SunnhordlandPodden

Kjetil Fyllingen

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

  1. May 25

    Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

    Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv i sentrum. Aurora fortel om vegen frå marknadsføring og utelivsbransje til bruktbutikk, kvifor ho meiner Det Gule Hus er meir enn ein butikk, og korleis ho ønskjer å skapa ein møteplass der folk kan finna skattar, selja vidare det dei ikkje brukar – og kanskje få litt betre samvit for både lommebok og miljø. Me snakkar om sirkulær økonomi, kvalitet framfor bruk-og-kast, draumen om sykurs, barneavdeling og DJ-bås i butikken – og sjølvsagt om den store nyopninga 6. juni, med goodiebags, cupcakes og høge forventningar. Dette er ein episode om å våga å satse, om å heia på lokale initiativ, og om kvifor sentrum treng butikkar og møteplassar med personlegdom, fargar og folk som brenn for noko.  Dagens episode er sponsa av MOVA Stord Treningssenteret ligg sentralt til i enden av Heiane Storsenter, i andre etasje. Her finn du over 1300 kvadratmeter med treningsglede, og du kjem garantert til å finne ei treningsform som passar for deg. MOVA Stord heiar på at du skal trene på den måten du likar best – for det er det som gir størst effekt! På senteret finn du fleire store avdelingar med apparat og frivekter, i tillegg til eit stort utval kondisjonsapparat. Senteret har også ein stor og variert gruppetreningsplan, med alt frå sykkeltimar og styrketrening til Zumba og yoga. I høgsesongen kan du velje mellom 25 og 30 gruppetimar kvar veke. MOVA Stord er eit døgnope senter for medlemmene sine. Du kan velje mellom medlemskap med eller utan binding, og du kan også kjøpe korttidsmedlemskap. Heile sommaren blir det selt korttidsmedlemskap til ein rimeleg pris, og det kjem også kampanjar på medlemskap elles i løpet av sommaren. Du kan alltid ta kontakt med senteret dersom du treng litt ekstra hjelp til å kome deg opp og i gang. Alle som blir medlem, kan booke ein gratis «MOVA start»-time med personleg trenar. Senteret har også stort fokus på samhald og det sosiale. Dei har ei koseleg sofaavdeling der du kan få deg ein gratis kopp kaffi eller te om du ønskjer det. Er du interessert i å vite meir om MOVA Stord? Sjekk ut nettsida deira:https://www.mova.no/treningssenter/stord Du finn dei også på Facebook, Instagram og Snap: movastord24 Du kan kontakte dei på Messenger, Snap eller e-post:stord@mova.no

    36 min

About

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

You Might Also Like