dei byggjer står ferdig. Saman med TAFI – Tverrfagleg arbeidsgruppe for framtidsskulen i Innlandet, og ei rekkje andre gode krefter, har ho vore med på å samle inn over 65 millionar kroner til det som i dag heiter Jotunheimen Privatistskole. I podkasten får Hanna òg besøk av sambygding Aud Hove, gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet fylkeskommune. Ho har med seg ei gåve av det heilt unike slaget – ei helsing som seier mykje om kva slags menneske Hanna er. Samtalen er spelt inn i Smiu på Bismo i Skjåk, der redaktør Roy Myrland i nettavisa Langsvegen.no både intervjuar og har produsert podkasten. Undervegs blir det både sist, alvor og refleksjonar om bygdekraft, politikk, barn og framtid. Hanna har nemleg også doktorgrad frå Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen, og arbeider i dag som postdoktor og forskar innan vekt og spiseforstyrringar hos barn og unge. Podkasten er produsert med annonsestøtte frå: Thorstein Brun og Brun Bygg A/S, Harald Rune Øvstedal og Gjendebåtene, samt Bernt Jo Vole i Visit Bessegen og Gjende. Sjå og høyr heile podkasten – dette er bygdehistorie medan ho blir til. Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    44 min

About

Valdres og Jotunheimen er kjerneområdene nettavisa Langsveien.no dekker. Både nynorsk og bokmål brukes som skriftspråk.  Stadig publiseres artikler og videoer fra andre steder i landet også. Etter 18 år publiseres nå Langsveien.no sin egen podcast. Gud fornøyelse. Med vennlig hilsen Roy Myrland, eier og redaktør.