SunnhordlandPodden

Kjetil Fyllingen

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

  1. 1 day ago

    Family Taste Bømlo – the flavours of Ukraine and Turkey on Bømlo

    In this episode, we meet Anastasia from Ukraine and Samet from Turkey – the couple behind Family Taste Bømlo. After moving to Norway and settling on the island of Bømlo, they decided to build something together: a small food business based on family recipes, authentic ingredients and food traditions from Ukraine and Turkey. We talk about the fascinating connection between the two food cultures, homemade pelmeni, vareniki, börek, pide and sourdough bread – and why food can be such an important part of identity, family and community. They also share their experiences of moving to Bømlo, discovering Norwegian culture, learning the language and starting a business from their own kitchen. And then there is the dream: opening their own bakery in Bømlo. A warm and tasty conversation about food, family, immigration, entrepreneurship, culture and having the courage to give something new a try. - - - I denne episoden møter du Anastasia frå Ukraina og Samet frå Tyrkia – ekteparet bak Family Taste Bømlo. Dei kom til Bømlo etter å ha flytta til Noreg, og bestemte seg for å skape noko saman: heimelaga mat basert på familieoppskrifter, matkultur og gode smakar frå Ukraina og Tyrkia. Vi snakkar om møtet mellom to matkulturar, om pelmeni, vareniki, börek, pide og surdeigsbrød – og om kvifor mat kan vere ein viktig del av både identitet og fellesskap. Du får også høyre om livet på Bømlo, møtet med norsk kultur, den litt uventa opplevinga av at nordmenn faktisk er ganske hjelpsame – og draumen om ein dag å opne sitt eige bakeri. Ein varm og smakfull prat om mat, familie, integrering, gründarskap og det å våge å prøve noko nytt. --- Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar. For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland. Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: ⁠⁠⁠⁠⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠

  2. 24 Aug

    Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur

    I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Kathrine Norum og Ragnhild Tveit, som begge brenn for gamle hus, bygningsvern og tradisjonshandverk. Me snakkar om kvifor det er viktig å ta vare på bygningane som allereie står, kva gamle hus kan fortelje om menneska som bygde og brukte dei – og kvifor kunnskapen om tradisjonelle byggjemetodar er så verdifull. Kathrine og Ragnhild fortel òg om arbeidet med Sunnhordland Bygningsvernsenter på Søre Tveita, eit prosjekt som skal bli ein møteplass for kurs, handverk, kunnskap og restaurering. Me tar opp alt frå linoljemaling og patina til gamle vindauge, sjøbruksbygningar, gjenbruk og spørsmålet: Må me verkeleg rive og byggje nytt? Tema vi kjem innom: Korleis restaurere eit gammalt hus?Korleis ta vare på gamle hus?Kva maling skal ein bruke på gamle hus?Linoljemaling på gamle husKorleis restaurere gamle vindauge?Er det betre å restaurere enn å rive?Kva er bygningsvern?Kva kan gamle hus fortelje oss?Korleis ta vare på kulturminne?Restaurering av gamle husBygningsvern i SunnhordlandTradisjonshandverk på Stord Sponsor: Særsten Byggrestaurering! Gamle hus er unike – robuste og miljøvennlege. Hos Særsten Byggrestaurering handlar det om meir enn å reparere gamle bygg. Det handlar om å ta vare på historia, kvaliteten og verdiane som ligg i dei. Med over 20 års erfaring og spesialkompetanse innan rehabilitering og restaurering, hjelper Særsten Byggrestaurering deg med å ta vare på det gamle – og føre arven vidare til nye generasjonar. Gjennom tett samarbeid med kundane blir det lagt vekt på gode løysingar, solid handverk og nøye utvalde materialar. For gamle hus fortener å bli tatt vare på. Særsten Byggrestaurering – tek vare på historiske verdiar. Les meir på byggrestaurering.no.

  3. 10 Aug

    Kjell Magnus Økland - Naust til folket

    Kjell Magnus Økland arbeider som prosjektleiar for Nytt liv i Naust og sjøhus hjå Forbundet Kysten. Han er litt over gjennomsnittet oppteken av båtar, roing og naust. Så oppteken at han har fått tilnamnet «naustfluensar». I denne episoden fortel han kvifor naust og sjøhus langs kysten står i fare for å forsvinna – og korleis dei kan få nytt liv som møteplassar for barn, unge, skular og lokalsamfunn. Han deler også historia om oselvaren, boka han brukte tolv år på å skriva, seglturar til Shetland og Karibia og draumen om eit fellesnaust midt i Leirvik. Kan tradisjonelle båtar bidra til betre folkehelse, meir bulyst og sterkare fellesskap? Og finst det pengar å søkja på dersom du eig eit naust som treng vøling? Ei engasjerande samtale om kystkultur, kulturvern og kvifor fleire bør få oppleva Sunnhordland frå sjøsida. Sponsor: Sagvågen Kystlag Sagvågen Kystlag er ein del av det landsomfattande Forbundet KYSTEN og har i over 30 år arbeidd for å ta vare på og formidla lokal kystkultur. Laget held til i eit historisk område knytt til Ottesen Skipsbyggeri, der det har vore drive skipsbygging av den same familien i meir enn 200 år. Her tek kystlaget vare på kunnskap, teknikkar, maskinar og historia om menneska som har arbeidd på verftet. I dag er laget særleg oppteke av å vøla og ta vare på mindre båtar med årar og motor – båttypar som har vore vanlege i distriktet vårt. Dei har også lagt stor vekt på formidling til barnehagar, skuleklassar, lag og organisasjonar. På Vervadagen, den 29. august, kan du oppleva noko av dette arbeidet på nært hald, få kjøpt mat og handla produkt frå lokale produsentar og kunstnarar. Program og meir informasjon kjem på Facebook - Søk opp Sagvågen Kystlag og følg dei på Facebook!  Stor takk til Sagvågen Kystlag for at dei støttar Sunnhordlandpodden!

  4. 3 Aug

    Tobias Haldorsen - Frå Bømlo til Bern med eufonium

    I denne episoden møter du Tobias Haldorsen frå Bømlo – ein ung musikar som har teke eufoniumet med seg frå korpsmiljøet heime til studiar i Stavanger, Manchester og no ved eit av verdas mest prestisjefulle musikkmiljø i Bern. Tobias fortel om øving, disiplin, nerver, konkurransar, rare konsertopplevingar, støtte frå familie og lokalt næringsliv – og kvifor han vågar å satsa på eit instrument mange knapt veit kva er. Dette er ei episode om talent, hardt arbeid og draumen om å leva av musikken. Men også om å bli ven med eigne svakheiter, gjera feil, reisa seg igjen – og berre "gønne på".  Og ja: Du får sjølvsagt høyra korleis eit eufonium faktisk høyrest ut.  Sponsor: Finnås Kraftlag Finnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirke, eigd av medlemene sine, med eit sterkt engasjement for utvikling og trivsel på Bømlo. Det merkar ein ikkje minst gjennom dei mange gåvene og støtteordningane dei deler ut til lag, organisasjonar og gode tiltak i lokalsamfunnet. Eit godt døme er Ungdomsstipendet, som blir tildelt unge under 26 år som har utmerkt seg på nasjonalt eller internasjonalt nivå innan idrett, kultur eller utdanning – og som er gode førebilete for andre på Bømlo. Faktisk er gjesten i dagens episode, Tobias Haldorsen, ein av dei som har fått dette stipendet. I tillegg til å levera straum og breiband gjennom Altibox er Finnås Kraftlag oppteke av å skapa verdiar som kjem heile lokalsamfunnet til gode. Stor takk til Finnås Kraftlag for at dei er med og støttar Sunnhordlandpodden!

4.7
out of 5
49 Ratings

About

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

You Might Also Like