Kva rolle bør leiken ha i skulen? Og no som «lekbasert læring» er komen inn i skulen – vert det praktisert slik det er meint? I denne podkast-episoden fortel professor Ingunn Størksen og førsteamanuensis Ragnhild Lenes om kva lekbasert læring eigentleg er, og om korleis fri leik og «veiledet leik» kan støtte born si læring, utvikling og trivsel. Du får også høyre meir om kvifor læraren sin kompetanse og aktive rolle er avgjerande for å skape gode leike- og læringsmiljø – og kva forskinga seier om effekten av lekbasert læring. Ingunn Størksen trekkjer også inn dei ferske PISA-resultata og peikar på kor viktig læring og kritisk tenking er i ei tid prega av mellom anna kunstig intelligens. Korleis kan skulen gi rom for leik og aktivitet, samtidig som born utviklar sine eigne ferdigheiter når det kjem til å lese, skrive, rekne og det å tenke kritisk? – Aktuelle lenkjer: https://www.utdanningsnytt.no/ingunn-storksen-lek-laering/skolestart-leken- er-ikke-gratis/494836 Ytterlege referansar: Størksen, I., Braak, D. ten, Breive, S., Lenes, R., Lunde, S., Carlsen, M., Erfjord, I., Hundeland, P. S., & Rege, M. (2024). Lekbasert læring: Ressursbok for barnehage, skole og SFO (1. utgave, Oppdatert versjon). Cappelen Damm akademisk. Lenes, R., Størksen, I., Ten Braak, D., & Lunde, S. (2026). Lekbasert læring – å støtte barns lek, læring og utvikling. Nordisk barnehageforskning, 23(2), 164–184. https://doi.org/10.23865/nbf.v23.872 Lenes, R., Lunde, S., Holth Mathiesen, I., & Størksen, I. (2026). Children’s experiences on social and emotional learning through various types of guided play. Frontiers in Developmental Psychology, 4, 1893790. https://doi.org/10.3389/fdpys.2026.1893790 Rege, M., Størksen, I., Solli, I. F., Kalil, A., McClelland, M. M., ten Braak, D., Lenes, R., Lunde, S., Breive, S., Carlsen, M., Erfjord, I., & Hundeland, P. S. (2024). The effects of a structured curriculum on preschool effectiveness: A field experiment. Journal of Human Resources, 59(2), 576–603. https://doi.org/10.3368/jhr.0220-10749R3 Transkripsjon av episoden