SunnhordlandPodden

Kjetil Fyllingen

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

  1. Aug 24

    Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur

    I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Kathrine Norum og Ragnhild Tveit, som begge brenn for gamle hus, bygningsvern og tradisjonshandverk. Me snakkar om kvifor det er viktig å ta vare på bygningane som allereie står, kva gamle hus kan fortelje om menneska som bygde og brukte dei – og kvifor kunnskapen om tradisjonelle byggjemetodar er så verdifull. Kathrine og Ragnhild fortel òg om arbeidet med Sunnhordland Bygningsvernsenter på Søre Tveita, eit prosjekt som skal bli ein møteplass for kurs, handverk, kunnskap og restaurering. Me tar opp alt frå linoljemaling og patina til gamle vindauge, sjøbruksbygningar, gjenbruk og spørsmålet: Må me verkeleg rive og byggje nytt? Tema vi kjem innom: Korleis restaurere eit gammalt hus?Korleis ta vare på gamle hus?Kva maling skal ein bruke på gamle hus?Linoljemaling på gamle husKorleis restaurere gamle vindauge?Er det betre å restaurere enn å rive?Kva er bygningsvern?Kva kan gamle hus fortelje oss?Korleis ta vare på kulturminne?Restaurering av gamle husBygningsvern i SunnhordlandTradisjonshandverk på Stord Sponsor: Særsten Byggrestaurering! Gamle hus er unike – robuste og miljøvennlege. Hos Særsten Byggrestaurering handlar det om meir enn å reparere gamle bygg. Det handlar om å ta vare på historia, kvaliteten og verdiane som ligg i dei. Med over 20 års erfaring og spesialkompetanse innan rehabilitering og restaurering, hjelper Særsten Byggrestaurering deg med å ta vare på det gamle – og føre arven vidare til nye generasjonar. Gjennom tett samarbeid med kundane blir det lagt vekt på gode løysingar, solid handverk og nøye utvalde materialar. For gamle hus fortener å bli tatt vare på. Særsten Byggrestaurering – tek vare på historiske verdiar. Les meir på byggrestaurering.no.

  2. Aug 10

    Kjell Magnus Økland - Naust til folket

    Kjell Magnus Økland arbeider som prosjektleiar for Nytt liv i Naust og sjøhus hjå Forbundet Kysten. Han er litt over gjennomsnittet oppteken av båtar, roing og naust. Så oppteken at han har fått tilnamnet «naustfluensar». I denne episoden fortel han kvifor naust og sjøhus langs kysten står i fare for å forsvinna – og korleis dei kan få nytt liv som møteplassar for barn, unge, skular og lokalsamfunn. Han deler også historia om oselvaren, boka han brukte tolv år på å skriva, seglturar til Shetland og Karibia og draumen om eit fellesnaust midt i Leirvik. Kan tradisjonelle båtar bidra til betre folkehelse, meir bulyst og sterkare fellesskap? Og finst det pengar å søkja på dersom du eig eit naust som treng vøling? Ei engasjerande samtale om kystkultur, kulturvern og kvifor fleire bør få oppleva Sunnhordland frå sjøsida. Sponsor: Sagvågen Kystlag Sagvågen Kystlag er ein del av det landsomfattande Forbundet KYSTEN og har i over 30 år arbeidd for å ta vare på og formidla lokal kystkultur. Laget held til i eit historisk område knytt til Ottesen Skipsbyggeri, der det har vore drive skipsbygging av den same familien i meir enn 200 år. Her tek kystlaget vare på kunnskap, teknikkar, maskinar og historia om menneska som har arbeidd på verftet. I dag er laget særleg oppteke av å vøla og ta vare på mindre båtar med årar og motor – båttypar som har vore vanlege i distriktet vårt. Dei har også lagt stor vekt på formidling til barnehagar, skuleklassar, lag og organisasjonar. På Vervadagen, den 29. august, kan du oppleva noko av dette arbeidet på nært hald, få kjøpt mat og handla produkt frå lokale produsentar og kunstnarar. Program og meir informasjon kjem på Facebook - Søk opp Sagvågen Kystlag og følg dei på Facebook!  Stor takk til Sagvågen Kystlag for at dei støttar Sunnhordlandpodden!

  3. Aug 3

    Tobias Haldorsen - Frå Bømlo til Bern med eufonium

    I denne episoden møter du Tobias Haldorsen frå Bømlo – ein ung musikar som har teke eufoniumet med seg frå korpsmiljøet heime til studiar i Stavanger, Manchester og no ved eit av verdas mest prestisjefulle musikkmiljø i Bern. Tobias fortel om øving, disiplin, nerver, konkurransar, rare konsertopplevingar, støtte frå familie og lokalt næringsliv – og kvifor han vågar å satsa på eit instrument mange knapt veit kva er. Dette er ei episode om talent, hardt arbeid og draumen om å leva av musikken. Men også om å bli ven med eigne svakheiter, gjera feil, reisa seg igjen – og berre "gønne på".  Og ja: Du får sjølvsagt høyra korleis eit eufonium faktisk høyrest ut.  Sponsor: Finnås Kraftlag Finnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirke, eigd av medlemene sine, med eit sterkt engasjement for utvikling og trivsel på Bømlo. Det merkar ein ikkje minst gjennom dei mange gåvene og støtteordningane dei deler ut til lag, organisasjonar og gode tiltak i lokalsamfunnet. Eit godt døme er Ungdomsstipendet, som blir tildelt unge under 26 år som har utmerkt seg på nasjonalt eller internasjonalt nivå innan idrett, kultur eller utdanning – og som er gode førebilete for andre på Bømlo. Faktisk er gjesten i dagens episode, Tobias Haldorsen, ein av dei som har fått dette stipendet. I tillegg til å levera straum og breiband gjennom Altibox er Finnås Kraftlag oppteke av å skapa verdiar som kjem heile lokalsamfunnet til gode. Stor takk til Finnås Kraftlag for at dei er med og støttar Sunnhordlandpodden!

  4. Jul 27

    Jonas Vatten: Ingen dommar – ingen kamp

    17 år gamle Jonas Vatten er ikkje redd for å blåsa i fløyta, dela ut kort eller ta avgjerder som vaksne spelarar er sterkt usamde i. I denne episoden fortel den unge stordabuen om livet som fotballdommar, om kjeft frå sidelinja, raske avgjerder, tøffe fysiske krav og draumen om ein dag å dømma på dei største arenaene. Jonas har allereie dømt nasjonale ungdomskampar, vore dommar under Norway Cup og leia seniorkampar med spelarar som er meir enn dobbelt så gamle som han sjølv. Samtidig står lokalfotballen i Sunnhordland overfor ei stor utfordring: Det er alvorleg mangel på dommarar. Kvifor vel ein 17-åring denne vegen – og kan dette vera noko for deg? Sponsor: Stord Fotball Stord Fotball er flaggskipet i Sunnhordland. Klubben har eit stort fokus på breiddeidretten og det viktige samfunnsarbeidet som ligg der, samstundes som dei er, og skal vera, den leiande klubben sportsleg sett for seniorlaga i regionen. Med både dame- og herrelag i 3. divisjon tilbyr Stord Fotball spelarar frå heile Sunnhordland ein utviklingsarena for dei som ønskjer å leggja meir i idretten og prøva å ta nye steg. Stord Fotball er stolte av å kunna seia at seniorlaga deira har spelarar frå stort sett alle klubbane i regionen. Klubben er også oppteken av å utvikla dommarar og trenarar. Dei er heilt overtydde om at gode miljø må til for å hjelpa og leggja til rette for dei som ønskjer å utvikla seg på desse arenaene. Som sentrumsklubben i regionen driv Stord Fotball også byutvikling gjennom anlegga sine, og dei drøymer om å utvikla Stord Stadion til noko heile regionen — og fleire idrettar — kan dra nytte av. I tillegg til eigne lag driv Stord Fotball ei rekkje spelarutviklingstilbod som er opne for alle klubbane i regionen. Dette gjer dei i samarbeid med Subshore, Sparebanken Norge og fleire andre gode lokale krefter i næringslivet. Gjennom målretta arbeid for å støtta opp om verdiane meistring, glede og samhald, skal Stord Fotball ro denne skuta ut i verda. Og då treng dei alle gode krefter med på laget, for dugnadsarbeidet står heilt sentralt for å lukkast. Stor takk til Stord Fotball for at dei ville sponsa denne episoden!

  5. Jul 20

    Lindy Hystad Strand - Når livet må levast no

    I denne episoden møter du Lindi Hystad Strand – dama bak Instagram-kontoen Frisk luft og livet. Ho fortel ope og ærleg om oppvekst med dysleksi, epilepsi og Tourettes syndrom, om dårleg sjølvbilete, tics, diagnosar og vegen fram til å akseptera seg sjølv. Men dette er også ei sterk historie om kjærleik, familie og det å stå som pårørande når mannen Eivind lever med alvorleg kreft. Lindi deler om kvifor ho vel å vera open, korleis natur, fjellturar, vinterbading, musikk og små eventyr gir kraft i kvardagen – og kvifor livet må levast no, ikkje ein gong seinare. Ei varm, sår og inspirerande samtale om å vera menneske midt i det vanskelege – med både latter, tårer og håp. Sponsor: Nest Design Nest Design hjelper deg med å sjå potensialet i heimen din og skape løysingar som kombinerer design, funksjonalitet og trivsel. Med bakgrunn som bygningskonstruktør og over 14 års erfaring frå arkitektbransjen, hjelper dei deg enten du skal byggja nytt, renovera eller ønskjer å få meir ut av bustaden du allereie har. Dei tilbyr rådgiving og prosjektering av nybygg, ombygging og renovering, og kan også hjelpe med interiørdesign, farge- og materialval, møblering, lysplanlegging og utforming av uteområde. Nest Design tilbyr dessutan bustadstyling – for deg som ønskjer ein meir funksjonell, harmonisk og heilskapleg heim, utan nødvendigvis å pussa opp eller kjøpa alt nytt. Dei ser moglegheitene i det du allereie har, optimaliserer romma og finn smarte løysingar som gjer kvardagen enklare og heimen endå trivelegare å bu i. Gjennom tett samarbeid finn de saman fram til løysingar som er tilpassa deg, familien din og måten de lever på – slik at heimen ikkje berre blir vakker å sjå på, men også god å leva i. Nest Design hjelper kundar både i Noreg og på Island. Les meir på nestdesign.no, og følg dei gjerne i sosiale medium.

  6. Jul 13

    Bård Inge Sørfonn - om livet som brannmann, småbrukar og evig optimist

    I denne episoden blir du kjend med Bård Inge Sørfonn, ein engasjert fitjarbu som er brannmann, småbrukar i Fitjarøyane, lokalpolitikar, friidrettstrenar og leiar på bedehuset. Bård Inge fortel om kvardagen i brannvesenet, sterke inntrykk frå utrykkingar, skogbrannar, lagspel, lyngsviing og kvifor lokalkunnskap kan vere heilt avgjerande når alarmen går. Du får òg gode og konkrete råd om branntryggleik heime, lading, røykvarslarar, grill og sløkkjeutstyr. I tillegg tek han oss med til Fodno, sauer, gamle traktorar, potetopptakar, naturopplevingar og engasjementet for Fitjar. Dette er ein episode om beredskap, bygdekjærleik, humor, dugnad og folk som stiller opp når det verkeleg gjeld. Sponsor: Fitjar Småbåt AS  Fitjar Småbåt AS – din serviceverkstad i Sunnhordland for båtar med utanbordsmotor. Hos Fitjar Småbåt får du hjelp med båt, motor, verkstad og båthotell. Dei har eiga serviceverkstad på Fitjar, og servicebil som kan ta oppdrag i heile Sunnhordland. Treng båten service, vinterlagring, opptak eller transport? Då kan Fitjar Småbåt både hente og bringe båten din til og frå verkstad eller vinteropplag. Fitjar Småbåt AS er autorisert Yamaha-forhandlar og autorisert Yamaha Marine motorverkstad.  Dei sel og utfører service på Yamaha-motorar, og tek også service på alle merke utanbordsmotorar.  Hos Fitjar Småbåt finn du òg sal av båtar frå Pioner, Steady, River og YAM gummibåter. Så skal båten klargjerast, motoren sjekkast, eller du treng ein trygg plass for vinterlagring – ta kontakt med Fitjar Småbåt AS. Les meir på fitjarbaat.no, eller søk dei opp på Facebook.

About

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

You Might Also Like